Hjem Artikler Ein italiensk sommar

Ein italiensk sommar

Av lars

Semifinalane under Italia 90 er dei mest dramatiske i VM-historia. Her presenterer Nils Henrik Smith eit kortfatta og poengtert samandrag av samtlege dramaets akter og aktørar.

Då Sergio Goycoechea først kom med i den argentinske landslagstroppen, følte han seg uovervinneleg. Han var ung, han spelte for River Plate, ein av det sør-amerikanske kontinentets fremste klubbar, han var umåteleg populær blant den kvinnelege delen av Buenos Aires’ befolkning, og sjølvtilliten var på topp. Han tenkte at han kunne klare kva det skulle vere, så han føreslo eit veddemål for landslagets kaptein, Diego Armando Maradona. «Skyt ti straffar på meg», sa el Goyco, «og eg reddar garantert minst tre!» «Javel», sa Maradona, trekte på akslene og sette alle ti. Kva veddemålets innsats var, er ukjend, men Goycoechea vann uansett meir enn han tapte. Episoden vart ein augeopnar for han. «Eg skjøna at viss straffa er god nok, er det ingenting eg som målvakt kan gjere», fortalde han seinare. Denne erkjenninga fungerte, paradoksalt nok, kanskje, frigjerande for målvakten, og under Italia 90 spelte han, i lag med Maradona, sjølvsagt, den viktigaste rolla då Argentina i strid med all fornuft tok seg heilt fram til finalen. Goycoechea var, når sant skal seiast, ein middels god keeper som hadde ei omflakkande karriere – etter River spelte han for ofte obskure klubbar i Colombia, Frankrike, Paraguay og Brasil i tillegg til heimlandet – men i straffekonkurransens historie lyser namnet hans klårare enn kanskje noko anna.

Den første straffekonkurransen i VM fann stad i 1982, og avgjorde den uhyre dramatiske semifinalen mellom Frankrike og Vest-Tyskland, ein kamp mest kjent for den vest-tyske målvakt Harald Schumachers brutale overfall på Frankrikes Patrick Battiston. Dette var det første VM-sluttspelet kor ein kamp kunne gå til straffekonkurranse, for sjølv om formatet hadde vore godkjend av Fifa, og brukt i andre Fifa-turneringar, sidan tidleg 1970-tal, var VM-formatet i 1974 og 78 slik at den einaste reine utslagskampen var finalen, og finalen var, fram til og med 1986, unntatt frå regelen om straffekonkurranse, og viss ein av finalane i dette tidsrommet hadde endt uavgjort etter ekstraomgangar, hadde laga måtta spele omkamp.

I 1982-VM var det kun ein straffekonkurranse, men i 1986 vart tre av fire kvartfinalar avgjort på straffespark – det einaste laget som gjekk til semifinale utan å skyte straffar var, ironisk nok, Argentina – og i 1990 vart ein åttedelsfinale, ein kvartfinale og begge semifinalane avgjort på straffekonkurranse. I tillegg vart to av kvartfinalane (Vest-Tyskland-Tsjekkoslovakia og Kamerun-England) samt finalen avgjort ved ordinært idømte straffespark. Sidan 1990 har det vore ein liten nedgang i antalet straffekonkurransar i VM-samanheng – kun sluttspelet i Tyskland 2006 har hatt like mange straffekonkurransar som Italia 90, sluttspela i USA 1994 og Sør-Afrika 2010 hadde kun to straffekonkurransar, medan dei øvrige VM-sluttspela i perioden har innehalde tre straffekonkurransar kvar. To finaler (1994 og 2006) vorte avgjort på straffekonkurranse. Her skal det imidlertid handle om 1990, og då først og fremst dei to semifinalane, som fann stad med eit døgns mellomrom på Stadio San Paolo i Napoli og Stadio delle Alpi i Torino.

Italia 90 har eit todelt rykte. På den eine sida er vi mange kvinner og menn i ein viss alder som hugsar sluttspelet med stor glede, takka vere faktorar som tidenes (ubestrideleg) beste VM-sang (Un’estate Italiana), Kameruns eventyrlege framgongar, superpensjonisten Roger Milla sine scoringar med påfølgjande ekstatisk hoftedans ved cornerflaget, eit fargerikt colombiansk mannskap med rokokkorocketrolla Carlos Valderrama og René Higuita, viss ablegøyar i målet til slutt fekk katastrofale konsekvensar, i spissen, den costaricanske kulthelten Hernan Medfords torpedering av svenske ambisjonar i Genova, Tsjekkoslovakias tanksenter Tómas Skuhravy sitt hat-trick med hovudet i åttedelsfinalen mot nettopp Costa Rica (som, beklageleg nok, førte til at Genoa-trenar Osvaldo Bagnoli ombestemte seg og likevel ikkje kjøpte Bundesligaens regjerande toppscorar, Jørn Andersen, men henta Skuhravy frå Praha i staden), Roberto Baggio sitt kunstmål mot tsjekkoslovakane i puljespelet, korpå han sendte trøya si til sjølvaste Madonna, som imidlertid knuste unggutens draumar ved å erklære at målvakt Walter Zenga var den mest sexy spelaren på det italienske laget, eit rikhaldig galleri av ubestrideleg kule spelarar som Dragan «Piksi» Stojkovic, Enzo Francescoli og Scifo, og den koreanske hjarteknusaren Kim Joo-sung, Paul Gascoigne sine tårer då han fekk gult kort i semifinalen og det gjekk opp for han at han ville måtte stå over ein eventuell finale, Le notti magiche di Totò Schillaci og mykje, mykje meir. På den andre sida var det, og er framleis, det målfattigaste VM i historia (ikkje i absolutt antal mål, men målt i scoringssnitt per kamp), det vart sett ny rekord i både gule og raude kort, tradisjonelle publikumslag som Brasil og Nederland spelte svakt og rauk ut tidleg, verdsmeister Vest-Tyskland scora ikkje eit einaste spelemål etter åttedelsfinalen, og Fifa bekymra seg slik for såkalla destruktivt spel at dei, innan det var klart for neste VM-sluttspel, i Sambandsstatane i 1994, hadde innført relativt radikale regelendringar som den nye tilbakespelsregelen, forbód mot taklingar bakfrå, og tre poeng for siger i gruppespelskampane i staden for to. Sågar Wikipedia, dette kunnskapens lysande fyrtårn av crowdfunda objektivitet, hevdar at Italia 90 «is widely regarded as one of the poorest World Cups». Nuvel. Eg diskuterer spørsmålet om VM-sluttspels relative og absolutte kvalitet annastads i denne bibelen, og her skal eg såleis nøye meg med å antyde at ei turnering kan vere god sjølv om ho er dårleg (og muligens omvendt).

Det som iallfall er ubestrideleg, er at turneringa i 1990 var dramatisk, og at dei to semifinalane – Argentina-Italia og Vest-Tyskland-England – var dramaets ubestridelege høgdepunkt. Før vi går i gong med å skildre dét, skal vi dog ta ein liten kikk på korleis kvart av laga kvalifiserte seg for finalen.

Argentina var regjerande verdsmeister, men hadde kun vunne 6 av sine 30 offisielle kampar sidan finalen i 1986. I Jon Michelet og Dag Solstads bok frå meisterskapet, som er eit viktig kjeldegrunnlag for den hérverande teksten, skriv Michelet at han ser på Argentina som «et lag på vei ned fra nasjonenes annen- til tredjedivisjon, med mulighet for snarlig nedrykk til fjerde». Dette er ein observasjon Michelet gjer seg før opningskampen mot Kamerun, kor det argentinske laget tapte 0-1 etter Nery Pumpido sin keepertabbe. Dét resultatet vart vurdert som ein sensasjon, og vart i verdspressa samanlikna med kampar som USA sin sjokksiger over England i 1950, eller Algeries triumf mot Vest-Tyskland i 1982, men Kameruns sovjetiske trenar, ein fåmælt mann frå Turkmenistan med det herleg tungebrekkjande namnet Valerij Nepomnjasjtsjij, var, ifølgje seg sjølv, ikkje særskilt overraska. Han var overbevist om at Argentina, trass i sine svake resultat dei seinaste åra, hadde ambisjonar om å nå heilt til finalen, og at Carlos Bilardo sitt mannskap difor ikkje ville vere i toppform alt no. Og kanskje var det noko i den turkmenske sfinxens teori, iallfall klarte Kamerun å hale sigeren i land trass i at både Benjamin Massing – som presterte å miste eine skoen i det han utførte ei hårreisande valdshandling mot stakkars Claudio Caniggia – og André Kana-Biyik vart utvist i andre omgang. Argentina sin neste kamp var mot Sovjet, som òg hadde tapt sin første kamp, mot Romania, for kven mannen med Aust-Europas staselegaste bollesveis, Marius Lăcătuş, scora to.

Tittelforsvararane vann 2-0, men det kampen først og fremst vert hugsa for i dag, er at Maradona, som jo hadde demonstrert sin utmerkte volleyballteknikk under kvartfinalen mot England i 1986, beviste at han òg var ein målvakt av høg klasse, i det han redda eit sovjetisk skot på streken, med handa, noko dommar Erik Fredriksson frå Sverige, som den einaste i verda, ikkje fekk med seg. Ein annan og truleg viktigare ting som hende i denne kampen, var at at ulukkesfuglen Pumpido brakk beinet, og følgjeleg måtte erstattast. Reserven Goycochea kom inn, men gjorde ikkje særskilt vesen av seg verken i denne kampen eller i den neste mot Romania, kor Argentina sleit seg til uavgjort, 1-1, og med naud og neppe gjekk vidare frå gruppa som tredjelag. Viss Bilardo verkeleg hadde ein snedig slagplan for å nå finalen, var det vanskeleg å få auge på detaljane. I åttedelsfinalen venta Brasil, som heller ikkje hadde imponert nemneverdig, men trass alt stod med tre strake sigrar over Sverige, Costa Rica og Skottland, og kun hadde sleppt inn eitt mål, scora av vesle Tomas Brolin frå Huddiksvall i den første kampen. O Seleção var følgjeleg skyhøge favorittar, men, som Dag Solstad skriv, «ryktet om at Diego Armando Maradona befant seg på det andre laget, fikk dem til å ta frem det reneste grisespill hver gang Argentinas nr. 10 var i nærheten av ballen. Det var svært effektivt, for på den måten ble jo nr. 10 satt ut av spill. Men samtidig hadde de bekjent sitt egentlige nivå, og det i klartekst, som intet hælspark eller susende stolpeskudd kunne viske ut.» (Sjekke sitat). Maradona hadde så langt hatt eit svakt meisterskap, og visste, ifølgje Solstad, sjølv «at han bare minnet om Maradona». «Men den som en gang har vært Maradona, vet hvordan man blir det igjen.» Brasil dominerte kampen, og trefte, som Solstad er inne på, mellom anna målstengene fleire gonger, men ballen ville ikkje i nettet. Ti minutt før slutt mobiliserte Maradona «sitt formidable potensiale som fotballspiller», førte ballen framover frå midtsirkelen, forbi to brasilianarar, og, i det fire mann i gule trøyer omringja han, slo han ein plutseleg, frigjerande pasning til Caniggia, som runda Taffarel og scora. Maradona var tilsynelatande atter Maradona, men i kvartfinalen, mot eit uhyre talentfullt Jugoslavia, med mellom andre Stojkovic, legenden Safet Susic, det eksentriske ballgeniet Dejan Savicevic og ein pur ung Robert Prosinecki på laget, vart Argentina utspelt, sjølv etter at den sveitsiske domar Kurt Röthlisberger heilt feilaktig hadde utvist Refik Sabanadzovic midtvegs i første omgang. (Röthlisberger vart seinare utestengt frå fotballen på livstid for kampfiksing, men i dette tilfellet er det ingenting som tydar på at han var skuldig i anna enn dugløyse, i det han gav Sabanadzovic gult kort utan å hugse at han alt hadde gitt Sabanadzovic gult kort, og såleis vart nødt til å trekkje raudt.) Kampen gjekk til straffekonkurranse, og, etter at José Serizzuela hadde scora for Argentina, finta banens beste spelar, Stojkovic, leikande lett ut Goycoechea og sette ballen knallhardt i…  tverrliggjaren. Deretter scora Jorge Burruchaga (som hadde fått ei mønstergyldig scoring feilaktig annullert i andre ekstraomgang) og Prosinecki, før det var Maradona sin tur: Tidenes fremste fotballspelar leverte eit straffespark som både var svakt plassert og så laust at Jugoslavias målvakt Tomislav Ivic ikkje berre redda enkelt, men heldt ballen! Savicevic utlikna. Krølltoppen Pedro Troglio skaut i stolpen. Det var framleis 2-2, men no var det kun ein mann som kunne redde Argentina, og problemet var at den mannen ikkje lét til å vere i stand til å redde noko som helst. Ved samtlege tre jugoslaviske straffespark hadde Goycoechea kasta seg a) (for) tidleg og b) til venstre. Jugoslavias neste skyttar, Dragoljub Brnovic, tenkte difor at han sikkert kom til å kaste seg til venstre igjen, og skaut difor, logisk nok, til målvaktens høgre side, men anten han no handla på instinkt, hadde lese skyttarens kroppsspråk eller var styrt av ei høgare makt, gjekk Goycoechea denne gongen til høgre og redda Brnovic’ skot. Gustavo Dezotti plasserte ballen presist ned til høgre for Ivic. Siste skyttar for Jugoslavia var Faruk Hadzibegic, lagets libero og mest erfarne mann. Han tenkte med all si erfaring at sidan Goycoechea hadde gått til venstre tre gonger utan å redde, og til høgre ei gong og redda, ville han vel aldri i sine villaste fantasiar finne på å gå tilbake til å gå til venstre igjen? Men dét gjorde Goycoechea, og Argentina var klare for semifinalen, på Maradonas heimebane, i Napoli, byen kor han var høgare elska enn nokon fotballspelar har vore nokon stad, nokon gong.

Italia kom til Napoli på langt mindre dramatisk vis. Dei var, som vertsnasjon, favorittar før VM tok til, og dominerte sin første kamp mot Austerrike, men dei fekk ikkje til å score mål. Eit kvarter før slutt tok landslagssjef Azeglio Vicini difor ut den ineffektive spissen Andrea Carnevale, og sette innpå ein erstattar som, ifølgje Michelet, ikkje gjorde anna enn å «fly rundt på banen som ei forvirra høne» (sjekke sitat). Vel, tre minutt etter innbytet slo Gianluca Vialli ein crossball frå høgre, og den forvirra, men overraskande flygedyktige høna steig til vérs og heada inn kampens einaste mål. Salvatore «Totò» Schillaci hadde kun ein einaste landskamp frå før, og vedgjekk seinare at han var «livredd» då Vicini sendte han utpå: «Eg tenkte at eg kanskje ville brenne ein sjanse og få skulda for alt.» I staden vart den vesle sicilianaren med det ville blikket dagens helt, til overrasking for dei fleste, ikkje minst han sjølv. Trass i suksessen var Schillaci tilbake på benken i neste kamp mot Sambandsstatane, ei noko skuffande førestelling kor Vialli brente straffe og midtbanedirigenten Giuseppe Giannini scora det einaste målet. Etter dette var det eit folkekrav at både Schillaci og ikkje minst Roberto Baggio måtte inn på laget mot Tsjekkoslovakia. Vicini innfridde kravet, og den nye angrepsduoen innfridde krava frå Vicini. Schillaci gav Italia leiinga etter knappe ti minutt, og Baggio sikra sigeren med sitt supre solomål i andre omgang, til jubelrop frå heile nasjonen unntatt heile Firenze, kor det framleis var opptøyar og tomatkasting etter at Fiorentina-president Flavio Pontello hadde seld klubbens høgt elska trequartista til erkefienden Juventus, for ein verdsrekordsum, men mot spelarens vilje. Baggio har alltid sidan framstått som noko av ei gåte. På den eine sida var han Italias soleklart mest talentfulle spelar i ei tid då landet fløyma over av talent. På den andre sida bidrog tendensen hans til å hamne på kant med sterke trenarprofilar til at han i løpet av karriera spelte mykje av sin beste fotball ikkje i Juve, Milan eller Inter, men i mindre glamorøse klubbar som Bologna og Brescia. Han var buddhisten som vart det katolske Italias fremste sekulære helgen. Eit vandrande paradoks. Han var, som Magnus Helgerud skreiv i Josimar, «den eneste fotballspilleren samtlige italienere i nyere tid har øst sin betingelsesløse kjærlighet over». Men han var òg, som ein annan Josimar-kjenning, brumlebassen Gabrielle Marcotti, har skrive, ein spelar som «tilhøyrte alle og ingen på same tid».

Uansett, med tre sigrar av tre moglege var Italia gruppevinnar og skulle møte Uruguay i åttedelsfinalen. Det gjekk fint. Uruguay var rett nok eit lag med mykje offensivt talent i den stilfulle playmakeren Enzo Francescoli, som for øvrig var den unge Zinedine Zidane sitt store idol, og spissane Rubén Sosa og Daniel Fonseca, sistnemnte kjent både som «Beveren» på grunn av sine markante fortenner, og «Dovendyret» fordi han, under si seinare karriere i Serie A, visstnok hadde for vane å sove opptil fjorten timar i døgnet. Forsvaret var imidlertid ein tanke langsamt og statisk, og, trass i at Uruguay klarte å halde nullen i over ein time, var det aldri nokon tvil om resultatet etter at Schillaci hadde sendt Italia i leiinga med eit merkverdig bananskot med venstrefoten. Innbytar Aldo Serena avslutta ballet med ein liten, æh, serenade like før slutt. Alt var som det skulle vere. I neste kamp venta Irland, som hadde kome til kvartfinalen utan å vinne ein einaste kamp (tre uavgjorte i gruppespelet og straffesiger over Romania i åttedelsfinalen), noko som ikkje har hendt verken før eller sidan i VM-samanheng. Då den irske troppen kom til Roma, sjekka fotballforbundets styre og øvrige administrative pampar inn på eit fancy hotell, medan trenar Jack Charlton og spelarane vart henvist til eit lugubert pensjonat i nærleiken av jernbanestasjonen, kor romma var så små at då Niall Quinn gjekk til sengs, oppdaga han at han ikkje kunne strekkje ut beina utan å sparke borti døra. Irlands opplading til kampen bestod for øvrig i ein tur til Vatikanet for å møte Pave Johannes Paul II, og den engelske protestanten Charlton vart framstilt for Paven som god katolikk. Etter den pavelege audiens var over, kom det fram at Charlton hadde vedda frakken sin på at Irland ville slå Italia. Kva Paven vedda imot, er ikkje kjent, men det er heller ikkje særskilt vesentleg, for, som Michelet skreiv: «Irland sprakk/En polakk/vant en frakk». Schillaci scora kampens einaste mål.

Vest-Tyskland hadde kome til finalen i begge dei føregåande verdsmeisterskapa, utan eigentleg på noko tidspunkt å imponere. I 1982 vart dei mektig upopulære hjå det såkalla nøytrale publikum av to grunnar: Den eine var Schumachers før nemnte overfall på Battiston i semifinalen mot Frankrike, den andre den såkalla ikkje-angrepspakta av Gijon, då dei møtte Austerrike i siste gruppespelskamp, vel vitande om at begge lag ville gå vidare viss Vest-Tyskland vann 1-0, noko som medførte at alle kamphandlingar opphøyrte straks Horst Hrubesch hadde gitt Vest-Tyskland leiinga, og at det populære algirske laget såleis vart slått ut. (For meir om denne kampen, sjå Josimars EM-bibel 2016.) Fire år seinare var laget mindre kontroversielt, sjølv om dei atter slo ut publikumsfavoritt Frankrike, denne gong utan å ty til vald, men var upopulært ganske enkelt fordi fotballen dei spelte, av mange vart vurdert som kjedeleg. Til dette er å seie at fotball kan vere kjedeleg kun for den som ikkje likar fotball, men den såkalla «maskin-fotballen» Vest-Tyskland vart påstått å spele, gav uansett laget eit nokså frynsete rykte. Kanskje var det så enkelt som at Vest-Tyskland spelte pragmatisk fotball for å kamuflere sin manglande kvalitet? Trenaren, Franz Beckenbauer, har iallfall seinare sagt at det var «eit mirakel» at laget kom til finalen i Mexico med dei spelarane han hadde til disposisjon. Fire år seinare var både Beckenbauer og fleire av dei same spelarane – Thomas Berthold, Andy Brehme, Lothar Matthäus, Rudi Völler – framleis med, men no var det eit heilt anna Vest-Tyskland som ópenbarte seg. Den første kampen, mot det gode jugoslaviske laget, var glimrande, Vest-Tyskland vann 4-1, Matthäus leverte den aller beste prestasjonen i si tjue år lange landslagskarriere, styrte spelet med kraft og klokskap og scora to praktfulle mål. Neste kamp var mot Dei Sameinte Arabiske Emiratane, og fann stad i øsande regnvér i Milano, ikkje naudvendigvis idéelle speleforhold for ørkenens gutar, til gjengjeld var dei motivert av at deira herskarar, Dei Sameinte Arabiske Emirane, hadde lova kvar den emiratiske spelar som scora i VM, ein flunkande ny Rolls Royce. Khalid Ismaïl Mubarak, som på den tida arbeida som brannmann ved lufthamna i Dubai, sette inn tidenes første emiratiske VM-mål, men Vest-Tyskland vann 5-1, og, for å leggje skam til skade, kom det i 2010 fram at målscoraren aldri fekk Rolls Roycen han var lova! Emirane frå Emiratane gav seinare opp å skape eit slagkraftig landslag, då dei oppdaga ein enklare måte å skaffe seg ein posisjon i fotballverda, nemleg å kjøpe ein loslitt klubb i Nord-England frå ein thailandsk menneskerettsforbrytar og bruke hundretusen fantasillionar pund på å gjere den til best i landet. Vest-Tysklands siste kamp i gruppespelet gjekk mot Colombia, kor dei kunne sikre seg gruppesigeren med uavgjort, eit resultat som samstundes ville bidra til at dei colombianske gjøglarane gjekk vidare, og i store delar av kampen spelte det vest-tyske laget som om dei var heilt innforstått med at dette var ynskjeleg. To minutt før slutt gjekk imidlertid innbytar Pierre Littbarski framover og knalla ballen i mål, til frustrasjon for alle i det kjente univers. Men frustrasjonen varte ikkje lenge, for på overtid slo den praktfulle påfuglen Carlos Valderrama ei praktfull gjennombrotspasning til Fredy Rincon, som, etter ein augneblinks nøling, plasserte ballen mellom beina til Bodo Illgner, og i nettet.

I åttedelsfinalen venta Nederland, som hadde slått ut dei vest-tyske vertane i semifinalen i EM to år tidlegare, noko som hadde medført den største offentlege feiringa i tulipanlandet sidan krigen. Men i VM hadde dei nederlandske europameistrane spelt dårleg. Ruud Gullit var framleis ikkje heilt frisk etter ein kneskade som hadde halde han utanfor Milan-laget heile sesongen i førevegen, Marco van Basten var ein skugge av seg sjølv, og i tillegg krangla nederlendarane med kvarandre om absolutt alt, slik nederlendarar har for vane. Dei kom til åttedelsfinalen etter tre uavgjorte kampar i gruppespelet, med påfølgjande loddtrekning, som dei hadde tapt, mot Irland om andreplassen i gruppa. Vest-Tyskland dominerte frå start, men kampen vert først og fremst hugsa for episoden kor Frank Rijkaard spytta på Völler og hans lekre permanent, noko ikkje berre Rijkaard, men òg Völler vart utvist for. Rijkaard bad seinare Völler om orsak, og før Euro 96 opptråtte dei to gamle kamphanene, iført lekre morgonkåper, i lag i ein tysk reklame for smør. Etter utvisningane scora Brehme, som i denne kampen opererte i ei uvanleg rolle som venstreback-playmaker, og Jürgen Klinsmann, før van Basten, nett som i semifinalen i 88, filma seg til straffe, som Ronald Koeman sette i mål. Den utviste Völler såg og lærte. Vest-Tysklands dominans var langt større enn kva resultatet bar bód om, og få venta at dei skulle få særskilte problem i kvartfinalen mot Tsjekkoslovakia, kor Fifa til alt overmål hadde sett opp landets eigen forbundskanslar, Helmut Kohl, som domar. Kohl utmerkte seg ved å setje uoffisiell verdsrekord i pedanteri, då han fann det opportunt å vise ut Lubomir Moravcik etter at midtbanespelaren, i frustrasjon over å verken ha scora eller fått straffe under eit av Tsjekkoslovakias sjeldne angrep, sparka av seg eine støvelen. På dét tidspunktet hadde Matthäus alt sett eit tvilsamt idømt straffespark i mål, og dét vart kampens einaste.

England kom til VM i skuggen av kaos. Landslagssjef Bobby Robson hadde, etter ein årelang mobbekampanje i britiske tabloidaviser, kunngjort at han kom til å gå av etter meisterskapet, og då det vart avslørt at han hadde signert ein lukrativ kontrakt med PSV Eindhoven, fekk han sjølvsagt endå meir «kritikk». Lagets frå før elendige forhold til pressa vart endå elendigare då det vart publisert eit rykte om at fleire spelarar skulle ha hatt seksuelle relasjonar med ei VM-vertinne, og ein periode nekta dei heilt å prate med heimlege journalistar. Det nye stjerneskotet Paul Gascoigne dikta ein song med tittelen «Let’s all shag a hostess» for å muntre opp stemninga, og denne vart eit svært populært innslag på bussen til og frå trening og kamp. England var plassert i VMs periferi, på Sardinia, grunna arrangørane og politiets angst for lagets medfølgjande hooligans. Den første kampen gjekk mot Irland, som debuterte i meisterskapet, og som hadde slått England under EM i Vest-Tyskland to år tidlegare. Her tok det engelske laget imidlertid leiinga, ved førre VMs toppscorar Gary Lineker, men etter scoringa fekk dei lite eller ingenting til, og Irland utlikna i andre omgang, i sterk motvind, ved Sheedy. Kampen vart vurdert som så spelemessig svak at kamprapporten i La Gazetta dello Sport bar tittelen «No football please, we’re British». Korleis irlendarane reagerte på å verte omtalt som britar er ikkje kjent, men i tilfelle nokon skulle tvile på at dette verkeleg var ein dritkamp, kan det opplysast at Lineker faktisk bæsja på seg i løpet av kampen. Før møtet med Nederland, som framleis, trass i ein svak opningskamp mot Egypt, framleis vart rekna mellom meisterskapsfavorittane på dette tidspunktet, kom den utskjelte Robson (ifølgje visse kjelder i samråd med spelarane) difor fram til at noko nytt måtte prøvast. Det nye var å løyse opp den flate firaren bak, som jo hadde vore bortimot einerådande i England sidan VM-gullet i 1966, og i staden gje seg hen til meisterskapets moteformasjon, 3-5-2/5-3-2 med sweeper, som ikkje berre vart brukt av tradisjonelle sweeper-lag som Italia og Vest-Tyskland, men sågar av den flate backfirarens oppfinnarnasjon, Brasil. Nederlands fotballorakel Johann Cruyff meinte at dette systemet var «kreativitetens død», og han var ikkje åleine om å gje det skulda for at VM 90 vart slik ei målfattig turnering, men det funka for England. Mark Wright briljerte i sweeper-rolla, og England dominerte faktisk store delar av kampen mot europameistrane. Den store spelaren var Gascoigne, som berre nokre få månader tidlegare hadde vore usikker i troppen, men kom med i tolvte time etter ei magnifik førestelling mot Tsjekkoslovakia på Wembley. Kampens augneblink var utan tvil då Gazza tok Cruyff-finta på Koeman, ei handling journalisten Richard Williams seinare samanlikna med då «The Beatles selde rock n’ roll tilbake til Amerika». England, som hadde spelt dårleg, hadde no spelt godt, men dei hadde ikkje vunne. Stuart Pearce sette rett nok eit frispark i mål, men målet vart annullert fordi frisparket var indirekte, og ballen, hevda domarern, hadde ikkje vore innom nokon annan spelar under si flygeferd mot nette. «Men det hadde den da! Det så jeg jo!» utbraut ein frustrert Dag Solstad.

Den siste kampen i gruppespelet, mot Egypt, er ein av desse kampane ein aldri treff nokon som hugsar noko som helst frå, bortsett frå at Mark Wright heada inn vinnarmålet etter ein corner. Dét var nok til å avslutte på topp i ei gruppe kor alle dei andre kampane endte uavgjort. I åttedelsfinalen skulle England møte Belgia, som hadde vore i semifinalane under VM i Mexico, og stilte med eit svært erfarent lag, som anført av store Jan Ceulemans og vesle Enzo Scifo tidvis spelte ball-i-hatt med engelskmennene. Ryktet Italia 90 har som eit defensivt meisterskap er ikkje alltid heilt rettferdig, for det var fleire kampar under turneringa kor spelet i hovudsak var offensivt utan at dette resulterte i scoringar, og denne var ein av dei. Scifo skaut i stolpen to gonger, og John Barnes fekk ei scoring mot spelets gang feilaktig annullert for offside. England lét til å sakne kaptein og midtbanestrateg Bryan Robson, som var ute med vond tå. Ordinær tid endte utan scoringar, og ekstraomgangane såg ut til å gjere det same, men i det hundreogtjuande speleminutt, med berre sekund om å gjere før kampen var over, og straffekonkurransen kunne ta til, fekk England frispark. Gascoigne tok det, slo ein lang ball mot bakre stolpe, kor innbytaren David Platt frå Aston Villa stod parat, foretok eit slags hallingkast og sette ballen i mål på heil volley.

No venta Kamerun, som hadde spelt seg til kvartfinalen som første afrikanske lag i historia og vorte meisterskapets store kjæledeggar. Men England frykta ikkje Kamerun. Howard Wilkinson, som to år seinare skulle leie Leeds United til ligagull, var med den engelske troppen til Italia som speidar, og hadde vore til stades ved Kameruns åttedelsfinale mot Colombia. «It’s a gimme», var hans korte rapport då han returnerte til lagets base. Dette var kanskje ei arrogant vurdering av Wilkinson, men han hadde i det minste støtte hjå ein gråhåra norsk observatør: «Det er ikke fotballstjerner Kameruns lag består av», noterte Solstad nøkternt, «det er TV-stjerner». Kamerun var dessutan svekka fordi fleire sentrale spelarar var utestengt på grunn av to gule kort, og England tok oppskriftsmessig leiinga halvvegs i første omgang, då Platt heada ein crossball frå Pearce forbi den svarte panteren Thomas N’kono, som i løpet av denne turneringa for øvrig hadde etablert seg som det store idolet til ein tolvåring frå marmorbyen Carrara – Gianluigi Buffon. Men ettersom kampen skreid fram, lukkast det, nærast umerkeleg, det kamerunske laget å lulle England inn i sin langsame, kvelande, rytme. Innbytarkongen Roger Milla, 38, som hadde scora to mot både Romania og Colombia, kom inn ved pause, og snart vart det klart at Kamerun var i ferd med å snu kampen. Inspirert av Millas erfaring og fotballintelligens tok Løvene kontroll over midtbanen, kor dei briljerte med finurleg kortpasningsspel, Gascoigne var den einaste engelskmannen som klarte å svare, men han skulle aldri forvilla seg ned i eige straffefelt, for der kom han i skade for å hindre Milla på slikt eit vis at domaren, Edgardo Codesal frå Mexico, ikkje hadde noko anna val enn å døme straffe. Veteranen Emanuel Kunde, som saman med Milla og N’kono hadde vore på det kamerunske laget som deltok i nasjonens første VM-sluttspel, i Spania i 1982, plasserte ballen hardt og sikkert bak Peter Shilton. Fem minutt seinare mottok innbytaren Eugène Ekéké ballen ved midstreken, avanserte, tok initiativ til eit veggspel med Milla, som føretok ein elegant piruett og slo ein presis gjennombrotspasning inn i straffeltet, kor Eukéké, som hadde fullført løpet sitt, elegant løfta ballen over den utrusande Shilton. Under feiringa etter målet presterte Francois Omam-Biyik, helten frå opningskampen, å hoppe opp på skuldrene til Milla, som sat på skuldrene til Eukéké, falle ned igjen, lande på nakken(!) og deretter halde fram kampen som om ingenting hadde hendt. England verka demoraliserte, Kamerun hadde på dette tidspunkt kun ein fiende: Seg sjølv. Dét var ein fiende som skulle vise seg uovervinneleg. Det kamerunske lagets svake punkt var at dei hadde ein tendens til å opptre med, kva skal vi seie, overdriven aggressivitet i forsvar, og åtte minutt før slutt la den gigantiske Benjamin Massing, kjent for sitt overfall på Caniggia i Argentina-kampen, Lineker i bakken inne i straffefeltet. Det var ei heilt meiningslaus handling, for Lineker ville ikkje hatt den ringaste sjanse til å nå ballen han jaga, men etter fellinga spratt han straks opp igjen og tok straffesparket. 2-2. Dei straffesparka Codesal hadde dømt til no, var nokså udiskutable, men halvvegs i ekstraomgangane gav han England eit som var noko tvilsamt, og som vart avgjerande: Gascoigne førte opp frå midtbanen, slo ein lur stikkar inn i feltet, kor Lineker som alltid var på plass, men i det han skulle til å skyte, var han så uheldig å snuble i N’kono. Det verka billig, Michelet kalla det «en godt innøvd skuespillerprestasjon», men den kamerunske målvaktlegenden har seinare vedgått at det muligens var kontakt. England hadde ikkje fått tildelt noko straffespark på meir enn to år, no hadde dei fått to i løpet av ein halvtime, Lineker tok det igjen, scora sikkert og Dei tre løvene, ikkje Dei utemmelege løvene, kunne førebu seg på semifinale mot Vest-Tyskland i Torino.

Og no er vi omsider komne fram til denne tekstens eigentlege emne: Semifinalane, med tilhøyrande straffekonkurransar. Sidan finalen i store sluttspel i våre dagar stort sett er ein nokså uinteressant kamp, er semifinalane kanskje ein sikrare kvalitetsmarkør, og sidan inkje verdsmeisterskap har hatt meir dramatiske semifinalar enn Italia 90, går det an å argumentere mot den ålmenne snusfornuft og hevde at sluttspelet faktisk var eitt av dei beste, viss ikkje det aller beste, i moderne tid.

Vi byrjar i Napoli, kor vertsnasjonen skulle møte Argentina. Italia hadde til no spelt alle sine fem kampar i Roma, og alle visste på førehand at dei skulle returnere til Roma for å spele finalen, noko som òg garantert ville ha hendt, viss det ikkje var for at semifinalemotstandaren var akkurat Argentina og kampen vart spelt akkurat i Napoli. Valet av Napoli som semifinaleåstad er sannsynlegvis den mest absurde blunderen nokon arrangør av noko arrangement har gjort nokon stad, nokon gong, og det vart fatalt for Italia, men på det tidspunktet blunderen vart gjort, var det ingen som såg faresignala. For å forklare korleis det som hendte, kunne hende, i strid med all logikk, er vi såleis nødt til å gå eit stykke tilbake i tid.

Før VM-tek til, vert det spelt VM-kvalifisering, og når laga har kvalifisert seg, er det trekning. Før trekninga vert laga seeda, basert på tidlegare VM-merittar, geografiske omsyn etc. Etter dette er trekninga formelt tilfeldig, men ein kan likevel stundom ha ein mistanke om at Fifa og dei lokale arrangørar har visse triks som dei benyttar seg av for å sikre flest mogleg presumptivt attraktive oppgjer mot slutten av sluttspelet. I 1990 var det, når ein studerte oppsettet, opplagt at alt var lagt til rette for at semifinalane skulle spelast mellom følgjande fire lag: Brasil-Italia og Vest-Tyskland-Nederland. Dette var klassiske oppgjer, begge reprisar av tidlegare finalar (1970, 1974), i tillegg til andre legendariske kampar som VM-kampen mellom Brasil og Italia i 1982, og EM-semifinalen mellom Vest-Tyskland og Nederland i 1988. For at Fifas vilje skulle skje, var det imidlertid eit krav at alle dei fire føretrekte semifinalistane vann si innleiande gruppe. Dét hadde Brasil, Italia og Vest-Tyskland gjort, men Nederland hadde rota det til for seg, slik at dei kun vart nummer tre i gruppa, etter loddtrekning, og såleis rett nok kom til å møte Vest-Tyskland, men alt i åttedelsfinalen, kor dei i realiteten var sjanselause. I tillegg til Nederlands fadese, hadde noko anna uventa hendt: Kamerun slo Argentina i opningskampen, og trass i at Maradona & hans menn klarte å hente seg inn igjen mot Sovjet og til dels Romania, gjekk dei kun vidare som tredjelag, og fekk såleis sjansen til å påføre Fifa og deira kommersielle samarbeidspartnarar alvorleg skade ved å slå ut Brasil. Argentina var regjerande verdsmeistrar, men hadde trass i dette og trass Maradonas magnetiske tiltrekkingskraft ikkje noka høg stjerne hjå Fifa, delvis grunna at dei, under Carlos Bilardo, var kjent for å spele relativt kynisk fotball, delvis fordi den vesle mannen i trøye nummer 10 hadde ein lei tendens til å seie kva han meinte, og det han meinte var ofte slikt som dei høge herrar i Zürich tenkte at han med fordel kunne halde for seg sjølv. Planen for Argentina var såleis soleklar: Dei skulle vinne gruppa si, slå ut eit tredjelag frå ei anna gruppe i åttedelsfinalen, for deretter å tape i kvartfinalen mot Nederland, som slik skulle få hemn for det forsmedelege (og i internasjonal presse og opinion svært upopulære) finaletapet i 1978. Og England? England var meint å verte nr. 2 i si gruppe, slå nr. 2 i ei anna gruppe i åttedelsfinalen, for deretter å tape kvartfinalen mot vertsnasjonen, i Roma. Italia anno 1990 var ein svært ambisiøs vertsnasjon, dei skulle ikkje berre vinne VM, dei skulle vinne på meisterleg vis, og kva kunne vel då passe betre enn å slå ut klassiske fotballnasjonar som England – fotballens fødeland! – og det legendariske Brasil på veg mot finalen? Men no hadde Nederlands elendige form og Kameruns sjokksiger i opningskampen forpurra alle snedig utklekte planar.

Viss semifinalen i Napoli hadde gått mot Brasil, ville det ikkje vore noko problem for Italia at den gjekk i Napoli. Brasil var rett nok legendariske i kraft av å vere Brasil, men alle som såg kampane deira i sluttspelet, kunne sjå at laget kun var ein skugge av tidlegare, store årgangar, og at dei ville vore lett match for vertane. Men no var motstandaren Argentina, Maradona skulle spele på heimebane, og konsekvensane skulle verte katastrofale for Italia. Problemet var ikkje av fotballmessig art, for likeså sikkert som at Italia var betre enn Brasil, var dei betre enn Argentina. Problemet var politisk. Italia var og har alltid vore eit ueinsarta land, kulturelt og ikkje minst økonomisk, og no slo konflikten mellom det rike nord og det fattige sør ut i full blome. Spelarane på laget var, med unnatak for sicilianaren Schillaci og romaren Giannini, stort sett frå Nord-Italia og spelte for nord-italienske klubbar, og italiensk mediemakt var konsentrert i Milano. Før kampen nytta Milano-avisene kvart eit høve til å minne napolitanarane om at dei var italienarar, at å støtte Italia såleis var deira patriotiske plikt, og at dei difor måtte gløyme all kjærleik dei nokon gong hadde kjent for Maradona. Men var det verkeleg mogleg for ein napolitanar å stengje Diego Armando Maradona ute frå sitt fotballhjarte? Han var, trass alt, frelsaren, han hadde kome til Napoli, fattige, mafiøse, kolerabefengte Napoli, og ført byens fotballklubb til Serie A-tittelen, ikkje ein, men to gongar, foran dei blaserte storklubbane frå det høge nord, og han hadde gjort det slik ein napolitanar helst ville sjå det – med teknisk briljans, vågemot, frekkheit, ein grunnleggjande mangel på respekt for alle autoritetar og hierarki. Kor viktig kunne det vere, for napolitanarane, å sjå spelarane til Milan og Juventus feire med VM-troféet i Roma, samanlikna med verdien i å støtte Diego, deira eigen Diego, som hadde kome til byen og skapt den i sitt bilete? Maradona var som vanleg i snakkesalig modus, og gjekk ut mot det han meinte var reint hykleri: «I dag bed ein altså napolitanarane om å støtte Italia, medan ein resten av året overser dei eller behandlar dei med forakt. Eg trur fansen veit kven som elskar dei, kven som har vore med dei kvart skritt på vegen.» Alt før kampen tok til, var tribunen delt, mange av tilskodarane var jo tilreisande frå andre delar av Italia, og i tillegg var mange av Napolis harde tilhengjarkjerne i praksis utestengt frå kampen av økonomiske årsaker, i det dei rett og slett ikkje hadde råd til å kjøpe billettar, verken gjennom offisielle kanalar eller den omfattande svartebørsmarknaden. Under oppvarminga kunne ein likevel høyre det klassiske «Diego, Diego!» rungje over Stadio San Paolo, men då laga stilte opp for nasjonalsongane, vart den argentinske gjenstand for intens piping frå dei ikkje-napolitanske italienarane på tribunen. Kameraet zooma inn på Maradona. I auga hans kunne ein sjå vantru, raseri, sågar hat, og over leppene hans glei eit lågmælt, men likevel svært tydeleg «hijos da puta!»

Azeglio Vicini hadde tatt ei oppsiktsvekkjande avgjerd: Roberto Baggio hadde spelt godt i tre kampar på rad, men no var han vraka til fordel for Vialli, som jo var rekna som Italias farlegaste mann før VM tok til, men som hadde vore halvskada og spelt under pari i dei to første kampane i turneringa, før han vart sett ut av laget. No var han altså tilbake, noko som verka som rein gambling av Vicini, ein stoikar som elles ingenlunde var kjent for å spele hasard. Vialli gjorde lite vesen av seg, men Italia kontrollerte likevel kampen i første omgang, og ingen kunne hevde det var ufortent då dei tok leiinga, ved Schillaci, sjølvsagt, etter eit drygt kvarters spel. Etter scoringa heldt kampen fram som før. Italia pressa, Argentina forsvarte seg. Maradona låg langt framme, i lag med Caniggia, isolert frå resten av laget, trygt passa på av Bergomi og Ferri, med den allvitande fotballhjernen Baresi som sikring bak. Men trass i at Italia stadig dominerte, skapte dei knapt målsjansar og scora følgjeleg heller ikkje det avgjerande mål nummer to, målet som ville demoralisere det gjenstridige Argentina, ei gong for alle. Ved pause var det som måtte ha vore av song på San Paolos tribunar, forstumma til ei låg summing.

Då andre omgang byrja, tok Bilardo ut Gabriel Calderon, og sette inn Troglio. Mange har sidan skråsikkert hevda at Argentina gjennom heile denne kampen spelte for straffekonkurranse, men viss dét var målet, verka det ulogisk å setje inn Troglio, straffebrennar frå kvartfinalen mot Jugoslavia. På dette tidspunktet låg jo Argentina dessutan under, og måtte ha mål. Troglio gav seg straks til å arbeide energisk under sitt store hår, og klarte faktisk å skape ei viss framdrift i den argentinske midtbanen. Men skulle Argentina skape noko, måtte Maradona få ballen, men Maradona var ingen stader å sjå, han var usynleg på sin eigen heimebane, eit skrømt i sitt eige hus. Tida gjekk, ingenting hendte. Italia var på veg mot finalen i sitt eige meisterskap, slik lagnaden og Fifa hadde bestemt. Men så, midtvegs i andre omgang, på eit tidspunkt då det italienske laget hadde byrja trekkje tilbake på banen for å tryggje sigeren, kom ballen med eitt til Maradona, lik ein hund som vender heim til sin herre. Han kjærteikna den, uendeleg varsamt, slik berre han kunne og fekk lov til, og sentra til Julio Olarticoechea, ute til venstre. Olarticoechea la inn foran mål, Caniggia befann seg der inne, men han hadde Ferri i ryggen, dessutan stod jo Walter Zenga mellom stengene, den uovervinnelege Walter Zenga, som ikkje hadde sleppt inn eit einaste mål til no i turneringa.

Noko av det vanskelegaste når ein skriv om fotball, er å forklare korleis det tilsynelatande umoglege vert mogleg, noko som hender oftare i fotball enn i nokon annan menneskeleg aktivitet. Italia var på veg mot finalen, Argentina i ferd med å ryke ut, dei hadde scora fire mål på fem kampar i turneringa, og trass i Maradonas nærvér var det ingenting som tyda på at dei skulle klare å score mot verdas beste forsvar og keeper. Men då dei gjorde det, var det med ei scoring eit lag i norsk sjuandedivisjon ville ha skamma seg over å sleppe inn. Alle venta at Ferri, som var langt sterkare i lufta enn Caniggia, enkelt skulle heade ballen vekk frå faresona, men ballens bane var ein annan enn den Ferri hadde føresett, slik at han hamna på etterskot i det argentinaren sprinta forbi han, og Zenga innsåg at han måtte forlate mållinja for å hindre scoring, men for seint, Walter Zenga kom for seint til den avgjerande hendinga i sitt liv, og Caniggia stussa ballen forbi han, og i mål. Det som ikkje kunne hende, hadde hendt, og Maradona knyta nevane og brølte.

Vicini tok ut Giannini og Vialli, og sette inn Serena og Baggio, slik at Italia no spelte med tre spissar, men ingen midtbanedirigent. Det var eit klassisk eksempel på at ein trenar, i panikk, svekkar sitt lags offensive slagkraft gjennom å gjere tilsynelatande offensive endringar. Kampen gjekk til ekstraomgangar, og i ekstraomgangane hende lite. Schillaci var gjennom, åleine, men vart korrekt avvinka for offside. Ricardo Giusti slo ned Ferri(?), og vart utvist. Den franske domar Michel Vautrot, i håp om å blidgjere sine oppdragsgjevarar, la til sju minutt i første ekstraomgang, utan at Italia klarte å utnytte overtida til noko fornuftig. I andre ekstraomgang skaut Baggio eit frispark som hadde retning mot krysset, men Goycoechea, som hadde agert svakt ved Italias scoring, avverga meisterleg. Det var over. Straffekonkurransen kunne ta til.

I dag har alle lag som regelmessig kjem til utslagsrundane i store meisterskap, ei viss erfaring med straffekonkurransar, men i 1990 var fenomenet relativt nytt, og verken Argentina eller Italia hadde delteke i nokon straffekonkurranse før. Denne mangelen på erfaring medførte at nokre paniske vurderingar vart gjort på begge lagleiarbenkane. Schillaci var i utgongspunktet Italias første skyttar, men vart stróken frå lista, visstnok fordi han var sliten. Var ikkje alle slitne? Hadde dei ikkje alle kjempa for sin ære og sin lagnad i 120 hendingsfattige, men intense og dramatiske minutt? Bilardo beholdt sine to første skyttarar, Serrizuela og Burruchaga, som jo begge hadde scora mot Jugoslavia, men bestemte at Olarticoechea, heller enn Maradona, skulle ta Argentinas straffe nummer tre, truleg i umogleg håp om at alle dei tre første italienarane skulle misse, slik at det ikkje vart naudvendig for Diego å ta noko straffespark.

Italia vann myntkastet, og skulle opne straffekonkurransen. Franco Baresi, libero og lagkaptein, denne forsvarsnasjonen Italias kanskje aller fremste forsvarsspelar gjennom tidene, var førstemann ut. Baresi såg på Goycoechea. Han visste, sjølvsagt, at målvakten hadde redda to straffespark mot Jugoslavia, det eine til høgre, det andre til venstre, og han visste òg at Goycoecheas sjølvtillit, muligens frynsete etter hans svake inngripen før Italias scoring, var gjennoppretta etter den framragande redninga ved Baggios frispark. Vel. Baresi gjekk fram, og skaut hardt og til høgre for målvakten, som gjekk til venstre. 1-0. Serrizuela hadde vore sikker mot Jugoslavia, men no stod han andlet til andlet med sjølvaste Walter Zenga, som, trass i å ha mista det italienske målets heilage møydom, den evige null, tidlegare i kampen, framleis var ein keeper av fenomenal kapasitet. Under intens pipekonsert gjorde Serrizuela seg klar, han verka nervøs, og skaut midt i målet, men hardt, og Zenga, som hadde gått til høgre, freista desperat å snu seg midt i spranget, og klarte mot alle fysikkens lover faktisk å få ei hand på ballen, som likevel gjekk inn. 1-1. Zenga skreik i frustrasjon. Roberto Baggio, den vraka wonder boy, innbytaren som nesten hadde avgjort kampen til Italias fordel i andre ekstraomgang, gjekk fram, med uutgrunneleg blikk. Han skaut til høgre for Goycoechea, men målvakten, som hadde gått tidleg og til rett side, fekk hendene på ballen og burde strengt tatt klart å halde den ute. Dét gjorde han ikkje, Goycoechea slo ballen i eige nett, Baresi og Baggio hadde begge scora, og ingen visste kva som skulle hende fire år seinare, under Californias sol. 2-1. Burruchaga. Kontrollert ned til høgre for Zenga, som hadde gått til venstre alt før skyttaren var framme ved ballen. 2-2. På eit lag med mange store stjerner var Luigi de Agostini ein av Italias mest anonyme menn. Ein solid venstre vingback, løpssterk og lojal, som gjorde jobben sin utan å tiltrekkje seg den merksemd som vart meir glamorøse lagkameratar til del. No hadde han heile nasjonens, ja heile verdas blikk retta mot seg. Kva tenkte han? Han visste at viss han missa, ville han verte syndebukk, ikkje berre i augneblinken og dei neste dagane, det kunne han vel saktens takle, blitzlampane og dei ubehagelege spørsmåla frå journalistar, men for all framtid. Om femti år, viss han levde så lenge, ville han, aldrande og lutrygga, gå gjennom gatene i heimbyen Udine og høyre mødrer som kviskra til sine små barn, «Der går han, mannen som kosta Italia VM-gullet på heimebane i 1990». Kven som helst kunne bukka under for eit slikt nervepress, men de Agostini gjorde det ikkje. Han sette ballen hardt i mål, til høgre, Goycoechea rókk ikkje fram, og, i det ballen trilla ut igjen, hamra de Agostini den i nettet ei gong til, knallhardt, som om dens eksistens fylte han med eit intenst hat. Underleg. 3-2. Olarticoechea. Mannen som hadde lagt opp til Argentinas utlikningsmål, med sin lange cross, med høgre fot, frå venstre kant, som slik overrumpla Ferri og Zenga. Skulle han overliste Italias meisterkeeper igjen? Svaret var ja. Olarticoechea skaut ned til venstre for Zenga, som alt hadde gått til høgre. 3-3. Dramaet tilspissa seg. Roberto Donadoni gjekk fram. Han var ikkje ukjent med å overvinne lagnaden. I ein Europacup-kamp for Milan mot Crvena Zvezda nokre år tidlegare, svalgte han tunga, og overlevde kun fordi det jugoslaviske lagets lege var snarrådig nok til å brekke kjeven hans, slik at han fekk puste. Episoden gav Donadoni, i tillegg til perspektiv på tilværet, hans karakteristisk skeive, ettertenksome andletsuttrykk. Ein stille elegantiar, alltid til stades på sin høgrekant, ikkje den mest dominerande personlegdomen i garderoben, men uunvérleg for laget, ein mann alle ville vel. Men i straffekonkurransar er det alltid ein eller annan som, før eller sidan, vert råka av ulukka, og denne kvelden var det Donadoni. Han skaut til venstre for Goycoechea, ganske hardt, heilt ut mot stolpen, men i keeperhøgd, cirka ein meter over bakken, og målvakten føretok eit heilt usannsynleg sprang, og redda. Det var, sjølvsagt, urettferdig at Donadoni på dette viset vart brennmerka for ettertida. Straffesparket hans var ikkje noko dårlegare enn dei øvrige italienske, tvert imot går det fint an å argumentere for at det var det beste Italia skaut i denne straffekonkurransen, det var berre at den mystiske demonen i det argentinske målet denne gongen overgjekk seg sjølv. Framleis 3-3. Og etter at Donadoni har missa, er det no klart for den mest dramatiske augneblinken i straffesparkets hundreårige historie. Diego Armando Maradona går fram til straffesparkmerket. Tribunane splittar seg i jubelrop og hysterisk piping. Kjærleik og hat på San Paolo. Maradona skapte Argentinas utlikning i kampen, i det han fann den udekte Olarticoechea på venstre kant, men han har òg vore prega av å ha motteke både kjærleik og hat frå eit stadion som hittil alltid har elska han reservasjonslaust. Maradona veit at uansett kva som skjer i det han tek straffesparket og etterpå, er noko øydelagt i han for alltid, han skal aldri meir verte den han var før han opplevde å verte gjenstand for pipekonsert på San Paolo, illusjonen er bróten, framtida er over, men kva kan han gjere her og no? Det Maradona gjer, er så ekstraordinært at det framleis i dag, nær tretti år og hundrevis av videorepetisjonar seinare, stadig er vanskeleg å fatte. Han produserer ein nøyaktig kopi av sitt katastrofale straffespark mot Jugoslavia, berre med den avgjerande skilnad at Zenga har kasta seg til venstre, og at ballen difor går i mål. Han gamblar på at Zenga, som sjølvsagt har sett det første straffesparket hans, på video, aldri kan førestille seg at han vil prøve på det same ei gong til, når det første gong var mislukka, og difor kastar seg til den andre sida, og er makteslaus. Men kva viss Zenga hadde gambla på at Maradona ville gamble på nettopp dette? Då ville han redda enkelt, stillinga ville framleis vore 3-3, og alt ville vore annleis. Fotball er eit uforklarleg spel, og det som skjer under straffekonkurransar, er kanskje det aller mest uforklarlege ved spelet. Maradona sprang i jubelrus mot Argentinas benk, men straffekonkurransen var ikkje over. Serena måtte score, viss ikkje var Italia ute, den høgreiste Serena la ballen til rette og skaut, med venstre fot, lågt i Goycoecheas venstre hjørne. Igjen, som i tilfellet Donadoni, tilsynelatande eit ganske bra straffespark, hardt og brukbart plassert, men Goycoechea gjetta rett side igjen, og var lynkjapt nede og lét ballen treffe seg i solar plexus. Ein augneblink var alt stille, så braut jubelen laus, både i den vesle argentinske kolonien og mellom dei napolitanarane som framleis var lojale mot Maradona. Italia hadde kollapsa i den intense, konfliktfylte atmosfæren på Stadio San Paolo. Hadde kampen vorte spelt ein kva for som helst annan stad, ville Italia vunne enkelt, alle visste det, ikkje minst dei napolitanarane som, under påverknad av Milano-avisenes nasjonalistiske propaganda, hadde late seg freiste til å bryte den heilage pakta med sin fotballfrelsar, og i staden støtte Italia. Maradona var Maradona. Argentina var i finalen, og skulle der møte anten England eller Vest-Tyskland, to lag dei begge hadde slått på veg mot VM-tittelen i Mexico fire år tidlegare.

Før semifinalen i Torino var Vest-Tyskland store favorittar. Dei hadde imponert i gruppespelet, slått dei nederlandske europameistrane enkelt og, trass i at angrepsspelet mot Tsjekkoslovakia var statisk, var dei sjeldan eller aldri truga defensivt. England, derimot, hadde strengt tatt kun imponert mot Nederland, som imidlertid viste seg å vere eit langt svakare lag enn kva nokon hadde mistenkt på førehand, dei hadde vore elendige mot Irland og anonyme mot Egypt, og trong både ekstraomgangar og betydelege mengder flaks for å slå ut både Belgia og Kamerun, og, i tillegg til at dei hadde spelt seksti minutt meir fotball enn det vest-tyske laget, hadde dei òg ein dag mindre til å restituere seg på. Men det var noko underleg ved England, og det underlege bestod i at dei ganske enkelt ikkje lét seg slå. Sjølv når dei tilsynelatande var overvunne, som mot Kamerun, endte dei opp med å gå vidare. I kvartfinalen vann England ein kamp dei strengt tatt tapte. Det nye sweeper-systemet hadde såleis synt seg effektivt, ikkje når det gjaldt å dominere banespelet (bortsett frå mot Nederland), men når det gjaldt å gjeve laget overtaket i kampar kor dei, tilsynelatande, var underlegne. I så fall innebar dette muligens ein mytisk fordel i kampen mot Vest-Tyskland, kor dei var antatt å verte meir underlegne i større grad enn nokon gong tidlegare i turneringa. Begge lagleiarane gjorde to endringar før kampen. På den vest-tyske midtbanen erstatta energibunten Olaf Thon den lure pasningsspelaren Uwe Bein, som hadde skada seg mot Tsjekkoslovakia, medan Rudi Völler, som jo hadde vore utestengt i kvartfinalen etter det raude kortet mot Nederland, kom inn for Karl-Heinz Riedle. Hjå England var det berre eit reint spelarbyte, i det Peter Beardsley kom inn for John Barnes og la seg til bak Lineker på topp, men sidan Terry Butcher vart rekna som for langsam til å markere Klinsmann, byta han ganske enkelt posisjon med sweeper Wright. På midtbanen stilte dei med playmaker Gascoigne, den likeså offensivt innstilte Platt og den eigentlege vingen Chris Waddle – altså ein midtbanetrio heilt utan defensiv spisskompetanse, mot sjølvaste Vest-Tyskland. Dristig, Mr. Robson. Dristig. Mr. Robson var dog litt bekymra før kampstart, og trekte Gascoigne til side for ein liten pep-talk vedr. taktisk disiplin. «Ikkje ver bekymra, sjef», sa Gazza, «eg veit kva eg må gjere». «Eg veit at du veit kva du må gjere», sa sjefen, «men kjem du til å gjere det?»

Den vest-tyskar som hadde håpa, eller engelskmann som hadde frykta, at Matthäus, Thon og Thomas Hässler skulle overkjøre Englands midtbane, vart imidlertid skuffa eller letta, alt ettersom, for det var England som opna best. I løpet av kampens første speleminutt tiltvingja dei seg tre hjørnespark, og etter ett av dei fekk Gascoigne til ein bra volley, som Bodo Illgner måtte strekkje seg i full lengd for å få fingertuppane på. Reprisen viste dog at ballen ville gått hårfint utanfor. Eit knapt minutt seinare var Beardsley nesten gjennom, men nølte, og Klaus Augenthaler tok frå han ballen, men England hadde vist, og skulle halde fram med å vise, at dei ikkje hadde nokon overdriven respekt for den vest-tyske maskin. Vest-Tyskland kom sjølvsagt betre med i spelet etter kvart, det bølgja fram og tilbake, kampen var ekstraordinært ópen, og nok eit eksempel på at den etablerte førestellinga om Italia 90 som eit nærast utelukkjande defensivt sluttspel ikkje er udiskutabelt sann. England kom stadig i gode innleggsposisjonar ved å utnytte rommet bak vingbackane Brehme og Thomas Berthold, men den sentrale vest-tyske forsvarstrioen, anført av Augenthaler, var først på dei aller fleste ballar. Vest-Tyskland freista oftare å bryte gjennom sentralt, Augenthaler førte ballen framover, freista å slå smarte stikkarar gjennom til Klinsmann og Völler, men Walker og Wright gav dei lite rom. Gascoigne var bevegeleg, god med ballen, freista eit par langskot, utan hell. Matthäus og Hässler gjekk begge på lange, sugande løp, med ball, inn i hjarta av Englands forsvar, men det var alltid ein mann for mykje å overvinne. Waddle fyrte av eit usannsynleg prosjektil frå frå femti meter, og Illgner klarte med naud og neppe å slå ballen i tverrliggjaren og ut, men domaren hadde blåst frispark til Vest-Tyskland alt før Waddle skaut. Først mot slutten av omgangen kunne ein tale om eit klart, vest-tysk overtak. Men trass i at dette overtaket heldt fram etter pause, lukkast det ikkje Vest-Tyskland å få ballen i mål. Begge lag var for gode til å tape. Ein sat med ei kjensle av at kampen kun ville kunne avgjerast ved ei ekstraordinær hending. Og noko ekstraordinært hendte sjølvsagt. Ein periode med vedvarande tysk press, kor særleg Matthäus var sentral, endte med at Hässler vart felt av Wright. Brehme la ballen til rette, på atten meters hald, litt til venstre for mål, ein posisjon bortimot identisk med den han hadde scora frå mot Frankrike i semifinalen i Mexico 86. Platt stod i muren med ryggen til ballen og lét til å be, Sadio Mané-style. Producer valde ein noko uvanleg vinkel, kamera bak målet, og i det Brehme starta sitt tilløp, sprang Englands høgreback Paul Parker, som hadde stått til høgre for muren og forsøksvis dirigert den, brått og uventa framover, ikkje heilt ulikt Zaïres Mwepa Ilunga i den berykta kampen mot Brasil i 1974, og Brehme avfyrte sitt skot, og ballen trefte Parkers legg, og den sveva og sveva, dala og dala, inntil den landa i nettet bak ein fortvilt Peter Shilton. Producer zooma inn på Brehme som vart omfamna av Augenthaler, og bak dei, på tribunen, kunne ein sjå eit banner som ganske enkelt proklamerte «Jesus», noko som, under omstenda, var absolutt passande. Vest-Tyskland hadde vunne kampen, for var det kanskje ikkje sjølvsagt at ingen kunne utlikne mot Vest-Tyskland, men England hadde, utruleg nok, ikkje tapt. Dei heldt fram med å kjempe, spele sitt eige spel, på eit nivå som var bortimot ufatteleg for den som hadde sett kampen deira mot Irland nokre veker tidlegare. Dei angreip, og Pearce stussa eit frispark frå Gascoigne hårfint utanfor. På tribunen var stemninga eksepsjonell, og vart på ingen måte svekka av at tilhengjarane, dei universelt forakta engelske og heller ikkje særskilt populære tyske, sat side om side om side, i gemyttlig stemning. Kampen vart spelt i same ånd, tøff, men ikkje brutal, ein kontrast til det intense hat/kjærleik-dramaet vi hadde fått oppleve i Napoli kvelden i førevegen. Parker fekk kampens første gule kort, etter å ha felt Buchwald, etter 66 minutt, men sjølv ikkje den taklinga var særskilt stygg, snarare eit resultat av at Parker, frustrert over si rolle ved det vest-tyske målet, ganske enkelt var for seint ute. Gascoigne briljerte, Jürgen Kohler, i Vest-Tysklands midtforsvar, var utomjordisk, i det han avverga den eine engelske sjansen etter den andre. England vart snytt for eit soleklårt straffespark, då Augenthaler felte Waddle. Utruleg nok var det ingen som protesterte. Bobby Robson tok ut Butcher, sendte innpå Trevor Steven, og England returnerte til systemet dei ikkje hadde brukt sidan den katastrofale opningskampen mot Irland: 4-4-2. England samla seg til ein siste sluttspurt, det var tydeleg at dei ikkje hadde gjeve opp, men tida gjekk, og ingen scorar då mot Vest-Tyskland, i ein semifinale, med ti minutt igjen å spele?

Ingen utanom Gary Lineker. Parker fekk ballen, avanserte nedover høgresida, vart pressa av Matthäus, slo ein djup crossball, som hamna hjå Kohler, som enkelt kunne klarere, men kløna det til for seg, slik at ballen, som ved magi, fall ned i Linekers løpebane, og han trekte seg til venstre, vekk frå Kohler, Buchwald og Augenthaler, og skaut, hardt, med venstre fot, i Illgners venstre hjørne. Det var Linekers tiande VM-mål. Han vart omfamna av Beardsley og Pearce, medan Walker gratulerte i form av eit høfleg handtrykk. England have done it! Den avgjorte kampen er no uavgjort igjen, og kamphandlingane held fram. Vest-Tyskland pressar, sjølvsagt, men dei klarer faktisk ikkje å skape nokon sjanse verd å nemne før domaren bles for full tid. For tredje gong går ein avgjerande VM-kamp mellom Vest-Tyskland og England til ekstraomgangar. Dei andre var finalen i 1966 og kvartfinalen i 1970, begge klassiske kampar i VM-historia.


England mot Argentina ville vere den absolutte finalen frå helvete, sett frå eit Fifa-perspektiv. Ein ynskja ikkje å sjå dei frykta engelske hooligans i Roma, kor dei ville pisse i Trevi-fontenen, ramponere Pantheon og syngje anti-katolske songar om IRA i Det sixtinske kapell. (Dei hadde rett nok ikkje vore i særskilt ramponerande modus til no i VM, men ein kunne jo aldri vite.) I tillegg kom den lange historia med vondt blod mellom dei to (fotball)nasjonane, frå Alf Ramseys berømte og berykta karakteristikk av dei argentinske spelarane i 1966 som «animals», via Malvinas-krigen til Maradonas volleyballsmash i Mexico. Det finst ingen sakleg grunn til å tru at einkvan, før ekstraomgangane tok til, kviskra domar José Roberto Wright eit par diskréte ord i øyra, og heller ikkje til å tru at han ville lytta viss nokon hadde gjort det, men han gjorde ikkje desto mindre to feil, den eine diskutabel, den andre absolutt ikkje, og begge vart, skulle det vise seg, avgjerande for utfallet av Italia 90. Den første, etter ti minutt av første ekstraomgang, er ei av dei mest omtalte domaravgjerdene i VM-historia, og vil for all framtid stå som eit av dei fremste symbola på dette verdsmeisterskapet, særleg i England. Gascoigne, som hadde vore hyperaktivt glimrande heile kampen gjennom og framleis ikkje verka sliten, førte ballen framover, forbi Matthäus og over midtstreken, men så fekk han eit tungt touch og ballen for langt framføre seg, og Berthold storma til for å bryte ballens bane. Gascoigne ville imidlertid ikkje gje seg, og kasta seg inn i ei sklitakling, men kom diverre ørlite grann for seint, slik at Berthold gjekk i bakken, rulla rundt eit par gonger, og vart liggjande. Gazza heldt straks begge hender i véret og gjekk bort for å hjelpe Berthold på beina, men Berthold ville ikkje ha noka hjelp. Wright synte Gascoigne det gule kortet, og, ettersom han hadde gult kort frå før i turneringa, var han no ute av eit eventuelt finalelag. Dette innsåg han straks, og det sønderknuste han. Tårene kom, han freista å halde dei tilbake, men det var ikkje lett, for han var så utruleg lei seg for at han ikkje ville få spele finalen. Lineker signaliserte til benken og bad Robson «have a word with him». Til denne dag meiner Gazza at Berthold bidrog til denne fatale hendinga ved å overspele, noko som muligens var særskilt odiøst med tanke på at høgrebacken sjølv hadde gult kort frå før og ville måtte stå over ein eventuell finale med eit nytt. Berthold nektar sjølvsagt for å ha gjort noko gale. Då Gascoigne, mange år seinare, vart beden å forklare kvifor han agerte som han gjorde, gav han eit svar som gjev godt innblikk i eit uskuldsreint fotballsinn: «We just wanted our ball back.»

Var det korrekt dømt? Tja. I dag ville det nok vore dét, men i ljos av den standard som gjaldt anno 1990, verkar kortet strengt. Det var sanneleg nok av andre taklingar i kampen som òg burde vore løna med gult kort, når denne vart det. Men Bertholds ulidelege smerter, som han på mirakuløst vis vart kurert for straks domaren hadde synt Gascoigne kortet, bidrog sannsynlegvis til å overtyde Wright. Bobby Robson kalla det «half a yellow card».

Den andre feilen Wright gjorde, og som sjeldan eller aldri vert omtalt, trass i at den både var langt, langt grovare og truleg fekk langt meir avgjerande tyding for utfallet av VM, kom ti minutt seinare. Gascoigne, som hadde klart å samle seg og framleis spelte svært bra trass i si store sorg, spelte vegg med Lineker og fekk ballen igjen ute på høgrekanten. Brehme, Vest-Tysklands fremste kandidat til tittelen som kampens store spelar, føretok det som ikkje kan skildrast som anna enn ei forferdeleg valdshandling, i det han tok full fart, hoppa i Gascoigne, bakfrå, med begge bein, og sparka han regelrett ned. Både kva gjaldt valdeleg intensjon og utføring var det ei takling fullt på høgd med Benjamin Massings overfall på Caniggia i opningskampen mellom Kamerun og Argentina, men medan Massings takling vil verte hugsa til evig tid, er altså denne forvist til gløymsla. Kvifor? I dag ville ei slik takling medført månadlang utestenging frå all landslagsfotball og hundretusenvis av sveitserfranc i bot, i 1990 tillét domarane langt meir brutalt spel, men sjølv innføre dåtidas forståing av reglane var dette eit soleklart raudt kort. Brehme fekk gult, ei totalt absurd og uforståeleg avgjerd av Wright, særleg sett i ljos av den langt mindre alvorlege fellinga offeret Gascoigne hadde fått gult for. Gazza var, utruleg nok, straks på beina, og aksepterte sågar eit handtrykk frå sin overgripar. Waddle tok frisparket, Platt heada det i mål, men linjemannen hadde vinka for offside. Det var ingen protestar frå dei engelske spelarane.

Det var elles relativt få sjansar i ekstraomgangane, men dei som var, var til gjengjeld store. Brehme slo ein framifrå crossball til Klinsmann, som steig til vérs i kamp med Walker, og presterte ei heading ingen kunne krevje at Shilton skulle avverge, noko han likevel gjorde. Nokre få minutt seinare kom Klinsmann atter i scoringsposisjon, etter ein lur ball over det engelske forsvaret frå Augenthaler, men skótet hans strauk Shiltons venstre målstolpe. Og, sekund før den første ekstraomgangen var over, skaut Waddle, knallhardt og utagbart for Illgner, i stolpen frå ein posisjon svært lik den Lineker hadde utlikna frå. I andre ekstraomgang var kampen stadig intens, det var ingenting som tyda på at noko av laga hadde noko ynskje om at kampen skulle gå til straffekonkurranse, og lite vart skapt. Den farlegaste målsjansen kom frå usannsynleg hald, då forsvarskjempa Buchwald, tre minutt før slutt, fyrte av eit langskot Shilton var sjanselaus på, men liksom Waddles forsøk gjekk Buchwalds i stolpen og ut. Då Wright blés for full tid, sókk Gascoigne, liksom Nils Johan Semb i Arnhem ti år seinare, utan samanlikning for øvrig, saman på alle fire i midtsirkelen, og hans nemesis Berthold kom bort og klapsa han venleg(?) på hovudet.

Gascoigne stod på Englands opphavlege liste over straffeskyttarar, men, trass i at han på imponerande vis hadde klart å samle seg etter det gule kortet, vurderte Robson hans psykiske tilstand slik at det var best om han ikkje tok straffe. Han vart difor erstatta av Waddle som femte engelske skyttar. England skulle byrje, og Lineker var først. Han gjekk fram, bretta ned strømpene, tok tilløp og skaut hardt ned til høgre for Illgner, som gjekk til venstre. 1-0. Vest-Tysklands første skyttar var… Brehme. Andy Brehme, denne meisterlege vingback som hadde heile banen som virkefelt og beherska alle spelets fasar like godt, ubestrideleg ein av dei aller fremste i sin generasjon, uansett land eller posisjon på banen, ein stor spelar og mann, men som altså skulle vore utvist for overfallet på Gascoigne, og såleis ikkje burde fått lov til å ta noka straffe i det heile. Kva viss Brehme ikkje hadde vore på banen, men derimot befann seg der han skulle befunne seg, i Vest-Tysklands garderobe, svett, i bar overkropp, bittert angrande den skrekkelege taklinga som hadde medført at han, høgst fortent, vart utvist? Kva då? Då måtte Lothar Matthäus tatt det første vest-tyske straffesparket, Matthäus, kapteinen og strategen, som hadde scora på straffe i kvartfinalen mot Tsjekkoslovakia, men som likevel, tydelegvis, ikkje ynskja å ta den første straffa no. Kvifor ikkje? Var han redd? Vi veit ikkje, men det er ei kjensgjerning at i den vest-tyske cupfinalen 1984, hadde Matthäus, som spelte sin siste kamp for Borussia Mönchengladbach, tatt og brent den første straffa i straffekonkurransen, noko som førte til at Gladbach tapte, og Bayern München, hans nye klubb, vann finalen. Kan hende tenkte han framleis på det no, slik at han føretrekte at Beckenbauer sendte fram Brehme først? Men lat oss no tenkje oss at Matthäus verkeleg hadde tatt det første vest-tyske straffesparket, og brent det, nett som i 84, og såleis spreia angst og uvisse mellom medspelarane, som òg missa, ein etter ein, slik at England vann straffekonkurransen og fekk reise til finalen i Roma. Då er det mogleg, til og med sannsynleg, at England, sjølv utan Paul Gascoigne, kunne vorte verdsmeistrar i fotball, for Argentina var ikkje noko stort lag, dei var utslitne etter ein nervekrig av ein semifinale mot Italia, og dei hadde sjølv pådratt seg ei lang rad utestengjingar på grunn av gule kort.

Brehme hadde teke straffespark mot Peter Shilton før. Dét var i 1985, under den såkalla Azteca 2000-turneringa i Mexico City, som fungerte som ein mini-generalprøve før VM året etterpå. Den gongen hadde Shilton redda Brehmes straffespark. Det gjorde han ikkje no. Brehme, som hadde scora i straffekonkurransen i kvartfinalen mot vertsnasjonen i Mexico-VM med venstre fot, scora no med høgre fot, i høgre hjørne, Shilton var etter ballen, men han var førti år, han var ikkje lenger rask nok, og ballen gjekk inn. 1-1. Beardsley. Han skaut til venstre, ganske høgt, for høgt til at Illgner kunne nå ballen, sjølv om han gjekk til rett side. 2-1. Matthäus. Viss han verkeleg var nervøs, syntest det ikkje på han. Matthäus tok langt tilløp og skaut, som Brehme (og Lineker) hardt i høgre hjørne. Shilton valde rett side igjen, men rókk heller ikkje denne gongen fram. 2-2. Platt, den relativt uerfarne Platt, som kun hadde kome inn i Englands førsteellevar etter praktscoringa mot Belgia, makta han nervepresset? Straffa hans var relativt svak, til høgre for Illgner, men ikkje nær nok stolpen, og i middels høgd: Målvakten fekk hansketuppane på ballen, men makta ikkje å halde den ute. Platt gliste i det han jogga attende til midtsirkelen, truleg meir letta enn eigentleg glad. 3-2. Bruce Springsteen-lookalike Karl-Heinz Riedle, som hadde kome inn for Völler i første omgang då sistnemnte fekk seg ein smell, gløymt å nemne det, beklagar: Hardt, og høgt, for ein gongs skuld i Shiltons venstre hjørne, og trass i at superveteranen nok ei gong gjekk til den sida kor skotet kom, var han denne gongen definitivt sjanselaus. 3-3. Stuart Pearce. Psycho himself. Punk-elskaren frå Hammersmith som herja langs engelske seriebanars venstre sidelinjer for Nottingham Forest, og som var nesten like offensivt for England som Brehme var for Vest-Tyskland. Han kunne vel då aldri mislukkast? Det gjorde han. Kanonskyttaren Pearce skaut hardt, sjølvsagt, lågt, midt i målet. Illgner hadde gått til høgre, men redda med beina. 3-3. Olaf Thon. Den vesle mannen med mustasjen, som hadde kome inn på laget i Beins skadefråvér og gjennomført ein glimrande kamp, og tidvis teke større ansvar for Vest-Tysklands offensive spel enn Matthäus. Han skaut til venstre for Shilton, ganske lågt, ikkje så hardt som øvrige vest-tyskarar. For fjerde strake gong gjekk Englands sisteskanse til rett side, men heller ikkje denne gongen stod det i hans makt å halde ballen ute frå nettet. Burde han klart det? Målvaktar er vanlegvis immune for kritikk ved straffespark, dei kan ikkje tape, berre vinne, men Shiltons innsats i akkurat denne straffekonkurransen er omdiskutert i heimlandet. På den eine sida kan ein seie at det imponerande å lese skyttarens intensjonar så godt at ein går til rett side kvar gong. På den andre sida kan ein seie det er svakt av ein målvakt som går til rett side på fire strake straffar å ikkje få hendene på ballen ved nokon av dei. Men er dét rimeleg? Shilton var aldri nokon stor straffereddar, men alle dei vest-tyske straffane var gode. Ein mann som Goycoechea kunne muligens, men berre muligens, fått ei hand på skota til Brehme og Thon, men Matthäus’ og Riedles var utagbare per definisjon.

Chris Waddle var Englands siste skyttar, og måtte score. Han var 30 år, rutinert, men ein uerfaren straffeskyttar, og var, som nemnt, ikkje mellom Englands opphavlege utvalde. Han hadde kun fått beskjed om at han skulle skyte rett før straffekonkurransen tok til, då Robson kom fram til at det ville vere uansvarleg å sende fram Gascoigne. I samband med Waddles straffespark er det imidlertid verd å merke seg ein sjeldant påakta detalj, og det er at England kun hadde gjort eitt av sine to tillatne byte i kampen. Før dei utlikna i andre omgang, var planen at Steve Bull skulle inn, men då Lineker scora, måtte Bull setje seg på benken igjen. Bull spelte for Wolves, i 2. divisjon, han mangla erfaring frå det høgaste nivået, men han var ein notorisk målscorar, og viss han hadde vore på banen, er det vel sannsynleg at han ville teke det siste straffesparket i staden for Waddle? Uansett, Bull var ikkje på banen, og Waddle gjekk fram og skaut. Knallhardt, like over. Det absolutte minstekravet ved straffespark er jo å treffe mål, og reint statistisk viser det seg at det, uansett nivå, relativt sjeldan hender at ein skytter skyt utanfor eller over, men store spelarar som Socrates, Platini, Baresi og Baggio har alle gjort det i avgjerande VM-kampar. Waddle har seinare argumentert for at straffa hans var fire millimeter unna å vere det perfekte straffespark, og reint teoretisk har han rett: Skotet var knallhardt, hadde det gått under tverrliggjaren, ville ikkje Illgner hatt ein sjanse. Men no gjekk skotet altså ikkje under, men tvert imot over, tverrliggjaren, og England hadde tapt, og Vest-Tyskland vunne, straffekonkurransen. Dei vest-tyske spelarane, støtteapparatet, og ei gamal dame som plutseleg dukka opp på banen, jubla hemningslaust. Men då den fortvilte Waddle sette seg ned i graset, kom Lothar Matthäus bort til han og sa han nokre trøystens ord. Og medan alt dette hende, gret Paul Gascoigne sine eigne og nasjonens tårer, utan å vite at dei ein gong skulle verte det fremste symbolet for ein heil fotballgenerasjon.

Finalen i VM i fotball 1990 fann stad på Stadio Olimpico i Roma, Italias hovudstad, og vart spelt mellom Argentina og Vest-Tyskland. Den vart avgjort då Rudi Völler lét seg falle inne i straffefeltet fem minutt før slutt. Den mexicanske domaren, Edgardo Codesal, idømte sitt femte straffespark i turneringa, eit straffespark så billeg at sjølv vest-tysk fjernsyns ekspertkommentator Karl-Heinz Rummenigge kalla det «ein presang». Sergio Goycoechea hadde alt redda fire straffar i sluttspelet. Skulle han redde ei til? Nei. Andy Brehme, mannen som skulle vore utvist for sitt overfall på Paul Gascoigne og såleis utestengt frå finalen i Roma, skaut kaldt og roleg ned til høgre for Goycoechea, som strakte seg etter ballen, utan å nå fram. Vest-Tyskland var verdsmeistrar i fotball, for tredje og siste gong. Men sanninga er at VM-finalen det året, som dei fleste VM-finalar sidan, var ein komplett uvesentleg kamp. Det som er verd å hugse frå Italia 90, er dramaet i semifinalane, og alt som leia fram mot det.

 

0 Kommenter
0

Relaterte artikler