Julekalender #5 Det lille storlaget er tilbake

SOCCER - SPAIN/CHAMPIONS OF SPANISH LEAGUE

Dei gjorde kontinuitet til kunst og gråstein til gull, men så spora toget av.
Dette er historia om klubben som blei for stor for sitt eige beste.

Tekst Even Smith Wergeland

Heilt i det nordaustlege hjørnet av Spania ligg La Coruña, ein fredsæl hamneby med om lag 250.000 innbyggjarar. Det er 50.000 færre enn Vigo, den største byen i Galicia-provinsen, og 20.000 færre enn Bergen, for å setje det i norsk målestokk. Det er ingen storby, men i ein kort periode var La Coruña eit kraftsentrum i europeisk fotball – eit eventyr av dei sjeldne, med ein påfølgjande nedtur av den stusselege sorten. I løpet av 1990-talet og tidleg på 2000-talet klarte nemleg Deportivo La Coruña det ingen skulle tru at nokon kunne snu, nemleg den sedvanlege Madrid- og Barcelona-dominansen i spansk fotball. No skal vi for all del ikkje gløyme at dei baskiske laga Real Sociedad og Athletic Bilbao hadde eit godt grep om La Liga-tittelen i første halvleik av 1980-talet, og at Valencia stundom har blanda seg inn i teten. Men all spansk fotballstatistikk fortel om eit vedvarande hegemoni beståande av Real Madrid og Barcelona, med Atlético Madrid som ein habil, om enn ustabil, nummer tre. Men så, som eit hemmeleg kort i ermet på ein kanin som blir halt opp av hatten, dukka Deportivo La Coruña opp. I perioden 1993 til 2004 avslutta dei sesongen med topp 3-plassering heile ti gongar. Det er betre statistikk enn både Barca og Real i same periode. Som om dette ikkje var imponerande nok, vann dei La Liga i 1999/2000, og blei dermed eitt av berre ni lag i historia som har teke den tittelen. Korleis i all verda kunne dette skje?

Real Club Deportivo de La Coruña blei stifta i 1906. Men det skulle ta ei viss tid før den galisiske nykomaren skulle gjere seg gjeldande på øvste nivå. Den første La Primera-sesongen blei arrangert i 1928, men La Coruña rykka ikkje opp frå La Segunda før i 1940/41-sesongen. Dei rykka ned igjen etter berre tre sesongar, men rakk å byggje den første komplette utgåva av den legendariske heimebanen Estadio Riazor (1944).

I løpet av dei neste tiåra rykka Deportivo opp og ned i beste heisklubb-manér, før den såkalla «mørketida» ble innleia med nedrykket til nivå tre i spansk fotball i 1974. Og utover 80-talet var det ingenting som tyda på at Deportivo kom til å vere noko meir enn ein middelhavsfarar ved Atlanterhavskysten, trygt plassert i La Segunda. Det hjelpte ikkje heller at den økonomiske situasjonen var så som så. Mot slutten av 80-talet blei det rapportert om ei gjeld på rundt 600 millionar pesetas (ca. 30 millionar kroner), og klubben sparka den eine trenaren etter den andre. Dette, kombinert med manglande kontinuitet i administrasjonen og spelargruppa, gjorde at framtida såg alt anna lys ut då Augusto César Lendoiro blei vald som ny president sommaren 1988.

Ein lokal klubb for lokale folk
Det nyvalde styret lanserte ei målretta satsing på å styrke den lokale profilen. Deportivo skulle bli ein klubb som alle i Coruña-området kunne identifisere seg med. Dette handla ikkje berre om identitet, men også om økonomi. I ein liten klubb er billettinntekter ekstra viktig. Lendoiro hadde i grunnen to val: gjeldssanering med hjelp utanfrå – med fare for å gje frå seg kontrollen over klubben til utanforståande – eller ein real økonomisk dugnad. Det siste alternativet blei vald. Dette medførte at prosessen tok lengre tid, men det skapte samstundes eit uerstatteleg samhald. Plutseleg blei det viktig for folk i klubben – og fansen – å engasjere seg.

Den lokale satsinga gav seg også utslag i den sportslege drifta. Noko av det første Lendoiro gjorde etter at han blei president, var å tilsetje trenaren Arsenio Iglesias, som var fødd og oppvaksen i Arteixo i Coruña-området. Stein-på-stein-mentaliteten som Iglesias representerte var akkurat det klubben trong etter mange tiår i opp- og nedrykksheisen. Han var den perfekte fotballfaglege ekvivalenten til den lokalpatriotismen som Lendoiro ynskja å skape.

Det var ikkje første gong at Iglesias var i klubben. Som spelar scora han 32 mål på 135 ligakampar for Deportivo i den suksessrike perioden på 1950-talet, då han fekk kallenamnet «reven frå Arteixo» på grunn av dei lure, hurtige løpa som kjenneteikna spelestilen hans. Etter ei spelarkarriere som også involverte opphald i Granada, Sevilla, Oviedo og Albacete, returnerte han til Deportivo som hovudtrenar i to sesongar tidleg på 70-talet, og igjen frå 1982 til ’85.

Kabalen var no lagt, både administrativt og på trenarsida, men det skulle ta ein del tid før endringane gav seg utslag i sportsleg framgang. Den troppen Iglesias rådde over i 1988/89 besto av den same gjengen med gjennomsnittlege Segunda-travarar som sesongen før. Og det var null rom for investeringar på grunn av den nøysame økonomiske linja som Lendoiro hadde innført. Så kva kunne ein gjere? Svaret blei å oppsøkje bruktmarknaden etter ledige fotballspelarar. Og den som leiter, finn stundom eit eller anna av verdi. Det gjorde Deportivo, som signerte den brasilianske spissen Raudnei Aniversa Freire gratis etter at han hadde blitt dumpa av FC Porto. Raudnei var i alle fall middels pluss, og han utmerkte seg særleg i Copa del Rey – Kongens cup, den spanske cupen – der Deportivo gjekk langt. Noko opprykk til La Primera blei det ikkje, men dei unngjekk å kjempe desperat mot nedrykk, slik tilfellet var sesongen før.

«Súper Dépor» blir til
Det som hende i løpet av dei neste sesongane er eit lærestykke i tålsemd og tillit til eigne ressursar, kombinert med gradvis ekspansjon. Takka vere den aktive rekrutteringskampanjen hadde klubben nådd 17.500 medlemmar i 1990. Med eit budsjett som faktisk hadde gått i pluss for første gong på lenge, starta det nye tiåret med ei bølje av optimisme. Klubben handla inn forsterkingar, deriblant den jugoslaviske midtstopparlegenda Miroslav Đukić. Han var ikkje så viktig i sjølve opprykkssesongen 1990/91, då han berre spela fem kampar, men i dei påfølgjande åra skulle han vise seg som ei skikkeleg berebjelke. Ein annan sterk tilvekst var den bulgarske backen Ilijan Kirjakov, som slutta seg til laget etter at opprykket var sikra.

Men det forekom enkelte feilskjer. Eitt av dei var å overlate trenarjobben til den meir profilerte trenaren Marco Antonio Boronat, som blei henta frå Real Sociedad. Her fortel kjeldene litt ulike ting: somme hevdar at Iglesias sjølv gjekk av etter opprykket, fordi han var nøgd med den prestasjonen, andre hevdar at han ynskja å halde fram, men ikkje fekk fornya kontrakten. Uansett: Boronat kom inn, men fekk aldri heilt sving på sakene. Det var venta at eit nyopprykka lag skulle slite, med då klubben såg nedrykket i kvitauget mot slutten av sesongen var det berre éin ting å gjere: å kvitte seg med Boronat og få Iglesias inn igjen. Det gjorde susen, for Deportivo unngjekk nedrykk, ikkje minst på grunn av ein heroisk 5-2-siger mot Sporting Gijón, der veteranspissen Pedro Uralde noterte seg for hat-trick.

Med Iglesias inne i varmen igjen kunne laget førebu seg til ny sesong ved hjelp av velkjende metodar. Kontinuitetsbrotet hadde, om noko, berre styrka trua på den interne dugleiken. Den lokale orienteringa begynte også å gje avkasting i form av talentutvikling. Ved starten av 1992/93-sesongen hadde Deportivo fått opp fleire eigenproduserte spelarar. Den mest talentfulle av dei var Francisco Javier González Pérez, betre kjend som Fran. Viss det er éin person som verkeleg personifiserer heile «Súper Dépor»-æraen, så er det han. Den listige venstrevingen hadde debutert sesongen før og sto no på trappene av eit seriøst gjennombrot på førstelaget.

Den framtidige klubbkapteinen og spanske landslagsspelaren Fran var i godt selskap. Klubbens unge sauar var omgjevne av rutinerte spelarar med fortid i spanske toppklubbar: forsvarsspelaren Luis López Rekarte (Barcelona), og midtbanespelarane Adolfo Aldana (Real Madrid) og Donato (Atlético Madrid), med fleire. Sistnemnde var brasilianar av opphav, men blei spansk statsborgar og fekk 12 landskampar for Spania. Linken til Brasil skulle bli eit kjennemerke for Deportivo. Før 1992/93-sesongen gira klubben opp ambisjonane og henta spissen Bebeto (Vasco da Gama) og midtbanespelaren Mauro Silva (Bragantino). Desse innkjøpa blei ein suksess nesten utan sidestykke i Deportivo-historia. Bebeto blei toppscorar i La Liga i 1992/93 med 29 mål, og scora heile 86 mål på 131 kampar over fire sesongar. Mauro Silva, derimot, var ingen målgarantist. Eitt fattig mål på 369 La Liga-kampar fordelt på 13 sesongar var hans bidrag på den fronten. Men han var kanskje endå viktigare enn Bebeto, som ein bauta av arbeidskraft og disiplin. Med han på plass hadde laget fått eit gravitasjonspunkt av toppklasse.

Konsistens som varemerke
1992/93-sesongen markerte starten på ein av dei mest konsistente periodane eit lag nokon gong har hatt i spansk toppfotball. At Deportivo lenge hadde vore ein heisklubb, kunne ingen sjå lenger. Laget gjekk rett frå nesten-nedrykk sesongen før til å kapre tredjeplassen i La Liga, og leia tabellen store delar av sesongen. Sjølv om Barcelona og Real Madrid blei for sterke på vårparten var det vill begeistring på Riazor, som var fullsatt bortimot kvar einaste heimekamp. Det smakte sjølvsagt ekstra godt for fansen at suksessen hadde sitt opphav i ei lokal mønstring. No fekk dei trufaste tribuneslitarane skikkeleg valuta for lojaliteten.

Det var stadig kontinuitetsgarantisten Iglesias som sat i trenarstolen. Han hadde ikkje berre skapt eit solid kollektiv, han hadde også sanka saman spelarar som var konsistente som individualistar. Den fremste eksponenten for dette var keeperen Francisco Liaño, som vann Zamora-trofeet to sesongar på rad, altså prisen for å ha sleppt inn færrast mål i snitt. I 1993/94 sleppte han berre inn 18 mål på 38 kampar. Solid var berre fornamnet. Dei laga med nest færrast innsleppte mål den sesongen var Barcelona, Sevilla and Racing Santander, alle med 42. Deportivo sitt defensive opplegg var i ei klasse for seg. Framfor seg hadde Liaño ein forsvarskvintett beståande av Đukić som sweeper, ringrevane Voro og Ribera på midtstopparplass, og dei hardtarbeidande backane Nando og López Rekarte. Det var ikkje sambafotball, men det svinga likevel, for så lenge dei hadde den offensive eksplosiviteten til Fran og Bebeto, var det få motstandarlag som kunne føle seg sikre.

Men alt gjekk ikkje på skinner. Fatale, lagnadstunge augeblikk er også ein del av soga om «Súper Dépor». I 1994 kunne klubben ta sitt første ligagull i historia ved å vinne sesongens siste heimekamp, mot Valencia. Konkurrenten Barcelona avslutta mot Sevilla på Camp Nou. Viss begge laga vann ville Deportivo triumfere. På eit tidspunkt låg faktisk Barcelona under 1-2 mot Sevilla, men Romário snudde kampen i katalanarane si favør. Dermed måtte det scorast på Riazor, fortrinnsvis av heimelaget, for at gullet skulle hamne i Galicia. På overtid kom sjansen: straffespark! Men den vanlege straffeeksekutøren, Donato, var blitt bytta ut. Og Bebeto nekta å ta det tunge ansvaret. Dermed gjekk Đukić fram, og missa. Sjeldan har tåka frå havet virka meir kvelande enn akkurat den kvelden i La Coruña. For dei som hugsa så langt tilbake, var straffebommen eit nitrist ekko frå gullet som glapp på tilsvarande vis i 1950.

I slike stunder er det lett å falle i stavar og gje opp håpet, særleg for ein liten klubb. Straffebommen blei ei påminning om kor urealistisk det var at Deportivo kjempa i toppen av La Primera. Det var jo ingen garanti for at laget skulle klare det neste sesong. Betre blei det ikkje då Iglesias annonserte at den komande sesongen ville bli hans siste som hovudtrenar. Var den gylne æraen over nærast før den hadde byrja? På ingen måte. I Iglesias sin siste sesong var laget meir konsistent enn nokon gong før. Dei tapte ikkje i serien før i 11. runde, og på vårparten gjekk dei ni kampar på rad utan tap. Deportivo-maskinen tikka stødig mot triumf. Men eitt lag sto i vegen: Real Madrid, som klarte å snike til seg tre poeng i den avgjerande kampen mot Deportivo takka vere ei sein scoring av den chilenske måltjuven Iván Zamorano. Iván «den grusomme» var ganske enkelt ustoppeleg den sesongen, ikkje minst på grunn av det offensive samarbeidet med Michael Laudrup. Med 28 mål tok han Pichichi-trofeet, og Real tok gullet. Deportivo sto likevel ikkje tomhendte igjen ved sesongslutt. Dei vann 2-1 over Valencia i Copa del Rey-finalen, og innkasserte dermed klubben sitt aller første trofé.

Kongen av kontinuitet: Augusto César Lendoiro, president i Deportivo frå 1988 til 2013.
Kongen av kontinuitet: Augusto César Lendoiro, president i Deportivo frå 1988 til 2013.

Walisisk intermezzo
Cup-tittelen til tross – Deportivo var eit lag som berre nesten hadde lukkast. Dei hadde vore svært nære ligatittelen tre sesongar på rad, men snubla mot slutten. I Europacupen hadde dei blitt slått ut så snart dei møtte eit ordentleg storlag. Ved inngangen til 1995/96-sesongen var det mange spørsmål som svirra rundt laget. Var den gamle garden framleis god nok? Og korleis ville den nye trenaren, walisaren John Benjamin Toshack, takle dei forventingane som hadde etablert seg blant fansen etter tre sesongar i toppen? Artig nok kom også han frå Real Sociedad, slik tilfellet var den førre gongen klubben skulle erstatte Iglesias. Skilnaden var at Toshack hadde langt meir å vise til enn Marco Antonio Boronat. Han hadde vunne La Liga med Real Madrid og Copa del Rey med Real Sociedad. Mannskapet han arva frå Iglesias var dessutan spekka med kvalitet, om enn noko aldrande.

Laget var dessutan ikkje heilt geriatrisk. Iglesias hadde nemleg signert to talentfulle menn i den robuste midtstopparen Paco og den lynhurtige angrepsspelaren Javier Manjarín. Begge desse slo ut i full blome under Toschack. Særleg Manjarín, som etablerte seg på det spanske landslaget i 1995/96-sesongen og blei teken ut i den spanske troppen til EM i 1996. Den enorme farta hans gav Deportivo endå meir kontringsstyrke. Toshack henta også inn nye menn, deriblant den russiske spissen Dmitri Radchenko, som hadde vore ein moderat suksess i Racing Santander, og dei spanske veteranane Aitor Beguiristan og Rafael Martín Vázquez, frå Barcelona og Real Madrid. Ingen av desse signeringane var særleg populære blant Deportivo-fansen, som meinte at det var defensivt å signere vrakgods frå andre toppklubbar. Det var greitt for eit nyopprykka lag, ikkje for ein gullkandidat. Ingen av desse signeringane blei spesielt viktige i Deportivo heller, anna enn som breiddetilvekstar i troppen.

Toshack-perioden, som varte fram til januar 1997, var prega av mykje intern uro og misnøye blant fansen. Det byrja med stjernespelaren Bebeto, som etter å blitt bytta ut i ein seriekamp mot Sporting Gijón responderte med å kome med ein fornærmande merknad om Toshack si mor. Dette er jo slett ikkje uvanleg i latinsk språkkultur, men for ein stolt walisar var det heilt uakseptabelt. Disputten mellom dei to gav seg aldri, og ved sesongslutt i 1996 drog Bebeto tilbake til brasiliansk fotball. Toshack krangla også openlyst med ein annan brasilianar, den defensive midtbanespelaren Flávio Conceição, og på Riazor byrja det å dukke opp tribunebanner av typen «Toshack, din kødd!» og «Toshack må gå!». Tida hans var utvilsamt omme.

Då han hadde resignert, kom Toshack med følgjande oppsummering: «Det var den verste spelargruppa eg hadde sett i løpet av 20 år. Eg kunne ikkje relatere meg til identiteten til dei folka. Dei var fullstendig mette og utbrende, det var korkje framtid eller ungdom å spore. Eg måtte verkeleg gjere nytte av all mi erfaring frå 18 år som trenar for å overleve.» Toshack meinte også at klubben var «fullstendig utan base, som eit luftslott». Utsegnene hans ber veldig preg av at han aldri heilt kom på innsida av klubben. Det er kanskje ikkje så rart, i og med at dei same folka hadde styrt lenge og skapt ein intern kultur som berre dei innvigde verkeleg kunne forstå. Anten identifiserte du deg med Prosjekt Deportivo, eller så måtte du gå.

Den ekstremt introverte klubbkulturen var ikkje utelukkande til hinder for nytenking, slik Toshack hevda. Deportivo, anført av Lendoiro, var alltid på utkikk etter ressursar som kunne gjere klubben meir slagkraftig. I 1997 underskreiv Lendoiro ein 7-årig TV-avtale med Canal+. Dette gjorde klubben i stand til å flekse med betydeleg større finansielle musklar. Den mest oppsiktsvekkande signeringa kom i form av det brasilianske angrepsvidunderet Rivaldo, som kom frå Palmeiras. Rivaldo blei berre verande i éin sesong, 1996/97, men dei 21 ligamåla hans gjorde tapet av Bebeto lettare å takle. 12 av måla hans kom etter at Toshack hadde sagt opp, då laget klarte å løfte seg såpass at sesongen ikkje blei fullstendig katastrofal. Likevel: Rivaldo forsvann til Barcelona, trenarspørsmålet var uløyst og gamlis-preget i troppen hadde bikka over grensa.

Sesongen 1997/98 blei ein rein transformasjonsetappe. To ulike trenarar var innom, og stamma i laget blei endra. Đukić hadde gått til Valencia, Voro til Logroñés, og Manjarín var i ferd med å dabbe av. Til gjengjeld hadde klubben erverva kvalitetsspelarar som den kamerunske meisterkeeperen Jaqcues Songo’o, den marokkanske spissen Salaheddine Bassir og, typisk nok, to nye brasilianarar: den unge spissen Luizão og den offensive midtbanespelaren Djalminha. Mykje kvalitet på papiret, men det var berre Songo’o som klarte å prestere like konsistent som dei beste spelarane frå Iglesias-epoken. Luizão lengta heim, Bassir var høgst variabel og Djalminha…vel, han var Djalminha. Ordet «lunefull» har sjeldan passa så godt på ein spelar. Magisk i det eine augeblikket, borte i det neste. Gullgut på måndag, bråkebøtte på tysdag. Keisamt var det i alle fall aldri den tida Djalminha var i klubben.

Starten på noko stort: ein tidleg versjon av Súper Dépor, før Bebeto kom til klubben.
Starten på noko stort: ein tidleg versjon av Súper Dépor, før Bebeto kom til klubben.

Den teknokratiske trollmannen
I 1998 kom det inn ein trenar som både makta å få klubben i sportsleg balanse igjen og som, i alle fall tidvis, klarte å tøyle dei destruktive tilbøyelegheitene til Djalminha. Javier Iruretagoyena Amiano – Irureta, for enkeltheits skuld – kom frå erkerivalen Celta Vigo, og hadde brukbare meritter å vise til frå mindre spanske klubbar. Han tok bl.a. Oviedo til UEFA-cupen i 1991/92. Som spelar var Irureta ein offensiv elegant, med nesten 100 mål på rundt 400 kampar gjennom ei La Liga-karriere som fordelte seg på Atlético Madrid og Athletic Bilbao. Han fekk også seks landskampar for Spania. Som trenar, derimot, var varemerket hans defensiv soliditet. Det var kanskje derfor det gjekk så bra med Irureta i Deportivo. Han vidareførte og vidareutvikla den spelestilen som allereie var djupt forankra i klubben. Den grå eminensen Irureta passe ikkje berre inn, han makta også å svinge tryllestaven innanfor det strenge fotballteknokratiet Lendoiro hadde bygd opp.

Irureta-perioden varte i sju sesongar, og det var særleg den første tida som førte med seg prestasjonar på absolutt toppnivå. Men første forsøk i 1998/99 gav vekslande utteljing. Nye tilvekstar som den argentinske spissen Turu Flores og den marokkanske angrepsspelaren Mustapha Hadji – mannen som rundlurte Noreg og særleg Dan Eggen i ’98-VM – gjorde at laget viste friske takter offensivt, deriblant ein 4-0-siger mot Real Madrid på vårparten. Det varierte likevel for mykje, og Irureta klarte ikkje heilt å etablere det betongfundamentet som den komande suksessen var tufta på. Ein sjetteplass på tabellen var slett ikkje godt nok, men Irureta fekk halde fram. Eit viktig trekk var at to nye kontinuitetsberarar etablerte seg på laget: den kompromisslause midtstopparen Noureddine Naybet og høgrebacken Manuel Pablo. I 2014 er sistnemnde stadig i klubben, i ein alder av 38 år.

Den påfølgjande sesongen eksploderte det. Innan sesongstart hadde Irureta drilla sin kompakte 4-5-1-formasjon til perfeksjon, og i tillegg fått gjennomført ein handel som skreiv seg inn i Deportivo-historia med gullskrift. Den nederlandske spissen Roy Makaay blei henta for €8,6 millionar frå Tenerife og han utkonkurrerte den listige, men akk så ujamne Turu Flores. Som spydspiss fekk Makaay upåklageleg service frå Fran, Djalminha og løpsmaskinen Víctor Sánchez, innkjøpt frå Racing Santander. I midten regjerte den durkdrivne duoen Mauro Silva og Flávio Conceição, og bak seg hadde dei ein forsvarskvartett beståande av Romero, Naybet, Donato og Manuel Pablo. Og viss motstandaren mot alle odds trengte gjennom alt dette, sto Songo’o parat til å redde.

Resultatet var eit bortimot uovervinneleg lag, særleg fordi fleirtalet av spelarane nådde sin absolutte karrieretopp akkurat denne sesongen. Makaay skulle rett nok auke frå 22 til 29 seriemål tre sesongar seinare, då han vann den europeiske gullstøvelen, men han leverte meir enn nok for eit lag som måtte knive med Barcelona heilt til siste serierunde for å ta det etterlengta gullet. Makaay var spesielt avgjerande i løpet av dei sju siste seriekampane, då han scora åtte mål i ein thriller av ei avslutting. Deportivo leia heile tida, men berre med to poeng. Denne gongen bukka dei ikkje under for presset, men det gjorde Barcelona, som gjekk på to uavgjort-smellar like før siste serierunde. Deportivo heldt flyten oppe og 19. mai 2000 storma 200.000 mennesker ut i gatene i La Coruña for å feire då triumfen var eit faktum. Det var ein imponerande prestasjon, ikkje minst fordi La Liga var uhyre kompetitiv akkurat den sesongen. Valencia og Real Madrid møttest i Champions League-finalen, og regjerande ligameister Barcelona mønstra eit evnerikt mannskap leia av Louis van Gaal. Deportivo vann ikkje fordi dei andre topplaga var dårlege, slik det av og til kan vere når ein småklubb vinn serien, men fordi dei ganske enkelt var best.

Nederlandske Roy Makaay var den avgjerande målscoraren då klubben vann La Liga i 1999/2000.
Nederlandske Roy Makaay var den avgjerande målscoraren då klubben vann La Liga i 1999/2000.

Deportivo i Europa
«Súper Dépor» klarte aldri å kopiere eller overgå ligatittelen frå 2000, men laget beit godt frå seg dei første åra i det nye millenniet. Fotballentusiastar som ikkje følgde så nøye med i spansk ligafotball blei vane med å sjå Deportivo i Champions League. Med kvalitetssigneringar som Diego Tristán, Joan Capdevila og Juan Carlos Valerón på plass, var laget sterkare enn nokon gong før. Særleg Valerón tilførte ein heilt ny dimensjon, med sitt slentrande og elegante playmakeri på offensiv midtbaneplass. Han var i grunnen ein utypisk Deportivo-spelar. Med unntak av Djalminha, kanskje også Rivaldo, hadde laget alltid bestått av flittige arbeidsmaur. Valerón var sjeldan den som løp mest, pressa hardast eller takla oftast. Men han kompenserte for alt dette med sitt kreative instinkt, visjonære overblikk og tekniske repetoar. Bak seg hadde han uansett ryddeguten Mauro Silva og nykomlingen Sergio, som i tillegg til stor arbeidskapasitet også hadde offensiv finesse. På papiret såg det perfekt ut.

Laget imponerte også stort ved fleire høve. Dei kom til Champions League-kvartfinalen i 2000/01, då det måtte eit uvanleg talentfullt Leeds United-lag til for å stoppe dei. Sesongen etter slo dei Manchester United både heime og borte i første gruppespel og vann gruppa. I gruppespel 2 slo dei både Juventus og Arsenal på Riazor og delte tabelltoppen med Bayer Leverkusen, som gjekk heilt til finalen det året. Deportivo rauk nok ein gong ut i kvartfinalen, mot Manchester United, laget dei hadde slått to gonger i første gruppespel. Fotballen er ikkje utan ironi. Sesongen etter kom dei på sisteplass i gruppespel 2, men i 2003/04 gjekk dei lengre enn nokon gong før. På vegen mot semifinalen, der det sa stopp mot det Mourinho-inspirerte Porto-laget som vann den påfølgjande finalen, slo dei ut både Juventus og Milan.

Kvartfinalen mot Milan vil for alltid vere oppført med eit ekstra utropsteikn, både i Champions League- og Deportivo-historia. Milan vann nemleg 4-1 i Milano og hadde eit lag som av mange var tippa som vinnar allereie før turneringa var i gang. Men den 7. april 2004 gjorde Deportivo eit mirakuløst comeback i returkampen på Riazor. Dei rusa ut av startblokkene og putta tre mål før pause, ved Valerón, Walter Pandiani og Alberto Luque. Dei to sistnemnde skulle seinare får oppleve den utruleg fornedrande opplevinga det er å floppe i engelsk fotball, men det er ei anna historie. Milan var rysta, og i det 76. minutt kom det avgjerande målet. Passande nok var det innbytaren Fran, den garva veteranen, som sikra samanlagtsigeren. Riazor jubla, Milan-spelarane deppa. Éin av dei, Andrea Pirlo, blei faktisk så deppa at han seinare valde å bruke ein del tid på akkurat denne kampen i sjølvbiografien sin, I think, therefore I play (2014). Der kjem det fram at han knapt har vore så skuffa i heile karrieren. Han kjem også med dårleg kamuflerte skuldingar mot Deportivo-laget:
«Motstandarane våre heldt det gåande i 1000 km i timen. Til og med dei eldre spelarane, som aldri hadde vore kjende for å kunne kombinere høg fart med evigvarande kondis. […] For første og einaste gong i livet mitt har eg lurt på om konkurrentane på banen gjekk på noko. Kanskje er det berre eit sinne eg aldri har klart å riste av meg. Men Deportivo-spelarane var som besette og galopperte mot eit mål som berre dei kunne sjå. Vi for vår del var blinde, og blei nådelaust straffa.»

Så langt Josimar veit, finst det ingen andre kjelder som hevdar noko tilsvarande. Spansk idrett, særleg sykling, er på ingen måte dopingfri, men det har så langt aldri blitt avdekka snusk av den typen som Pirlo hintar om i spansk fotball. I italiensk fotball, derimot, har det jo florert, og Pirlo seier lite eller ingenting om juksemakeriet i hans noverande klubb, Juventus, i sjølvbiografien, som elles er eit utmerkt bok. Deportivo-passasjen vitnar mest om ein mann som aldri har klart å forsone seg med eit forsmedeleg sportsleg nederlag, og som vel å uttrykke det gjennom sparking av ball i glashus. Juks eller ei: den kampen blei ståande som eit siste touch av magi frå eit lag som var i ferd med å bikke middagshøgda.

Frå sus og dus til bakrus
For draumen kunne ikkje vare evig. I iveren etter å halde seg i toppen hadde klubben opparbeidd alt for store utgifter, både på innkjøp og lønsutbetalingar. Stadion var så stor som den burde vere og Deportivo var aldri en glamorøs sponsordraum, så det fanst ikkje noko ekstra inntektspotensiale. At ein ekstern riking eller eit stort firma plutseleg skulle fatte interesse for klubben, var omtrent like sannsynleg som at Luton skulle bli ein populær turistdestinasjon. Ein må hugse på at Deportivo hamna i denne situasjonen nokre år før det blei vanleg at tilfeldige rikingar frå heile verda begynte å kjøpe opp all slags eksentriske europeiske fotballklubbar.

I tillegg sto det gamle kontinuitetsprinsippet for fall. Innkjøpsfrekvensen hadde berre auka i takt med tida og i 2005, då både Irureta, Mauro Silva, Fran og Naybet forsvann frå klubben, var heile grunnmuren borte i det huset det hadde teke 16 år å byggje. I mellomtida hadde heile fotballmarknaden endra seg radikalt. Ein småklubb kunne ikkje forvente lojalitet på same måte som før, og då nedturen begynte formeleg rann spelarane ut. Dog ikkje alle. Valerón og Manuel Pablo blei verande gjennom heile nedgangstida, som kulminerte med nedrykk til La Segunda i 2010/11-sesongen. Med dèt var ringen slutta, ettersom Deportivo i ettertid har blitt eit heislag igjen. Etter at Lendoiro nyleg takka av etter 25 år i klubben, er det berre Manuel Pablo som er igjen, som eit einsleg spøkjelse frå det som no verkar som ei fjern fortid.

Historia om Deportivo er eit klassisk døme på «From the rubble to the Ritz and back again», som engelskmennene seier. Klubben synte at det var mogleg å kome seg til toppen av europeisk fotball med små ressursar, men også kor lett det er å falle i freisting og pådra seg økonomiske vanar som er vonde å vende. Slik sett er klubben både eit prakt- og skrekkeksempel på moderne klubbdrift, som alle med idrettsadministrative ambisjonar kunne lært masse av å studere. Ein sit også med ein snikande mistanke om at det Deportivo klarte, ikkje lenger er mogleg for nokon klubb med tilsvarande føresetnader. Det har skjedd utruleg mykje i europeisk fotball sidan 1990, særleg økonomisk. Fotballen er så gjennomsyra av marknadsorientering og raske pengar at ein seig, nøktern og langsiktig modell à la den Deportivo brukte til å etablere seg, neppe ville hatt den same effekten. Medan vi ventar på at Financial Fair Play faktisk blir fair, får vi tillate oss å drøyme litt tilbake til dei dagane då fotball, ikkje finans, faktisk var the name of the game.

 

Støtt uavhengig og kritisk fotballjournalistikk. Bli Josimar-abonnent i dag: KlIKK HER

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.