VM-blogg: Ei lang historie om nesten alt: VM, Argentina, Tyskland

maradona_1986_2972173b

Tekst Nils Henrik Smith

Ein skal vere skeptisk til det meste her i verda, og framfor alt skal ein vere skeptisk til såkalla etablerte sanningar. Dette gjeld i fotballen som elles i livet. Ei av fotballens aller mest etablerte sanningar, er det pseudofilosofiske visdomsordet om at ingenting vert historie raskare enn ein fotballkamp. Dette er ei sanning med så store modifikasjonar at ho knapt kan kallast ei sanning. Faktum er at visse fotballkampar varar evig. (Den som nektar å innsjå dette, har inga forståing for kva fotball faktisk er.) Årets VM-finale er ein slik kamp utan ende. I kveld, når Lionel Messi og Philip Lahm leiar mannskapane sine ut på mektige Maracana, er det for å halde fram ein kamp som tok til den 8. juni 1958 på det nybygde Malmö stadion i Malmø.

OddsPå den eine banehalvdelen sto dei regjerande verdsmeistrane Vest-Tyskland, klare til å forsvare tittelen dei hadde sikra seg fire år tidlegare etter å ha overvunne eit uovervinneleg lag, Ferenc Puskas´ magiske magyarar, i silregnet på Wankdorfstadion i Bern, og gjennom denne umoglege triumfen gjenoppretta noko av den nasjonale æra som var gått tapt under blodstenkte uår under nazismens jernhæl. På den andre banehalvdelen sto eit sør-amerikansk lag i gule drakter. Som ein vil skjøne, var dette laget ikkje Brasil, men tvert imot Argentina, som vart påtvinga skjenselen ved å måtte spele i erkerivalane sine fargar fordi dei hadde gløymt sine eigne drakter på hotellet (!) og såleis måtte stille i lånte fjør  – nærare bestemt dei kanarigule fjøra til dei lokale heltane IFK Malmö.

Kanskje var dette heilt tilfeldig. Kanskje var det symptomatisk for visse strukturelle veikskapar i argentinsk fotball på denne tida. For etter at laget kom heilt til finalen – kor dei tapte mot vertsnasjonen Uruguay – i det aller første VM i 1930, valde Argentina isolasjonen. Her vart La Nuestra – ein myteomspunnen, individorientert, ekstremt angrepsorientert spelestil – dyrka utan motførestellingar. Under den legendariske Guillermo Stabile, toppscorar i 1930-sluttspelet med åtte mål på fire kampar, vann dei Copa America sju gonger på tjue år, men Albiceleste hadde på dette tidspunktet ikkje delteke i VM på 24 år, og korleis den særmerkte argentinske stilen ville fungere i møte med lag frå andre kontinent og fotballkulturar, visste såleis eigentleg ingen.

Likevel: forventingane heime i Buenos Aires var enorme, og då Omar Corbatta scora den evige kampens første mål etter berre tre minutts spel, fekk draumane venger. Corbatta var eit typisk eksempel på La Nuestra sin romantiske stråleglans. Av utsjånad likna han ein dvergvokst Clark Gable; på banen var han meir uføreseieleg enn Garrincha; livsførselen hans ville få George Best til å likne ein sørlandsk legpredikant. Kort sagt: ein hjarteknusar. Men diverre for Argentina: uføreseieleg eleganse er ikkje alltid nok. Etter ein halvtime utlikna matchvinnaren frå 54-finalen, den store Helmut Rahn, og kort tid før pause tok Vest-Tyskland leiinga ved ein pur ung Uwe Seeler. Rahn la på til 3-1 ti minutt før slutt.

Corbatta og kameratane hans tusla slukøyra av banen. Trass i at høgrevingen frå Racing Avellaneda scora i tre kampar på rad, endte VM 58 i fiasko for Albiceleste: dei hamna sist i pulja og måtte reise heim til råtne tomatar og fotballideologisk krise. La Nuestra fekk banesåret og ein debatt om spelestil oppstod i Argentina som vedvarar til denne dag. Det vest-tyske laget, for sin del, lukkast ikkje i å forsvare tittelen: dei kom til semifinalen, men tapte for vertsnasjonen etter ei briljant førestelling frå ballgeniet Kurre Hamrin.  Men Vest-Tyskland var ikkje desto mindre etablert som ein av verdas leiande fotballnasjonar. For Argentina framsto vegen framleis uendeleg lang. Men den uendelege kampen var i gang, og 33 år seinare, i 1991, då Omar Corbatta – fattig, forfylla og forlaten av alle sine fire eks-koner – tok farvel med denne jammerdalen, hadde begge dei to siste VM-finalane vore spelt mellom nettopp desse to nasjonane.

Viss ein hadde fortalt dette til kven som helst mellom dei 51 000 tilskodarane som var tilstades på Villa Park i Birmingham 16. juli 1966, ville dei truleg rista vantru og sorgfylt på hovudet. Det var ein slik kamp som ingen – ikkje ein gong dei som spelte – kan hugse i ettertid. Argentina hadde teke eit endeleg oppgjer med La Nuestra og stilte med ein langt meir pragmatisk – somme vil seie kynisk – spelestil. Vest-Tyskland spelte i samsvar med vest-tysk fotball-logikk: VM er ei lang turnering, det gjeld å spare krefter når ein kan. 0-0. Begge lag  opplevde seinare den grenselause audmjukinga det er å tape for England. Argentina rauk i kvartfinalen etter ein famøs batalje der kapteinen Antonio Rattin vart utvist og den engelske landslagssjefen Alf Ramsey nekta spelarane sine å byte draktar med motstandarene etter kampen: ”Vi bytar ikkje draktar med dyr!” Vest-Tyskland kom heilt til finalen, og var det beste laget i det meste av kampen: ”Jo meir eg studerer 66-finalen”, sa dåverande West Ham-trenar Ron Greenwood mange år seinare, ”jo sikrare vert eg på at Vest-Tyskland kjem til å vinne”. Likevel: det var elevane til Greenwood som triumferte: i ekstraomgangane scora Geoff Hurst sitt vidgjetne ikkje-mål, slik at Bobby Moore kunne motta troféet frå dronning Elizabeth. På dødsleiet spurte ein russisk journalist den aserbadsjanske linjemannen Tofik Bakhramov om korleis han kunne vere heilt sikker på at denne ballen som aldri var inne, var inne, til kva Bakhramov visstnok skal ha svara: ”Stalingrad”. Sant eller berre godt funne på: både Vest-Tyskland og Argentina måtte – som England – med tida erkjenne at det var naudvendig å spele på heimebane for å nå finalen (igjen).

Ingen artikkel om VM er komplett utan foraktfylte ve-rop mot Fifa. Heller ikkje denne. Det dei skal hånast for her, er ganske enkelt det faktum at dei ikkje kan telje. Fifa påstår nemleg i sin uendelege dårskap at kveldens finale er det åttande VM-møtet mellom Argentina og Tyskland, men alle som er nokolunde interesserte i fotball veit sjølvsagt at det er det niande. 3. Juli 1974, framføre 53 000 menneske på Parkstadion i Gelsenkirchen, spelte nemleg Mario Kempes & co uavgjort 1-1 mot DDR. Fifa meiner at denne kampen ikkje skal reknast med, men kvifor dei meiner dette, kan dei ikkje forklare. Rett nok var det siste kamp i andre gruppespel – altså det som tilsvarar dagens kvartfinalar – og rett nok var begge lag alt utslått etter å ha tapt mot både Brasil og Nederland. Men kva så? Kampen vart spelt, uansett. Aust-tyskarane – som alt hadde oppnådd ein storslagen triumf med siger (1-0) over dei vest-tyske frendane i Hamburg  – tok leiinga ved fantomet frå Wismar, Joachim Streich, men Huracans René Houseman – lik den tidlegare omtalte Omar Corbatta ein gudbenåda høgreving som seinare, tragisk nok, drukna talentet sitt i alkohol, utlikna kort tid etter. DDR kvalifiserte seg aldri for VM igjen. Argentina erverva seg nyttig lærdom før turneringa på heimebane fire år seinare.

29. juni 1986 var det omsider klart for den fjerde kampen i den evige kampen. 114 000 tilskodarar tok plass på Azteca stadion, Mexico City.  Etter å ha dominert internasjonal fotball på første halvdel av 70-talet med kontrollert aggresjon og kraftfull eleganse, befann Vest-Tyskland seg på dette tidspunktet i ein teknisk-taktisk skuggedal – og frå ein nøytral ståstad var det truleg vanskeleg å avgjere om ein skulle vere litt imponert eller svært trist over at eit så begrensa, ja primitivt lag hadde lukkast i å spele seg fram til sjølvaste VM-finalen. Kontrasten mellom finalistane vart framfor alt tydeleg viss ein såg på kven som hadde æra av å bere drakt nummer 10. For Argentina: Diego Armando Maradona. Tidenes største spelar. For Vest-Tyskland: Felix Magath. Verdas treigaste mann.

Kampen vart hard og relativt jamn. Lothar Matthäus markerte Maradona. Etter tjue minutt hadde begge fått kvart sitt gule kort. Straks etter tok Argentina leiinga ved liberoen Jose Luis Brown. Stillinga heldt seg til pause, og tidleg i 2. omgang la poeten og filosofen Jorge Valdano på til 2-0. På dette tidspunktet såg det ut til at Argentina hadde full kontroll, men den som avskriv (Vest-)Tyskland, gjer det på eige ansvar. Den argentinske trenaren Carlos Bilardo hadde vore så nervøs for sitt eige lags evne til å forsvare seg mot vest-tyske dødballar at han, klokka fire om morgonen på finaledagen, kom styrtande inn på rommet til Oscar Ruggeri, rista han vaken og kravde svar på kven midtstoggaren skulle markere ved corner. ”Rummenigge!” svara ein noko forvirra Ruggeri. Svaret var korrekt. Men Rummenigge reduserte naturlegvis etter ein corner likevel. Kort tid etter utlikna Rudi Völler på tilnærma identisk vis. Det vert ofte påstått at Argentina anno 1986 var eit gjennomsnittleg lag, som triumferte kun takka vere genialiteten til Maradona. Men eit gjennomsnittleg lag ville kollapsa i ein slik situasjon. Dei gjorde ikkje det. Seks minutt før full tid spelte Diego ein briljant pasning til Jorge Burruchaga, som avgjorde til Argentina sin fordel. Den første finalen mellom dei to nasjonane endte med den første argentinske sigeren, medan den ulukkelege Franz Beckenbauer vart den første som tapte ein VM-finale både som spelar (1966) og trenar.

Fire år seinare fekk Beckenbauer hemn. 8. juli 1990 var det klart for finale på Olympiastadion i Roma. Denne gongen var det Argentina som hadde eit tungt, tregt og grinebitarsk lag som på nesten naturstridig vis hadde kjempa seg fram til den avgjerande kampen, medan Vest-Tyskland hadde imponert. Utan den suspenderte Claudio Canniggia vart Maradona sørgjeleg åleine, og i tillegg spelte Guido Buchwald ein praktkamp og nøytraliserte Diego fullstendig. Argentina gjorde det dei måtte: dei forsvarte seg med nebb og klør. Vest-Tyskland dominerte totalt, men fann ingen veg gjennom den argentinske forsvarsmuren. Halvvegs i 2. omgang lukkast det Jürgen Klinsmann å få Pedro Monzon utvist gjennom eit praktfullt svalestup, men framleis let ei avgjerd vente på seg. Under ein sjeldan visitt i det argentinske feltet, vart den kjederøykande liberoen Klaus Augenthaler lagt i bakken  av Sergio Goicoechea, men fekk merkverdig nok ikkje straffespark. Det gjorde derimot Rudi Völler, då han ti minutt før slutt lét seg falle i duell med Nestor Sensini. ”Ein geschenk” – ei gåvepakke, erklærte tidlegare kaptein og noverande kommentator Rummenigge. Ifølgje legenda hadde landslagssjefen peikt ut Matthäus som straffeskyttar, men av uklare årsaker takka kapteinen høfleg nei til denne æra. Dermed steig venstreback Andreas Brehme – som hadde slått begge hjørnesparka som førte til vest-tyske scoringar i 86-finalen – fram: han sendte eit hardt, lågt skot i nettet bak Goicoechea. Eit demoralisert Argentina hadde ingenting å svare med, og dermed vann Beckenbauer VM som trenar slik han hadde gjort det som spelar (74) – nett slik Mario Zagallo (58/70) hadde gjort det før han.

No gjekk det heile seksten år før dei to nasjonane støytte på kvarandre i VM-samanheng igjen: i løpet av denne tida hadde Tyskland gjenforeint seg med seg sjølv – noko som ifølgje Beckenbauer skulle gjere landslaget ”uslåeleg”. Men trass i at dei vann det uhyre skuffande Euro 96, med den tidlegare DDR-strategen Matthias Sammer som sin viktigaste spelar, hadde ikkje spådommen til Keisaren eigentleg slått til. Tvert om: tidleg på 2000-talet gjennomgjekk Tyskland si største fotballideologiske krise i moderne tid, og før VM på heimebane 2006 var stemninga svært nervøs. Stupekongen Klinsmann hadde teke over som trenar etter filmtalentet Völler, men den alltid solbrune kvasi-kaliforniaren sine lovnadar om å innføre moderne treningsmetodar vart møtt med ein viss skepsis.

Argentina, for sin del, var eit talentfullt, men noko identitetsforvirra lag, noko dei hadde vore heilt sidan den maradonaske æraen kom til sin uungåelege ende då det rotunde geniet vart kasta ut av USA-VM i 1994 pga ein såkalla positiv dopingprøve. Men no, under Jose Pekerman, som tre gonger hadde vunne VM-gull med U20-laget, var forventingane svært store. Laget hadde klassespelarar i alle ledd; dei fleste hadde kjent Pekerman og metodane hans sidan dei var ein neve store; som dirigent stilte den tidvis humørsjuke, men ikkje desto mindre overjordisk gåverike Juan Roman Riquelme; og på benken fanst ein lovande, venstrebeint gutunge ved namn Lionel Messi.

Begge lag tok seg enkelt til kvartfinalen. Tyskland var – til mange si overrasking – både entusiastiske og stabilt gode. Argentina var tidvis briljante. Esteban Cambiasso si scoring mot Serbia & Montenegro – resultatet av ein eksepsjonell manøver som involverte ni av ti utespelarar – vart av mange ekspertar framheva som den fremste kollektive prestasjonen i eit VM-sluttspel på fleire tiår. På Olympiastadion i Berlin dominerte det argentinske laget første omgang, og tok leiinga kort tid etter pause ved veteranen Roberto Ayala.  Men tjue minutt før slutt, på eit tidspunkt då alt lét til at Argentina hadde så god kontroll som det er mogleg å ha på ein fotballkamp, inntrefte katastrofen. Riquelme var i ferd med å gå tom for krefter, og medan Pekerman stod og funderte på kven han skulle erstatte playmakeren med, vart målvakt Roberto Abbondanzieri skada. Inn kom Leo Franco og den før nemnte Cambiasso, og straks gav eit paralysert argentinsk mannskap frå seg initiativet. Klinsmann tok ut ein ung Bastian Schweinsteiger til fordel for den gigantiske Tim Borowski, og Tyskland iverksette eit massivt luftangrep, som endte med at Miroslav Klose utlikna ti minutt før slutt. Ingen av laga lukkast å avgjere kampen i ekstraomgangane, og dermed var det klart for straffekonk. Då trekte Tysklands målvakt Jens Lehmann fram ein liten lapp han hadde gøymt i hansken, og synet av denne lappen var nok til å fullstendig psyke ut eit frå før nevrotisk argentinsk lag. Lehmann redda straffane til Ayala og Cambiasso, og Tyskland gjekk vidare til semifinalen, der dei tapte etter ein glimrande kamp mot det komande meisterlaget Italia. Argentina måtte halde fram si tilsynelatande endelause jakt på ein identitet som kunne gje suksess.

Viss dei innbilte seg at dei hadde funne denne i 2010, måtte dei tru om igjen. Etter å ha prøvd alt, prøvde Argentina alkymi: Maradona, mannen det i tjue år hadde mislukkast dei å erstatte som spelar, fekk jobben som landslagstrenar. Det var berre eitt problem: Maradona er diverre gal. Denne galskapen hadde sin bruksverdi på banen, men – føreseieleg nok – i langt mindre grad på benken. Diego vraka Javier Zanetti – den beste høgrebacken i Europa – frå troppen, men tok med den ubrukelege Ariel Garcé, fordi han hadde drøymt at dette var ein god idé. Han gav laget få eller ingen taktiske instruksjonar – ettersom han jo (i eigenskap av å vere eit geni) i liten grad hadde trengt slike sjølv. Osb. Ettersom Argentina trass alt hadde eit uhyre talentfullt lag – Messi hadde utvikla seg frå vidunderbarn til verdas beste spelar i dei fire åra som var gått sidan sist meisterskap – tok dei seg nok ein gong relativt enkelt til kvartfinalen (sjølv om dei fekk god hjelp av ein inkompetent dommartrio i åttedelsfinalen mot Mexico).

Tyskland, på si side, hadde fortsett framgongen under Klinsmann sin etterfølgjar Jogi Löw: dei hadde kome til finalen i Euro 2008, og Löw hadde deretter forynga laget ved å inkorporere talrike av dei spelarane som vann U21-EM i Sverige i 2009. Det tyske laget var dog noko eindimensjonalt: viss det lukkast dei å score eit tidleg mål – som mot England i åttedelsfinalen – kunne dei kontre kven som helst i senk. Viss ikkje, fann dei det vanskeleg å spele seg gjennom etablert forsvar. Ein klokare trenar enn Diego ville kanskje ha utnytta dette. Men på Cape Town Stadium i – wait for it – Cape Town – tok Thomas Müller ein Omar Corbatta og opna scoringsballet etter tre minutt. Ulikt Corbatta har Müller truleg ingen planar om å drikke seg i hel, og ulikt Argentina i 1958 hadde Tyskland anno 2010 på ingen måte tenkt å gje frå seg leiinga. Tvert om. Desorienterte Diego hadde ikkje den ringaste aning om kva han skulle gjere for å endre kampbiletet, og i andre omgang scora Klose to gonger. Når til og med den ikkje særskilt målfarlege høgrebacken Arne Friedrich fekk lov til å teikne seg på scoringslista, var fadesen komplett for Argentina. Tyskland kunne juble, men i semifinalen mot Spania vart dei straffa for sitt overdrivne fokus på kontringar, og tapte 1-0.

Slik er altså stoda før neste fase i den evige kampen. Ingen av laga har løfta VM-troféet sidan dei sist møttest i finalen i 1990. I kveld vert det ei endring på dét. Om kven som vinn, vågar eg ikkje å spå, men det som iallfall er sikkert, er at når dommaren bles for full tid, er kampen likevel ikkje over: Argentina – Tyskland held fram om fire år. Eller om åtte. Eller tolv. Eller trettito. Så lenge det finst noko som heiter VM i fotball, vil denne kampen vedvare, og det skal vi som elskar dette spelet, vere svært takksame for.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.