Mannen, myten og måljegaren – Eit møte med Jørn Andersen

Andersen-01

Et langt liv utenfor Norge, har gjort at Jørn Andersen kanskje ikke har fått den anerkjennelsen han fortjener i gamlelandet. Det ville Josimar gjøre noe med. Vi sendte Nils Henrik Smith til Salzburg. Her er hans rapport.

Tekst Nils Henrik Smith

Det første vi ser for minnets indre auge er ein lang, blond, flagrande manke. Vidare den djupraude drakta, med sine karakteristiske svarte diagonalstriper, sveipt stramt kring ein veltrent lekam. Elegant glid han over det grøne graset, lik ein fjording i fri dressur. Dette er slik vi vil hugse han, på hjørnet av sekstenmeteren, kvilelaust ventande på ein ball frå djupet, ein crossball frå venstre, kort sagt: ein sjanse, ein sjanse han vil omsetje i mål. Denne sesongen gjer han det ein gong, to gonger, fire gonger, åtte gonger, seksten gonger, ja, totalt atten gonger, inntil han ein dag står att åleine på toppen. Året er 1990, i løpet av sommaren vil Vest-Tyskland verte verdsmeister i fotball. I løpet av hausten vil Tyskland verte gjenforeint, og Franz Beckenbauer vil hevde at no som dei kan bruke alle dei store spelarane frå aust, vil det tyske landslaget vere uslåeleg i lang tid framover. Midt oppe i denne nasjonale maktdemonstrasjonen står han altså, ein 27-årig nordmann med isblå auge, triumferande, den første utanlandske toppscoraren i Bundesliga nokon gong. Han seier: «Den nordmannen som gjer dette etter meg, skal eg personleg ta i handa.» To og eit halvt tiår har gått, men framleis er handa hans utrykt. Framleis står han åleine, og vil truleg alltid gjere det. Men livsforteljinga hans består av så mykje meir enn ein jubelsesong og ein toppscorartittel. Det er ei forteljing som verken er fortald ofte eller grundig nok. Josimar har vitja Salzburg for å prate fortid, notid og framtid med Jørn Andersen.

Mozart overalt
Innflyginga til Wolfgang Amadeus Mozart Internasjonale Lufthamn må vere mellom dei vakraste i Europa. Flyet byrjar si nedstiging over dalføra i Oberbayern, og som i eit trollsyn openberrar seg eit grenselaust dramatisk landskap, ruvande, taggete tindar så langt auga kan sjå. Eg kjem frå eit grått og regntungt Berlin, men her kan eg glede meg over tjue varmegrader og ei sol som skin frå skyfri himmel, midt i november. I Salzburg er gatene reine, innbyggjarane velkledde og restaurantane mange og mondene. Ein skjønar intuitivt at dette er ein god stad å leve. Taxisjåføren som køyrer meg til hotellet er av den tause typen, noko som eigentleg passar meg utmerkt, ettersom å kunne tysk og å skjøne austerriksk er to heilt ulike ting. Undervegs gjennom byen noterer eg meg at ingen her ser nokon grunn til å leggje skjul på identiteten til Salzburgs store son. I tillegg til flyplassen er om lag halvparten av hotella oppkalla etter Mozart, ein kan vitje huset kor vesle Wolfgang Amadeus kom til verda og kor han komponerte sin første symfoni som seksåring. Elles prøver byen, med god grunn, å marknadsføre seg som eit romantisk alpeparadis. Sound of Music opp og i mente. Det er sentimentalt så det held, men det funkar, turistane kjem i strie straumar, året rundt. Men eg er ingen turist. Eg er her fordi eg har eit oppdrag å utføre, og det oppdraget gler eg meg til.

Eg møter Jørn Andersen på ein italiensk restaurant i utkanten av byen. Sidan eg som alltid er redd for å vere for seint ute, er eg som alltid for tidleg ute, og nyttar ventetida til å gå gjennom dei talrike spørsmåla eg ynskjer å stille legenden eg ventar på. Etter ti minutt skrid Jørn rakrygga inn i restauranten. Han strør om seg med italienske frasar, helsar på og smiler til dei tilsette, det er opplagt at han er ein velkjend og verdsett stamgjest. Det blonde håret er kortare no, men han er likevel umiddelbart attkjenneleg. Han ser godt ut. Han har levd i eksil i tretti år, og har auraen til ein ekte verdsborgar. Av og til, når han lener seg framover for å understreke eit viktig poeng, liknar han påfallande mykje på den fryktinngytande svenske skodespelaren Peter Stormare. Sett bort frå denne detaljen, er det dog ingenting som er det minste fryktinngytande ved Jørn Andersen.

Det er lunsjtid, vêret er framleis strålande, og vi får bord utandørs. Jørn bestiller flaskevatn og ein diger tallerken med alskens friterte godsaker frå havet. Eg noterer «ete blekksprut i Alpane» på lista over nye erfaringar. Før sjølve intervjuet tek til, åtvarar Jørn om at han «ikkje er så veldig god» til å hugse detaljar frå fortida. Men her skal det syne seg at han er litt for streng mot seg sjølv. Han er ikkje så veldig god til å hugse årstal og datoar. Til gjengjeld har han eit betydeleg talent som anekdoteforteljar. Og det er jo det viktigaste, iallfall frå mitt perspektiv. Årstal og datoar finst trass alt på Internett.

Leeds og Drillo
Bjørg Andersen var landslagsspelar i handball, deltok i tre verdsmeisterskap og vann tre utandørs NM-gull med Skjeberg på 1960-talet. Skjeberg er såleis i dobbel forstand Jørn sin moderklubb. Unge Andersen var ein entusiastisk og allsidig idrettsutøvar.

– Eg dreiv med mange idrettar i tillegg til fotball, seier han.

– Friidrett. Handball. Ishockey. Men eg kom fram til at fotball var det eg hadde mest lyst til, så det var det eg fokuserte på. Høgdehopp og sprint var spesialøvingane på friidrettsbanen, men tempo, spenst og gode morsgenar til tross, nektar Jørn for at han var noko handballtalent.

– På den tida var det ikkje så mykje fotball om vinteren, kanskje eit par gonger i veka, berre, så eg spelte handball i staden, i hall, det var enklare.

Han bestemte seg tidleg for å verte god i fotball. Gneisten vart tent då ein bande velfriserte unge menn kledd i kvitt kom til Sarpsborg i september 1970. Anført av ein kortvokst, dribleglad kar med mørke krøller hadde særpingane kvalifisert seg for Messeby-cupen dette året, men mot mektige Leeds United vart Egil Olsen to nummer for liten, og Peter Lorimer scora kampens einaste mål på Sarpsborg stadion. Jørn (7) var hekta.

– Som alle nordmenn vaks eg opp med engelsk fotball og etter at eg fekk sjå dei live i Sarpsborg, var det Leeds som vart laget mitt. Det var ei stor oppleving. Leeds vann 6-0 samanlagt og kom sidan heilt til finalen i turneringa, kor dei slo Juventus takka vere bortemålsregelen etter to uavgjorte kampar. Det var klubbens første europeiske trofe. Jørn følgte Don Revies menn i tippekamp etter tippekamp, men landet kor han enno ikkje visste at han skulle oppleve sine største augneblinkar som spelar, låg framleis skjult bak horisonten.

Då han var ti, gjekk han frå Skjeberg til Østsiden, og tilbrakte ungdomstida der. Han kom tidleg med på A-laget og fekk med seg to sesongar i tredjedivisjon før grønare beitemarker kalla i det Herrens år 1982. Å melde overgang til ein byrival er sjeldan uproblematisk nokon stad i fotballverda, men Jørn er klar på at for han og lagkameratane i Østsiden var det alltid eit mål å spele for FFK. Den første frå ein svært talentfull generasjon til å krysse Glomma var backen Lars Sørlie – som diverre gjekk bort i 2010, 47 år ung. Seinare kom Andersen og Åge Viggo Hansen. Idet Jørn nemner sistnemnte, kjem eg brått på noko eg noterte meg under førebuingane til denne samtalen, men som eg ærleg talt heilt hadde gløymt. «Åge Viggo Hansen, ja», seier eg kjekt: «skaffa ikkje du han proffkontrakt i Tyskland på den tida du spelte i Nürnberg?» Jørn ser på meg over solbrillene med eit svært forbausa blikk.

– Jøss, du er informert, du!, seier han, og eg kjenner meg så stolt over å vere informert at det er direkte latterleg, som om eg skulle ha vunne Kvitt eller dobbelt med «Jørn Andersens liv og virke» som emne.

– Åge og eg var gode vener, og han besøkte meg i Nürnberg etter at sesongen i Noreg var over. Han spurte om eg ikkje kunne finne ein tysk klubb han kunne trene med medan han var der, så eg ringte til presidenten i Bayreuth, som var i 2. Bundesliga den gongen. Etter at han hadde vore med på ei trening, sa trenaren at denne spelaren ville han ha, seier Jørn.

Proffeventyret til Hansen vart relativt kortvarig, men han fekk med seg ei handfull kampar på tysk nivå to, og etter at kontraktsperioden var over, gjorde han seg bemerka ved å sykle heim til Fredrikstad.

Målet alle hugsar
Men no er vi i ferd med å springe frå oss sjølv: Året er framleis 1982, og Jørn Andersen debuterer i førstedivisjon for FFK. Den første sesongen rykkar dei ned. Den andre sesongen rykkar dei opp. Den tredje sesongen vert ei bittersøt oppleving. Fotball-aristokratane frå Fredrikstad rykkar ned igjen. Til gjengjeld når dei cupfinalen kor dei møtar med-aristokratane frå Viking. FFK vinn Kongepokalen etter omkamp, Jørn scorar i begge kampane, men hamnar likevel i skuggen av lagkaptein Per Egil Ahlsen, som i den første kampen vartar opp med eit usannsynleg hardt og velplassert frispark frå usannsynleg langt hald. Landslagsmålvakt Erik Thorstvedt er sjanselaus.

– Eg hadde norsk radio på besøk sist veke, og dei spurte óg om det målet, seier Jørn.

– Det er tydeleg at det er det alle hugsar.

Cuptriumfens definerande augneblink tilhøyrte Ahlsen, men Jørn Andersen var like fullt ein nøkkelspelar både på vegen til og på Ullevaal, og cupmeister i ein alder av 21 år. FFK hadde rykka ned, men Jørn hadde styrkt sine personlege aksjar betrakteleg i løpet av sesongen. Han stod ved ein krossveg, og vegen han valde gjekk til landets hovudstad.

– Far min støtta meg og hjelpte meg mykje på den tida, seier han.

– Eg kunne gått frå Østsiden eitt år tidlegare enn eg gjorde, men far sa at eg skulle spele for dei ein sesong til, under føresetnad av at eg fekk fri overgang året etter. Då eg gjekk til Fredrikstad, fekk eg med i kontrakten at eg kunne gå gratis derfrå óg.

Dermed låg vegen open, og Jørn drog til Oslo – kor han hadde kome inn på Idrettshøgskulen – og signerte for regjerande seriemeister Vålerenga. Der skulle han erstatte den legendariske Pål Jacobsen, sjølvaste Mål-Pål, mannen som ein gong scora fem mål i landskamp mot sjølvaste Finland, og som returnerte til moderklubben HamKam ved sesongslutt 1984. Trenar i Vålerenga på denne tida var ein viss Olle Nordin, seinare kjent som «Nulle Nordin» etter at Sverige under hans leiing rauk ut av Italia 90 etter tre strake 1-2-tap. Men Nordin hadde internasjonal erfaring – han hadde mellom anna delteke i Argentina-VM i 1978 – og tilførte norsk fotball sårt tiltrengt profesjonalitet. «Eg kunne spørje Olle i februar om korleis treninga ville vere i juni», har tidlegare Enga-kaptein Lasse Eriksen uttalt. Jørn Andersen er også full av lovord:

– Olle Nordin var ein fin type. Han hjelpte meg til å oppfylle potensialet mitt. Og vi hadde eit veldig bra lag, for å seie det rett ut. Det var synd vi ikkje klarte å vinne noko med det laget, men eg vart toppscorar i serien, så eg tok iallfall ein privat tittel, seier han. Det veldig bra Vålerenga-laget anno 1985 besto, i tillegg til Jørn sjølv, mellom anna av Vidar Davidsen – som scora vinnarmålet då Noreg slo regjerande verdsmeister Italia i Lecce same haust – stortalentet Per Edmund Mordt – som fekk ei uhyre lovande karriere øydelagt av skadar og ein traumatiserande straffekonk-miss for IFK Göteborg i Serievinnarcupens semifinale mot Barcelona – samt i dag kjende TV-andlet som Bengt Eriksen og Jan Erik Aalbu. Dei vart nummer tre i serien og tapte cupfinalen, smerteleg nok mot erkerival Lillestrøm, for kven André Krogsæther skreiv seg inn i historiebøkene ved å score alle lagets fire finalemål. Men Andersen vart altså toppscorar i førstedivisjon med tjuetre mål, det høgaste talet sidan Odd Iversen herja som verst for Rosenborg i 60-åra.

Neste stopp Vest-Tyskland
Slikt vert lagt merke til, óg mellom blaserte direktørar frå proffklubbar på kontinentet. Fleire nederlandske klubbar skal ha synt konkret interesse, men Jørn ville helst prøve seg i ein større liga enn Æresdivisjonen, og det gjekk ikkje lang tid før sjansen baud seg. Nokre år tidlegare hadde nemleg ein ung bridge-entusiast frå Voss flytta til Tyskland for å studere økonomi, og det var gjennom sin lokale bridgeklubb at Rune Hauge knyta kontaktar i fotballmiljøet og etter kvart vart involvert i styre og stell i 1. FC Nürnberg. Det eine leia til det andre, og på eitt tidspunkt var Hauge faktisk assisterande manager i tradisjonsklubben frå Bayern. Vossingen var sjølvsagt óg godt orientert om fotballen i gamlelandet, og tipsa Der Club om ein lang, elegant, blond måljegar som skapte panikk i norske straffefelt. Følgjeleg sendte klubben ein speidar til Noreg, og i den første kampen kor denne speidaren var til stades, gjekk det så greitt at Herr Andersen aus Norwegen scora heile fire mål. Speidaren let seg, ikkje overraskande, imponere, og Jørn vart invitert til Nürnberg på prøvespel.

– Det var ein del norske spelarar i Bundesliga på den tida. Arne Larsen Økland, Kai Erik Herlovsen, Erik Thorstvedt, gode spelarar eg hadde vorte kjent med gjennom landslaget, men tyskarane tenkte framleis først og fremst på vesle Noreg som ein vinteridrettsnasjon, så dei ville ha meg nedover for å vise at eg var god nok, seier Jørn.
Prøvespelet gjekk greitt, og dermed var det tid for kontraktsforhandlingar. Jørn hadde ikkje hatt nokon agent før Nürnberg kom på banen, difor vart det praktiske kring overgangen handtert av ein ambisiøs advokat som på den tida var styremedlem i Vålerenga: Per. A Flod. For første gong vart unge Andersen gjenstand for ein overgangssum: For 200 000 D-Mark vart han Bundesligaspelar i oktober 1985. Nürnberg var nyopprykka denne sesongen, og var såleis venta å måtte kjempe hardt mot nedrykk, men samstundes hadde klubben eit ungt, lovande lag, med mellom andre den seinare verdsmeister Stefan Reuter og jernmannen Roland Grahammer – som begge, føreseieleg nok, seinare gjekk til Bayern München og feira talrike triumfar der. I tillegg fekk Jørn frå første stund gleda av å ha ein landsmann på laget:

– Bjørn Gulden var der då eg kom. Han hjelpte meg mykje, den første tida.

Og hjelp kunne han saktens trenge: Overgangen frå norsk amatørfotball til tysk proffliv var stor, kanskje meir utanfor enn på banen.

– Eg hadde hatt tysk på skulen, men du veit korleis det er… tysk valfag… eg måtte eigentleg byrje heilt på nytt. Eg gjekk på tysk-kurs, eg måtte jo det, og etter nokre månader forsto eg alt som vart sagt, og kunne sjølv seie frå om kva eg ville.

Gulden fekk etter kvart skadeproblem, reiste heim til Noreg og vart der ein del av det mest udødelege av alle udødelege lag, nemleg Brynelaget som vart cupmeistrar i 1987. (I dag er han administrerande direktør i Puma, og såleis ein mann med betydeleg makt i fotball-Europa, medan sønene Henrik – som denne hausten har vore på lån hjå Mjøndalen – Noah og Scott alle har gått gradene i ungdomsverksemda til 2. Bundesligaklubben Bochum.)

Andersen, derimot, vart verande. Han var fast på laget frå første stund og scora nokre viktige mål då klubben berga Bundesliga-plassen. Neste sesong gjekk det endå betre. Spelarar som Andy Köpke – Tysklands førstemålvakt i VM så seint som 1998 – og Anders Giske kom inn. Sistnemnte, som hadde returnert til Nürnberg etter eit intermezzo i Bayer Leverkusen, vart sågar ny lagkaptein. Det var ikkje mange utanlandske kapteinar i Bundesliga på denne tida, men:

– Anders var ein leiartype, seier Jørn.

– Og han var god. Då får du respekt i Tyskland.

Sesongen 1986/87 vart Giske sågar teken ut på Årets Lag i det svært kravstore fotballmagasinet Kicker. Nürnberg avslutta sesongen på ein trygg og tilfredstillande plass midt på tabellen. Spydspissen Andersen scora 14 mål, og beviste med dét sin klasse i ein av verdas største fotballnasjonar. Fleire andre norske Bundesligaspelarar frå denne perioden har fortalt om einsemd og frustrasjon, om vanskar med å tilpasse seg det distanserte, tidvis kalde og harde klimaet i tysk toppfotball, men Jørn, verdsborgaren in spe, treivst utmerkt:

– Nürnberg var ein familieklubb. Miljøet var godt, eg kjende meg velkomen. Det var ikkje som i Noreg, sjølvsagt, men trivsel har óg ein del å gjere med kven du sjølv er som person. Du må ta litt igjen, vise kven du er. Og når du har vist at du er god nok, vert det enklare.

Austria-sjefen samlar sine troppar kring seg på treningsfeltet utanfor Salzburg.
Austria-sjefen samlar sine troppar kring seg på treningsfeltet utanfor Salzburg.

Otto på tråden
Han hadde for lengst vist at han var god nok, men i løpet av den tredje sesongen på Städtisches Stadion tok tvilen bustad i han. Nürnberg vart nr. 5, klubbens beste prestasjon sidan ligatittelen i 1968, men Jørn kjende seg likevel ikkje heilt tilfreds. Trass i dei trygge omgjevnadene, følte han ikkje lenger at han kunne utvikle seg vidare som spelar i klubben, og byrja tenke på ein overgang.

– Eg var litt eldre, litt meir moden, og følte at det var på tide å ta det neste steget i karriera.
Året før hadde Werder Bremen seld målmaskinen Rudi Völler til Roma, og trenar Otto Rehhagel var ganske så hypp på å erstatte den raudhåra krølltoppen med ein blond nordmann.

– Eg hadde Rehhagel på tråden fleire gonger, seier Jørn, og blunkar bak solbrillene, som om det å vere den føretrekte erstattaren til ein mann som noterte seg for 47 mål på 90 landskampar for (Vest-)Tyskland, som scora i ein VM-finale og skaffa – filma seg til? – det avgjerande straffesparket i ein annan, var ei heilt kvardagsleg sak.

– Otto ville svært gjerne at eg skulle kome til Bremen, men det var fleire interesserte klubbar, og til sist valde eg Eintracht Frankfurt i staden. Dei hadde vunne cupen året før og skulle spele i Europa, det var viktig for meg. Totalt sett meinte eg at tilbodet frå Frankfurt var det beste, sportsleg og finansielt.

Laget frå finanshovudstaden såg svært sterkt ut på papiret: Målvakten Uli Stein hadde vunne Europacupen med Hamburg og var med i den vest-tyske VM-troppen i Mexico 1986. Manfred Binz var ein ung og lovande libero. Kapteinen Charly Körbel var for lengst ei levande legende på Waldstadion – då han omsider la opp i 1991, hadde han spelt 602 Bundesligakampar, ein rekord som står til denne dag. Framover på banen var den ungarske playmakeren Lajos Detari fansens store favoritt. Med eit slikt mannskap hadde Jørns nye klubb grunn til å ha ambisjonar, både på heimebane og i Europa. Men akk! Den første sesongen gjekk det meste på tverke. Olympiakos la inn eit bod på Detari som Eintracht-leiinga ikkje kunne seie nei til – 17.4 millionar D-mark, tidenes til då største overgangssum i tysk fotball – og ungararen fór til Hellas. I Cupvinnarcupen tapte dei kvartfinalen mot regjerande meister Mechelen, og i Bundesliga kjempa dei mot nedrykk heile sesongen. Trenar Karl-Heinz Feldkamp fekk sparken etter åtte serierundar og vart erstatta av den erfarne ungararen Pál Czernai, som mellom anna hadde to ligatitlar med Bayern München på CVen. Czernai vart sitjande i heile ni serierundar før han fekk reisepass i vinterpausen. Inn kom Jörg Berger, ein tidlegare Lokomotiv Leipzig-spiss som i 1979 hadde begått republikkflukt frå DDR medan han var i Jugoslavia som trenar for det aust-tyske U21-landslaget. Berger styrte Frankfurt-skuta inn til play-off-plass. Der møtte dei Saarbrücken, for kven ein ung, atletisk afrikanar som seinare skulle kome til å spele ei sentral rolle i både Eintracht og Jørn si historie scora to bemerkelsesverdige mål, men det var ikkje nok: Dei raud-svarte vann 3-2 samanlagt, og berga Bundesliga-plassen med knappast mogleg margin.

– Det var ein tung sesong. Vi hadde eit godt lag, men spelte dårleg, var i nedrykksstriden heile sesongen, og eg klarte ikkje å score dei måla eg håpa å score. Det var først mot slutten, då Jörg Berger kom inn, at vi fekk litt stabilitet og disiplin i laget.

Torjägerkanone
Sommaren 1989 var det dog ikkje særskilt mykje som tyda på at Herr Andersen sto på terskelen til sitt Annus Mirabilis. Han var ein spiss som hadde scora lite for eit lag som hadde feilet kapitalt. Men 1989/90 skulle vise seg å verte eit av dei største jubelåra i europeisk historie – året då Jernteppet rakna og kommunist-regima i Aust-Europa gjekk i oppløysing på løpande band. Den sjuande oktober sto Michail Gorbatchov på ein balkong langs Karl-Marx-Allée i Aust-Berlin og sa: «Den som kjem for seint, vert straffa av historia.» Utsegna vart i Vesten tolka som eit uttrykk for mistillit til Erich Honecker, og frå den dagen av syntest DDR-statens undergang å vere uunngåeleg. Fire veker seinare fall Muren. Men Jørn Andersen frå Skjeberg, Norwegen, kom sjeldan for seint denne sesongen, og snarare enn å verte straffa av historia, skapte han si eiga historie. Medan eit forbløffa Europa var vitne til dei største politiske omveltingane sidan den andre verdskrigens slutt, gjorde Jørn ganske enkelt jobben sin betre enn nokon annan Bundesliga-angripar: Han scora mål, i kamp etter kamp. Korleis kunne ei slik forvandling over natta vere mogleg?

– Jörg Berger fekk sjansen til å forme laget under sesongoppkøyringa. Han var oppteken av at vi skulle vere sterke fysisk, og det tente eg på. Dessutan fekk vi inn Uwe Bein frå Hamburg, som var svært dyktig til å slå den siste pasninga. Han var viktig for meg, seier Jørn.

Så god var Bein at landslagssjef Franz Beckenbauer tok han med til Italia 90, kor han starta fire av dei fem første kampane under Vest-Tysklands triumftog til VM-tittelen, men ein skade han pådrog seg under kvartfinalen mot Tsjekkoslovakia gjorde at han gjekk glipp av semifinalen og finalen. Eintracht Frankfurt vart nr. 3 i Bundesliga, og Jørn Andersen vart, med sine 18 mål, tidenes første utanlandske toppscorar i tysk fotball. Denne prestasjonen er vanskeleg å overvurdere. Rett nok kan ein innvende at dei to beste vest-tyske spissane – Rudi Völler (Roma) og Jürgen Klinsmann (Inter) – tente sine lire i Serie A på denne tida, men Jørn slo rutinerte måljegarar som Stefan Kuntz (Kaiserslautern), Fritz Walter (Stuttgart) og Roland Wohlfarth (Bayern München) på si ferd mot tittelen som Torjägerkanone. Stolt sto han på toppen, men det fanst framleis ein endå høgare topp han hadde tatt mål av seg til å bestige.

Draumen om Italia
Unge lesarar vil truleg ha problem med å fatte kor totalt dominerande Serie A var i det europeiske fotball-landskapet på denne tida. Sesongen 1989/90 vann italienske lag samtlege europeiske klubbturneringar. Milan forsvarte Serievinnarcup-troféet. Sampdoria stakk av med Cupvinnarcupen. Og Juventus vann Uefa-cupen etter finalesiger over Fiorentina. Men på heimebane var det Napoli – med Alemão, Careca og, sjølvsagt, Diego Armando Maradona himself – som sikra seg sin andre Scudetto.

Serie A anno 1990 var etter alle solemerke den sterkaste nasjonale ligaen nokon stad, nokon gong, og ettersom kvar klubb kun hadde lov til å ha tre utanlandske spelarar i stallen, var det berre dei aller beste som fekk kome. At Bundesliga-toppscorar Jørn Andersen skulle få slutte seg til denne glamorøse eliten var nokon alle – ikkje minst hovudpersonen sjølv – kjende seg sikre på.

– Det var eigentleg klart. Det var fleire interesserte klubbar, mellom anna Bologna, men det var Genoa som var mest aktuelt, eg reiste til og med til Milano to gonger for å forhandle om kontrakten, seier Jørn.

Genoa ville ha ein fysisk sterk spiss, og ein fysisk sterk spiss var kva Jørn Andersen var, men diverre: Det verdsmeisterskapet som var slik ein fest for tysk fotball, vart ei ulukke for tysk fotballs toppscorar. Trenar i Genoa på denne tida var nemleg ingen ringjare enn Osvaldo Bagnoli, mannen med John Lennon-capsen som hadde leia vesle Verona – med mellom anna Preben Elkjær på laget – til tidenes mest usannlege Serie A-tittel i 1985. Under VM fekk Bagnoli auge på ein storvokst tsjekkar ved namn Tómas Skuhravý, som noterte seg for fem mål i turneringa – inkludert eit hat-trick med hovudet mot Costa Rica – og dermed gløymte Bagnoli brått heile Jørn Andersen.

– Det var… trist, seier Jørn, medan eit drag av melankoli fér over andletet hans.

– Målet mitt var å spele i Italia, og eg var sikker på at det skulle ordne seg. Men slik er fotballen. Mykje er tilfeldig. Eg likar best å tenke på alt det eg fekk til i spelarkarriera, ikkje det som gjekk gale. Men akkurat det med Italia… Det var skuffande. Det var synd.

Jørn hadde dog ikkje anna val enn å riste nedturen av seg. Han hadde for lengst informert Eintracht om at han ynskja å ta eit nytt steg i karriera: Følgjeleg hadde klubben byrja jakta på ein erstattar, og dermed var Andersen på klubbjakt igjen. Valet fall, kan hende noko overraskande, på Fortuna Düsseldorf.

– Dei hadde hatt ein bra sesong året før, og eg fekk tilbod om ein svært god kontrakt, seier Jørn.

I tillegg til Andersen signerte Fortuna óg Tomas Allofs, noko som tyda at klubben hadde dei to seinaste toppscorarane i Bundesliga på laget: Like fullt sleit dei med å score mål.
– Laget spelte annleis enn eg var van med frå Frankfurt. Vi fekk det ikkje til å stemme, og sjølvtilliten forsvann.

Mannen som hadde scora atten mål året i førevegen, måtte nøye seg med fire i debutsesongen i Düsseldorf. Trass i at verken trivselen eller formen var på topp, vart han like fullt verande, men i september 1991 ringte telefonen, og hellet snudde igjen.

– Eintracht ville ha meg attende. Då vart eg glad, seier Jørn.

Eit av mange møte med Bayern München på Olympiastadion.
Eit av mange møte med Bayern München på Olympiastadion.

Stor sesong, tung avslutning
I løpet av det dryge året han hadde vore borte, hadde Frankfurt rusta yttarlegare opp på spelarsida. Mellom dei nye andleta på treningsfeltet var både verdsmeister Andy Möller og den unge afrikanaren som hadde imponert for Saarbrücken i dei før nemnte play-off-kampane i 1989: Anthony Yeboah hadde ikkje hatt nokon enkel debutsesong – han scora kun åtte mål og vart dessutan utsett for rasisme frå tribuneplass – men då Andersen returnerte til klubben, fann Yeboah scoringsformen. Han noterte seg for femten fulltreffarar sesongen 1991/92, og dei to sesongane etter det var han Bundesligaens målkonge.

– Då eg kom inn i garderoben og såg kven som sat der, følte eg at eg var komen heim, seier Jørn. Comebacket gjekk, for å seie det mildt, ganske greitt: Bayern på bortebane. Olympiastadion i München. Eintracht klarte uavgjort. Andersen scora to. Jörg Berger var borte, erstatta av den eksentriske jugoslaven Dragoslav «Steppi» Stepanovic: Laget kjempa i toppen heile sesongen, ein sesong som skulle verte avslutta på mest mogleg dramatisk og hjarteskjerande vis.

Med to kampar igjen å spele, kunne Eintracht i praksis sikre seg sin første Bundesligatittel med heimesiger mot Werder Bremen. Rune Bratseth & Co. hadde vunne Cupvinnarcupen – mot Monaco, i Lisboa – nokre dagar i førevegen. Dét var det sjølvsagt grunn til å feire, og feire hadde dei gjort.

– Eg trur alle framleis var fulle då kampen tok til, seier Jørn.

Rune Bratseth var ikkje full, vel? spør eg.

– Nei, kanskje han var den einaste som var edru.

Otto Rehhagels festglade menn tok like fullt kjapt leiinga 2-0. Jørn Andersen starta, til si eiga forundring, kampen på benken, men kom inn og scora det eine målet då Eintracht kom tilbake og klarte uavgjort.

– Det var litt merkeleg. Eg hadde vore fast på laget heile sesongen, men plutseleg bestemte Steppi at eg skulle sitje på benken i ein avgjerande kamp. Men det var sånn han var, han ville alltid finne på noko nytt, noko uventa, han var spesiell.

Skuffa som dei var over å ha mislukkast i å sikre seriegullet framfor auga til sine eigne fans, såg det framleis ganske ljost ut: Før siste serierunde sto tre lag – Frankfurt, Stuttgart og Dortmund – alle med femti poeng, men førstnemnte hadde overlegent best målforskjell, og alt dei trong å gjere for å ta heim tittelen, var såleis å vinne borte mot Hansa Rostock, som alt hadde rykka ned. Men ingenting gjekk etter planen.

– Vi reiste opp til Rostock to dagar før kampen, i lag med koner og barn. Det var ein familieutflukt!

Kanskje tenkte Steppi at denne ferieaktige tilnærming til kampen ville få spelarane til å senke skuldrene og sleppe seg laus, men viss det var dette som var planen, slo den sørgjeleg feil. Eintracht hadde dessutan teke med seg champagne i kassevis – noko som, naturleg nok, provoserte Hansa-spelarane – samt bestilt festlokale heime i Frankfurt. Jørn ristar på hovudet ved tanken:

– Det skulle dei sjølvsagt aldri ha gjort, seier han.

Overmot har ein tendens til å straffe seg, i fotballen som i livet. På Ostseestadion var han på benken igjen, og måtte frustrert vere vitne til at laget sleit tungt mot miniputtane frå det tidlegare DDR.

– Det var Steppi. Han ville overraske, vere sensasjonell. Eg meiner framleis at han har ein god del av skulda for at vi tapte det seriegullet, seier han.
Etter 77 minutts spel inntrefte den mest dramatiske hendinga i Frankfurts fotballhistorie. Stillinga var 1-1, tittelen var på veg til Dortmund, og Ralf Weber gjekk over ende i Rostock sitt straffefelt. «Straffe! Straffe til Eintracht!» ropte reportaren i tysk radio. Men dommar Alfons Berg vinka spelet vidare. Ni minutt seinare scora den i dobbel forstand store Guido Buchwald mot Bayer Leverkusen, og Stuttgart vann ligagullet på målforskjell. For å gjere audmjukinga total, tapte sigersikre Frankfurt etter ei Hansa-scoring tre minutt på overtid.

– Eg lurar på kva Dortmund eller Stuttgart hadde lova dei for å slå oss, seier Jørn med glimt i auga:

– Ein kasse øl, kanskje?

Då dommar Berg fekk sjå straffesituasjonen på TV etter kampslutt, sa han: «Ja, eg skulle blåst. Det var eit klart straffespark. Eg har medynk med Frankfurt.» Men all medynk i verda kunne ikkje lindre smerta ved det ein i Hessens hovudstad framleis kallar «Das Trauma von Rostock».

«Lebbe geh weider» – livet går vidare – sa Stepanovic på pressekonferansen. Og livet gjekk vidare, men Jørn Andersen si Bundesliga-karriere var no på hell.

Rett aust
Året etter traumaet i Rostock overtok Klaus Toppmöller som Eintracht-sjef, og han gjorde det straks klart at nordmannen ikkje var ein del av framtidsplanane hans.

– Det var første gong i karriera eg ikkje hadde 100% tillit frå trenaren. Difor slo eg til då eg fekk tilbod frå Hamburg. Men eigentleg skjedde den overgangen på feil premiss.

Premisset var at Jørn og det unge Hamburg-talentet Karsten Bäron hadde same agent, og Bäron var aktuell for Bayern München. Men etter at Jørn hadde signert kontrakten, ringte agenten og fortalte at Bäron hadde bestemt seg for å ikkje gå til Bayern likevel! Bäron var ille plaga av skadar – ein kneskade tvang han til å leggje opp som 27-åring – og Andersen fekk såleis ein god del speletid, men Hamburg-laget var middelmåtig, og han fann det vanskeleg å prestere på sitt gamle nivå.

– Det var eigentleg litt trist, seier han. Etter eit utilfredstillande år i den nordlege hamnebyen, vart han gjenstand for smigrande merksemd frå ein gammal tysk landslagshelt. Horst Hrubesch vart matchvinnar då Vest-Tyskland slo Belgia i finalen i 1980-EM, og var dessutan tanksenter på det store Hamburg-laget som vann Serievinnarcupen i 1983. No hadde han fått i oppdrag å redde Dynamo Dresden frå nedrykk, og håpa at Jørn Andersen var mannen som kunne gjere denne tilsynelatande umoglege oppgåva mogleg.

– Han maste i vekevis. Vi – familien – ville eigentleg ikkje flytte til Aust-Tyskland, men han ville ikkje gje seg, og til slutt lét eg meg overtale.

Det skulle han ikkje ha gjort. Etter to kampar og to tap fekk Hrubesch sparken, og den nye, aust-tyske trenaren sette sporenstreks alle dei vestlege spelarane ut av laget.

– Det er kanskje annleis no, seier Jørn, men den gongen var forskjellen mellom aust og vest svært stor. Heilt ulik mentalitet. Det var vanskeleg.

Dresden rykka naturlegvis ned, klubben vart slått konkurs, og med det var Jørn Andersens nesten ti år lange karriere i Bundesliga over. Han var 32. Den sommaren fór han til Sveits, og signerte for FC Zürich. Der fekk han oppleve ei lang og verdig avslutting på spelarkarriera, og starten på ei ny karriere.

Tid for trening
Vi har prata i snart to timar, og Jørn ser på si klokke. Det er tid for å dra til treningsfeltet, som ligg eit kvarters køyretur utanfor sjølve Salzburg. Austria, kor Andersen som kjent er sjef, delar fasilitetane med den lokale toppserieklubben SV Grödig. Austerrike er kanskje ikkje Europas mest glamorøse fotballnasjon, men det kan ikkje vere mange andre lag som trenar i fagrare omgjevnader. Sola skin, trekronene glitrar i raudt og gult, alpetoppane ruvar. Graset er framleis grønt. Eg står på sidelinja og ser spelarane varme opp med ein klassisk rondo. Det finst ikkje mange namn her som den gjennomsnittlege norske fotballentusiast vil kunne nikke attkjennande til, sett bort frå den gamle Stabæk-helten Somen Tchoyi, eldre no, men framleis opplagt ein spelar av høg klasse på dette nivået. Etter rondoen samlar trenar Andersen sine troppar kring seg. «Fokusieren, konzentrieren», seier han. Det er tid for ein meir konvensjonell spelsekvens, rett nok på ein bane som er redusert til rommet mellom dei to sekstenmetrane. Spelarane ropar slikt som fotballspelarar har for vane: «Ja, ja, ja! Weiter, weiter, weiter!» Andersen – fokusert og konsentrert – står rakrygga, med armane i kross over brystet. Av og til kjem han med eit iltert utrop: «Eg vil sjå avsluttingar! Helst i dag!»

Ved sidan av treningsbanen finst ein tårnruin som fungerer som klatrevegg. Ei ung jente rappellerer nedover veggen. Sola er på veg ned bak fjelltoppane. Dei tjue varmegradene vert brått redusert til det halve. Eg kneppar jakka. Det er landslagspause, og i morgon skal Austria til Tyskland for å spele treningskamp mot FC Augsburg.

– Det vert nyttig for oss, seier Jørn når vi er på veg attende til byen etter endt trening. Store delar av bilturen går med til telefonsamtalar: Morgondagens transport nordover må organiserast. På dette nivået er det naudvendig at hovudtrenaren tek medansvar for det meste. Men Jørn Andersen klagar ikkje. Tvert om. Humøret er utmerkt. Vi køyrer til ein ny italiensk restaurant, i sentrum av Salzburg denne gong, og nok ein gong vert Austria-sjefen motteken som ein høgst velkomen stamgjest. Nok ein gong flyt dei italienske frasane fritt – Jørn plukka opp ein god del av språket då han spelte for Lugano og Locarno, i den italienske delen av Sveits.

– Det var ei fin tid. I Sveits vart eg respektert som tidlegare Bundesliga-spelar, dei sette pris på den erfaringa.

Vi finn eit roleg hjørne, bestiller ei flaske vin, og held fram samtalen.

Frå måljegar til midtstoppar
Idet vinen – Jørn sitt utmerkte val – vert fylt i glasa våre, slår det meg brått at det er ein ting eg heilt har gløymt å spørje om: Landslagskarriera. Jørn spelte 27 landskampar og scora 5 mål for Noreg, men den siste kampen kom så tidleg som i 1990, då han framleis var regjerande toppscorar i Bundesliga og, iallfall i teorien, sto på høgda av si makt. Han spelte under Tor Røste Fossen, Tord Grip og Ingvar Stadheim, og var med på minneverdige triumfar over regjerande verdsmeister Italia (1985), komande verdsmeister Argentina (1986) og Frankrike (1988), men opplevde ingen varige framgongar med flaget på brystet. Ironisk nok var det den andre av Østsidens to store søner som sende han i landslagseksil. Men Jørn er ikkje bitter.

– I ettertid, etter at eg sjølv vart trenar, har det gått opp for meg at ikkje alle spelarar passar under alle trenarar. Eg spelte mange kampar under Drillo på U-landslaget, men då han tok over som A-landslagssjef var han ikkje så ille imponert. Det var litt synd at eg ikkje fekk med meg eit sluttspel, kanskje, men då Noreg kvalifiserte seg til VM i 1994, hadde eg alt tatt tysk pass, for eg skjøna at eg ikkje hadde sjans til å kome med slik landslaget spelte då, seier Jørn.

Maten kjem på bordet, og vi lét emnet fare. Det finst, trass alt, mykje anna å tale om.

Ein ting ikkje alle er klar over, er at den notoriske måljegaren Jørn Andersen avslutta si karriere som midtstoppar.

– Eg hadde jo alltid vore spiss, og visste korleis spissar tenkjer. Ved å skifte posisjon til midtstoppar forlenga eg karriera med fleire år, seier han nøgd. Det var óg i Sveits idéen om å verte trenar slo rot i han. Frå Lugano og Locarno var vegen kort til nord-italienske fotballmetropolar som Milano og Torino. Dit reiste han gjerne for å sjå Inter, Milan og Juventus i aksjon, både i kamp og trening.

– Milanello (treningsfeltet til Milan) var eigentleg stengt for publikum, men eg sat på med Steinar Nilsen, som spelte for Milan då, og vi køyrte rett inn, hugsar han.

Det første steget på trenarstigen var som spelande assistent-trenar for Locarno i sveitsisk tredjedivisjon. Då han la støvlane på hylla i 2001, i ein alder av 38, fekk han jobb som ungdomstrenar i Luzern, kor Raimondo Ponte, gamlesjefen hans frå Zürich, var hovudtrenar. Den jobben kombinerte han med Uefa sitt trenarkurs i Köln, og i 2003 fekk han sjansen til å prøve seg som hovudtrenar i den dåverande 2. Bundesligaklubben Rot-Weiss Oberhausen.

– Den første sesongen gjekk utruleg bra. Ingen venta seg noko av oss, men vi kjempa i toppen heile tida og burde ha rykka opp.
Men? Andersen vert mørk i blikket.

– Eg vil ikkje prate for mykje om det, for eg kan ikkje bevise noko. Men det skjedde mykje rart i fleire av kampane våre mot slutten av sesongen, seier Jørn.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne kor han vil hen, og med tanke på seinare avsløringar av kampfiksing i tysk fotball i denne perioden er det óg fullt mogleg å tru at han kan ha rett i sine mistankar. Oberhausen avslutta sesongen på 5. plass, eitt fattig poeng frå opprykk. Ein unik sjanse var, under dunkle omstende, spolert.

Löw for Jørn
Jørn kunne likevel tatt steget opp i Bundesliga den sommaren:

– Hannover ville ha meg – som erstattar for Ralf Rangnick, som gjekk til Schalke – men Oberhausen sa nei. Presidenten ville ha ei mengd pengar for å la meg gå, så det vart ikkje noko av, seier Jørn.

Klubben hadde oppnådd si beste plassering sidan nedrykket frå Bundesliga i 1973, men etter ei noko skuffande innleiing på sesongen 04/05, fekk trenar Andersen like fullt sparken. Det hjelpte ikkje det grann, og Oberhausen rykka ned. Neste stopp var den gamle storklubben Borussia Mönchengladbach, kor han var assistent under Horst Köppel. Sesongen 2005/06 vart laget nr. 10 i Bundesliga, klubbens beste innsats på ti år. Sommaren 2006 var det som kjent VM-sluttspel i Tyskland. Die Mannschaft hadde gjort ein elendig innsats i EM to år før, og mange var engstelege for at laget skulle gjere seg til lått på heimebane, men under Jürgen Klinsmann spelte Michael Ballack & Co. offensiv, fartsfylt fotball og endte på ein høgst tilfredstillande tredjeplass. Då Klinsi overraskande valde å trekke seg etter bronsefinalesigeren over Portugal, vart Joachim Löw utpeikt som ny landslagssjef. Og Jogi ville ha med seg Jørn Andersen som assistent. Dette vart dog ikkje noko av, visstnok fordi Andersen ikkje var tysk. Men det var han jo! Han hadde vore tysk statsborgar sidan 1993.

– Det stemmer at eg var aktuell, men i Tyskland opptrer ofte assistenten mykje i media, og seinare, når eg prata med Andy Köpke og Olivier Bierhoff (som begge var sentrale medlemmer av Löw sitt støtteapparat), vart det sagt at nokon i Forbundet meinte at det var problematisk at eg ikkje prata heilt flytande tysk. Eg veit ikkje, men jobben gjekk uansett til Hansi Flick i staden, seier Jørn.

(Merknad: Andersen talar naturlegvis heilt utmerkt tysk, men det er mogleg at ein og annan tjukk Austfold-L snik seg inn i uttalen her og der.)

Jørn og Jürgen
I november 2007 vart han tilsett som hovudtrenar i Kickers Offenbach, men makta ikkje å redde klubben frå nedrykk til nivå tre. Like fullt var han framleis ein velsett trenar, og før sesongen 08/09 fekk han ein ny sjanse til å bevise sine kvalitetar, då han overtok FC Mainz etter sin gode ven Jürgen Klopp, som var på veg til Borussia Dortmund og status som tysk fotballs største kulthelt. Under den noverande Liverpool-sjefen hadde Mainz gått glipp av av opprykk til Bundesliga med knapp margin. Under Andersen var marginane på deira side. Ein skulle tru at ein trenar som nett har sikra opprykk sit trygt i stolen, men fem dagar før han omsider skulle debutere som sjef på øvste nivå, fekk han, utruleg nok, sparken. Konfliktar mellom trenar og sportsdirektør er, for å seie det svært mildt, ikkje noko uvanleg fenomen i tysk fotball, og dette vart Jørns bane i Mainz.

– Eg meiner framleis at Christian Heidel øydela trenarkarriera mi. Det var trist. Det var ei vanskeleg tid. Eg hadde jo kontrakt, og fekk betalt etterløn, men det var mange usanne påstandar i media, og eg kunne ikkje seie noko.

Jørn Andersen framstår som ein livsglad mann som ikkje deppar utan grunn, men det er tydeleg at det som hende i Mainz framleis frustrerer han. Opprykket var truleg den største prestasjonen i trenarkarriera, men likevel har han hatt tungt for å få attraktive oppdrag i Tyskland etter at han fekk fekk sparken i klubben. Ungdomstrenaren Thomas Tuchel overtok, og stabiliserte klubben i Bundesliga med eit spel som imponerte mange, men Jørn er skeptisk:

– Han har aldri bygd opp eit lag sjølv. Tuchel kom til dekka bord i Mainz, og han har kome til dekka bord i Dortmund no.

Eit dekka bord var iallfall ikkje det som venta Andersen i hans neste trenarjobb, då han tok over den greske toppserieklubben AE Larissa.

– Det var forferdeleg. Kaos. Spelarane fekk ikkje løn. Dei kom til meg og fortalte at dei ikkje hadde råd til å kjøpe mat til barna sine, og bad meg prate med presidenten. Han sa han skulle betale, men det gjorde han ikkje. Og vi vart truga på livet av fansen. Ein gong, etter ein bortekamp i Saloniki, kom vi heim med buss seint på kvelden, og fansen venta på oss. Vi måtte køyre ned i kjellaren under stadion og vente der i timevis, før det var trygt å dra heim.

Idyll i Salzburg
Jørn Andersen tek neppe nokon trenarjobb i Hellas igjen med det første. Etter Larissa hadde han eit kort opphald i Karlsruhe, og deretter tre års trenarpause før han overtok Austria Salzburg etter halvspelt fjorårssesong. Her opplevde han atter suksess, då han leia klubben til opprykk frå regionalligaen til det nasjonale nivå to. Austria er – som dei fleste truleg kjenner til – ein protestklubb som vart stifta i 2005, etter at leskedrikk-produsenten Dietmar Mateschitz overtok den opprinnelege Austria Salzburg, endra klubbnamnet, skifta draktfargane og tok til å pøse pengar inn i klubben. Red Bull Salzburg har sidan dominert austerriksk fotball, til frustrasjon og fortviling frå mange. Men Andersen deler ikkje Austria-fansens hat mot Mateschitz:

– Eg synst det er fantastisk at han er viljug til å investere så mykje pengar i fotball, seier han.

Like fullt: Livet i skuggen av Red Bull er ikkje enkelt. Økonomien er anstrengt, og austerriksk presse har fleire gonger denne sesongen spekulert i at klubben kan miste profflisensen. Overgangen frå nivå tre til to har vore tøff, og laget slit på nedre halvdel av tabellen. Men Jørn lét seg ikkje tyngje av slike sorger. Når eg spør om han trur det er plass til to toppklubbar i Salzburg, svarar han kort og godt: «Ja.» Og eg ser ingen grun til å tru noko anna enn at han meiner det.

Då han tiltråtte sin første jobb som hovudtrenar, i Oberhausen i 2003, sa Jørn Andersen at han meinte at han hadde eit større talent som trenar enn kva han hadde hatt som spelar. Slikt lét seg jo vanskeleg måle, men no når vinflaska snart er tom og samtalen nærmar seg slutten, verkar det naturleg å spørje om han ein dag kunne tenkje seg å demonstrere sine evnar som trenar i gamlelandet.

– Eg har aldri sagt nei til det, aldri sagt nei til å avslutte trenarkarriera i Noreg, men sanninga er at eg aldri har fått noko konkret tilbod frå nokon Tippeligaklubb. Det har vore interesse, frå fleire klubbar, men aldri noko direkte tilbod.

Eg spør om han synst det er litt rart, og han svarar:

– Eg kan ikkje seie at eg synst det er rart. Du kan skrive at det er rart, men eg kan ikkje seie det, seier Jørn og ler.

– Men den erfaringa eg har fått ute i Europa, som spelar og trenar, er det ikkje så mange andre i Noreg som har.

Tippeligaklubbar på trenarjakt kan like gjerne notere seg denne ubestridelege sanninga først som sist.

Eg vandrar heimover i kveldsmørkret. Månen speglar seg i elva Salzach der ho snor seg gjennom byen. I Salzburgs kneiper og caféar går livet som alltid sin vane gang, men langs elvebreidda er det stille. Eg kom hit fordi eg mistenkte at Jørn Andersens historie var ei historie verd å fortelje. No veit eg det. Dermed gjenstår det berre, før eg stupar til sengs, å håpe at Josimars talrike lesarskare vil ha like stor glede av å lese denne historia som eg har hatt av å lytte til henne.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.