Spelarutvikling på spansk

Valencia-01

Det er langt mellom Gary Neville og Diego Simeone. Det er også langt mellom norsk og spansk talentutvikling, men læringspotensialet går faktisk ikkje berre éin veg.

Tekst Frode Telseth og Even Smith Wergeland

Tidleg i mars drog ein norsk fotballdelegasjon på studietur til Valencia, der to dagar på konferanse vart kombinert med besøk hjå dei større klubbane i regionen: Valencia, Levante og Villarreal. Å kalle dette «the Great Beyond» er kanskje å overdrive, men å leite etter svar, kan neppe skade viss ein er norsk og driv med fotball. På programmet sto alt frå A-kampar til treningar og kampar med aldersbestemte lag. Konferansen romma presentasjonar av klubbvisjonar og treningsopplegg, levert av representantar frå dei ovannemnte klubbane, supplert med praktiske demonstrasjonar ute på treningsfeltet. Med andre ord ein heftig injeksjon av rykande aktuell fotballkunnskap.
Konferansen vart arrangert i samarbeid mellom Høgskulen i Søraust-Noreg (tidlegare Høgskolen i Telemark) og Universidad Católica de Valencia. Begge institusjonane har sterke idrettsfaglege miljø og relevante utdanningar innan fotball. Konferanseprogrammet romma innlegg frå begge hald, samt ei rad eksterne bidragsytarar. Spennet i presentasjonane var stort, frå ferske studiar av fotballens popularitet i Europa til sosiologiske forklaringar på kvifor norsk fotball har sakka akterut i internasjonal samanheng dei seinare åra. Under første dag var det også ein lengre sesjon med videobidrag frå spanske fotballtrenarar rundt om i verda, deriblant rappkjefta Raúl Ruiz González-Riancho, assistenttrenar i Dynamo Kiev. Ruiz fremste bidrag var kanskje spørsmålet om kven som oftast vil vinne ballen, den som tenker raskast eller spring raskast?  Spansk fotball har naturleg nok vorte ein ettertrakta eksportvare i kjølvatnet av den enorme suksessen til klubb- og landslag dei siste åra, og gjennom konferansen og opphaldet blir vi styrka på at ein viktig del av denne suksessen skuldast ei taktisk skolering av fotballspelarane frå dei første sparka i akademistrukturen.

Filosofi og metodologi
Eksil-spanjolane var både eit spennande og interessant innslag på konferansen, men det var utan tvil dei lokale representantane som gjorde størst inntrykk i den fotballmetodologiske delen av programmet. Vi snakkar trass alt om akademitrenarar som har ansvar for å utvikle kandidatar til den neste generasjonen spanske toppspelarar. I tillegg til klubbar frå Valencia-regionen var også Atlético Madrid representert, ved U18-hovudtrenar Óscar Fernández, som viste seg å vere minst like energisk som klubbens A-lagstrenar. Meir om engasjerte Fernández seinare.
Det kom snart for ein dag at alle foredragshaldarane var svært opptekne av klubbkontekst, dvs. det spesifikke ved akkurat deira treningsmetodologi, spelestil og klubbideologi. Men det var også ein del fellestrekk, både retorisk og metodologisk. Alle klubbane er til dømes opptekne av trening med ball – naturleg nok!
På enkelte punkt var usemja merkbar, til dømes i synet på korleis å trene barn og vaksne. Dette kom særleg fram i presentasjonen til José V. Portolés Montañés, ein mann med lang fartstid som trenar i spansk fotball, deriblant i både Villarreal og Valencia. «The perception of children is key», var mantraet til Portolés. «Youth licence has to be specific». Med dette sikta han til at alle klubbar bør ha eit eige opplegg for ungdomsakademiet, som gjerne kan vere bygd på heilt andre prinsipp enn filosofien til A-laget. Ein av dei tinga han var særleg oppteken av, var å snakke til barna på deira premiss. Aldri ruve over dei, alltid bøye seg ned og få skikkeleg blikkontakt. «Individual needs are important. If you work correctly, talent will arrive», meinte Portolés.
Ei anna kjelde til usemje var individ versus kollektiv. Dette kom fram då Portolés ytra seg kritisk til den kollektivistiske tilnærminga til Levante, som vart presentert av akademitrenarane Sergio Gómez og Bryant Lázaro. På grunn av at Levante er veslebror både i resultat og ressursar i forhold til Valencia og Villarreal, har dei ei tilnærming som i den spanske utviklingskulturen kan opplevast noko provokativ, nemlig at dei må jobbe med spelarane i ei meir kollektivistisk retning. Derfor handlar det  i Levante-kretsar meir om laget, og ikkje i så stor grad enkeltspelaren, nettopp fordi dei må vere konkurrerande på resultata mot storebrørne Valencia og Villarreal. Levante har mykje fokus på match-simulering i treningsopplegget, og særleg på «Tensión defensiva», som Lazaro kalla det: spenninga mellom forsvar og angrep, eller overgangsspel som vi kan kalle det på ”godt” norsk. «You can be here all day and talk about individuals but football is a team sport. Levante emphasizes collectivism», var Lazaro sitt motsvar til Portolés si kritiske innvending til deira kollektive tilnærming. Ein viss temperatur var det altså i Universidad Católica sitt nybygg i Torrent, ein forstad til Valencia.

Å vinne eller utvikle –  to sider av same sak i spansk spelarutvikling
Individ versus kollektiv var eitt av fleire undertema der usemja mellom klubbane kom til uttrykk. Konkurransementalitet var eit anna. Medan representantane frå Villarreal gav heilt klart uttrykk for at utviklingsprosessen var viktigare enn å vinne kampar på aldersbestemt nivå, hadde både Levante og Valencia eit ekstremt vinnarfokus. Ekstremt sett med norske auge, vel å merke. I Levante vert vinnarmentaliteten utmeisla heilt frå ungane er 6-7 år, i tråd med den tydelege konkurransefaktoren som rår i aldersbestemt spansk fotball. I Valencia-regionen er det, som i resten av Spania, premierte turneringar og ordinært seriespel heilt ned i dei yngste årsklassane – den rake motsetnaden til Noreg, der det å vinne kampar nærast vert dyssa ned fram til barna vert ungdommar.
Det er neppe tilfeldig at den største og mest suksessrike klubben, Valencia, har dei klaraste vinnarambisjonane. På klubben sitt treningsanlegg, Paterna, kan ein lese slagord som «Vinn, vinn og vinn» (Ganar ganar y ganar) og «Det er vanskelig å slå nokon som aldri gir opp» (Es muy difícil vencer a alguien que nunca se rinde). Derfor er det også eit tungt oppmøte av foreldre og agentar på treningar og kampar. Foreldra lagar eit skikkeleg lurveleven på tribunen medan agentane noterer seg namna på den neste generasjonen vinnarar i spansk fotball. Dette er faktisk så intenst at klubben tidvis må stenge ute både slekt og agentar, som Luis Vicente Mateo frå Valencia-akademiet kunne røpe. På treningar for spelarar med akademikontrakt får ikkje foreldra kome inn på treningsfeltet for å følgje sine håpefulle, det er berre i kampsamanheng dette er mogleg.
Eit prestasjonsfokus av denne typen er på mange måtar ein evig brannfakkel i norsk samanheng. Ikkje berre fordi det å vinne vert sett på som problematisk i visse kretsar, men også fordi klubbar som Valencia gjennomfører ei profesjonalisert skolering, som kan seiast å rive ned barrierane mellom barne- og vaksenidrett, og som også er bakgrunnen for at José V. Portolés Montañés ropar varsku for måten Levante fremjar si tilnærming på. På klubben si nettside kan ein finne alle lag frå U7 og oppover – det er ikkje vanleg i norsk fotball. Ein kan fort få ei litt uggen kjensle av at dei unge alt for tidleg vert eksponert for ei kynisk fotballverd, der sportsleg og økonomisk progresjon er dei einaste sanne verdiane.
På den andre sida: det er ikkje tvil om at dette gir resultat på banen. 7-årslaget til Valencia hadde ballferdigheiter på nivå med norske 10-åringar, og dei løp ikkje rundt i mølje som jamgamle norske gutar ville gjort. Her er det fokus, disiplin og formasjon frå første stund. Dette forplantar seg på alle nivå. Då vi såg juniorlaget til Valencia (U18) i aksjon mot C.D. Roda, vart det levert fotball av høg klasse, både teknisk og taktisk. Vi let oss særleg imponere av midtbanespelaren Álvaro Gómez, som allereie har figurert i A-troppen til Valencia, i ein Copa del Rey-kamp. Det einaste som avslørte at dette ikkje var A-lagsfotball var fysikken til enkelte av spelarane, som stadig såg meir ut som gutar enn menn. Valencia knivar for øvrig med Villarreal i toppen av den regionale U18-ligaen. Då var det ekstra fortærande at det denne gongen vart tap mot C.D. Roda, som er det ”hemmelege” andrelaget til Villarreal. Det er nemleg ikkje lov med meir enn eitt lag pr. divisjon, og då må ein opprette slike kamuflerte andrelag.

Besøk på treningsfeltet til Valencia. Trening på aldersbestemt nivå pågår.
Besøk på treningsfeltet til Valencia. Trening på aldersbestemt nivå pågår.

Rom, tid og orientering
«The children quickly learn the ’correct’ answers, so we must change the questions continuously» (Alejandro Valle, akademitrenar i Villarreal)
Av dei tre storklubbane i Valencia-regionen er Villarreal den som liknar mest på seg sjølv. Dette handlar ikkje berre om utvikling kontra det å vinne, men om subtile skilnader i det pedagogiske opplegget. Alle laga er opptekne av kognitiv trening og utvikling, men få utfører dette like nøye som Villarreal. Poenget her er at same kva slags øving det er snakk om, så står den kognitive læringsprosessen sentralt. Det handlar om persepsjon, memorering og orientering. «We can do something or another something», sa akademitrenaren Enrique Parra under konferansen. «But regardless of the type of exercise, learning is the main thing.» Læring over tid er altså viktigare enn den spesifikke øvinga.
Derfor har Villarreal-spelarane også eit mentalt fokus i utviklingsarbeidet frå dei er små. Dei speler alltid med mål, og formålet er å identifisere kva dei gjer i ulike kampsituasjonar. Det skal så tidleg som mogleg skapast relevante mønstre basert på spelsituasjonar, slik at kva som til ein kvar tid er det mest hensiktsmessige å gjere i ein gitt situasjon skal inkorporerast i individa. Smartness og speleforståing skal dannast så raskt som mogleg, jamfør kven som har størst moglegheit for å vinne ballen av den som spring raskast eller tenker raskast. «Quickness is everything» er eit mantra som veks seg stadig sterkare i dagens internasjonale toppfotball, men det er med andre ord ikkje berre ein fysisk komponent ved dette.
Med jamne mellomrom bryt Villarreal-trenarane av økta og samlar laget til felles evaluering. Då må spelargruppa svare på spørsmål, om kvifor dei sprang som dei gjorde, kvifor dei slo den og den pasningen, og kva dei observerte rundt seg. For å hindre at dette vert rein rutine, vert barna heile tida utfordra på nye aspekt ved spelet. Idealet er at det skal vere mest muleg likt kampsituasjon i det «endelige spelet», 11 mot 11 – derfor speler dei ikkje fotballkampar i Spania utan offside. Når ein først tenkjer på det, er det jo litt underleg, slik spelforma i barnefotball er i Noreg, at den viktigaste taktiske ingrediensen i fotballkampen først trer i kraft når spelarane er 13 år gamle. «Vi må tilpasse spillet til barna, ikke barna til spillet!», heiter det i eit NFF-skriv frå 2014, signert Stig Inge Bjørnebye.
I Spania ser dei altså heilt annleis på det. Barna må lære seg alle aspekt ved spelet frå dei er små. Derfor er konsept som rom, tid og orientering alfa omega i Villarreal, eit aspekt vi også kjenner igjen ved eksempelvis Barcelona sin metodologi. Det handlar om å følgje med, vite kva som skjer rundt ein og kor ein bør springe i neste trekk. Som illustrasjon på dette viste Villarreal-trenarane ein video og bad konferansepublikum om å telle kor mange pasningar som var utveksla av eit basketlag i kvite drakter mot eit lag i svarte. Det var rimeleg enkelt, men det berre eit fåtal fekk med seg, var gorillaen som passerte over banen midtvegs i kampen. Eit velbrukt, men effektivt pedagogisk poeng. Overblikk er den heilage gralen også i Villarreal si tilnærming til spelet.
Dette såg vi i praksis då vi var ute på treningsfeltet, der banen vart delt inn i fire soner, slik at alle kampsituasjonar kunne diskuterast med fokus på romlege forhold etterpå. Det var korte øktar med påfølgande spørsmål av typen «Kor mange gonger dribla du i sone 2», «Kor mange balltap hadde du i sone 1», «Kor ofte sentra du til medspelar i sone 3» og så vidare. Alt dette bidreg til å auke spelarane si forståing av posisjoneringsspel, i angrep så vel som forsvar, og i tillegg aukar det oppfatninga av relasjonar mellom rom og løp – sjølve essensen i moderne fotball. I og med at spelarane veit at dei må svare på spørsmål som dette kvar trening, får dei tidleg eit bevisst forhold til spelemønsteret sitt. «If a young kid makes a mistake, he should learn from it immediately», som Alejandro Valle uttrykte det. Det er forskjell på å hakke på tabbar og dra positiv lærdom ut av dei. På den fronten virka Villarreal sitt opplegg uhyre gjennomtenkt, både pedagogisk og reint fotballfagleg.

Akademitrenarar frå Valencia, Levante og Villarreal (frå venstre mot høgre): Enrique Parra (Villarreal), Luis Vicente Mateo (Valencia), Bryant Lázaro (Levante), Alejandro Valle (Villarreal), Sergio Gómez (Levante).
Akademitrenarar frå Valencia, Levante og Villarreal (frå venstre mot høgre): Enrique Parra (Villarreal), Luis Vicente Mateo (Valencia), Bryant Lázaro (Levante), Alejandro Valle (Villarreal), Sergio Gómez (Levante).

Middelmåtig asiatisk import
Då vi vitja anlegga til kvar av klubbane, kunne vi kjenne att mykje av det som vart lagt fram på konferansen. Både Levante, Valencia og Villarreal har treningsfasilitetar av ein klasse som dei fleste norske klubbar berre kan drøyme om. Perfekt gras, rause dimensjonar, romslege garderobar og teknisk utstyr av heilprofesjonell standard.
Men under all perfeksjonen går det også føre seg ein del rare ting. På treningsfeltet til Valencia vart vi plutseleg merksame på ein liten gjeng med asiatiske gutar som hadde eit opplegg for sjølv. Dei var merkbart dårlegare enn alle dei andre ungane på feltet, og det synte seg at dette er spelarar som er henta inn via Wanda-programmet: ein samarbeidsavtale mellom Valencia og det kinesiske firmaet Dalian Wanda Group. Atlético Madrid og Villarreal har ein tilsvarande avtale. Ifølgje nettsida til Villarreal handlar dette om at kinesiske styresmakter ynskjer å styrke grasrota i kinesisk fotball. Ser ein meir kynisk på det, er det kommersielle aktørar som ynskjer å profittere på auka eksponering: Dei spanske klubbane i den veksande kinesiske TV-marknaden, Wanda Group i Europa. Den fotballmessige konsekvensen er uansett at trenarapparatet til Valencia og Villarreal må bruke tid og energi på å ale opp middelmåtig asiatisk import i staden for å vie all si merksemd på talent frå den heimlege regionen. I ein samtale med akademidirektør Luis Vicente Mateo kunne han fortelje oss at Valencia kom ikkje til å forlenge Wanda-avtala etter at inneverande kontrakt går ut om eit års tid.
Asia er også eit stikkord på eigarsida for Valencia sitt vedkomande. Klubben er for tida eigt av den singaporske rikmannen Peter Lim. Dette kan sjåast på som eit ledd i klubben sine globale ambisjonar. Dei har nyleg lansert eit internasjonalt program, sentrert rundt mottoet «GloVal Respect». Bak fine ord som respekt, samhald, lojalitet osv. ligg det eit klart mål om å selje ”produktet” Valencia CF til eit større kundegrunnlag verda over. Det er ei reinspikka kommersiell satsing, forsøksvis kamuflert som global forbrødring.
Å auke dei økonomiske inntektene er for så vidt ein ærleg sak. Spørsmålet er berre kor balansen går mellom integritet og likviditet. Etter at Peter Lim tok over Valencia i 2014 har klubben fått inn frisk kapital. Det var heilt naudsynt, ettersom klubben hadde skakkøyrd økonomien over mange år. På den andre sida betyr det at klubben no er ein del av eit globalt forretningsimperium. Rikdommen til Lim baserer seg på mange ulike føretak, og det går an å førestille seg at Valencia plutseleg hamnar i eit økonomisk dragsug den dagen imperiet eventuelt skulle falle.
Enn så lenge ser ein først og fremst endringar internt i klubbstrukturen. Då akademiet til Valencia vart presentert under konferansen i Torrent, var det interessant å sjå at dei to øvste leiarane har asiatiske namn. Det er ikkje dermed sagt at dei ikkje har relevant kompetanse for å drive ein fotballklubb, men det kan fort utfordre lojaliteten til dei under når det plutseleg kjem inn heilt nye krefter. Under konferansen møtte vi ein trenar som nyleg hadde fått sparken frå akademiet, og som openbart var skeptisk til den omstruktureringa som no gjekk føre seg. Symbolet på dette er tilsetjinga av Gary Neville som ny hovudtrenar i desember 2015. I trenarteamet rundt A-laget figurerer også bror Phil, samt ein trdje engelskmann Andy Scoulding, som storebror Neville tok med seg frå England. Både Neville-brørne og Peter Lim har aksjar i Salford City, ein klubb i Manchester-regionen, og mange har hevda at dette er den eigentlege årsaka til at Gary plutseleg vart henta inn som hovudtrenar til Valencia.

Nordmann på benken
Vi måtte sjølvsagt ha med oss eit par La Liga-kampar medan vi var i Valencia. Det optimale akkurat denne sesongen hadde vore å sjå Villarreal, som i skrivande stund inneheld ein sterk fjerde plass på tabellen – ein plass dei ser ut til å kunne halde ved sesongslutt. Men då Villarreal var i aksjon, valde vi i staden å prioritere Valencia Mestalla sin heimekamp mot Olot, som for øvrig enda 0-0. Dei to A-kampane vi fekk med oss var Levante-Real Madrid og Valencia-Atlético Madrid. Det skulle i begge tilfelle vise seg å vere klasseforskjell i favør Madrid-laga.
Ingen hadde eigentleg forventa noko anna av Levante. Dei er ein relativt liten klubb i spansk samanheng, eit lag som ofte køyrer heis mellom La Primera og La Segunda. I år går det stødig mot nedrykk. Dei var sist på tabellen då vi såg dei i aksjon på Estadi Ciutat de València, og Real Madrid hadde ingen intensjonar om å hjelpe dei oppover. Men noko total overkøyring var det ikkje. Den unge Madrid-spissen Borja Mayoral – berre 18 år gamal – strevde med å fylle skorne til Karim Benzema, som var ute med skade. Det måtte eit straffespark til før Madrid kunne gå opp i leiinga, ved den faste eksekutøren Cristiano Ronaldo.
Så skjedde det som ofte skjer med lag i motgang – meir motgang. Eit sjølvmål av keeper Diego Marino, som klarte å kløne ballen over streken få minutt etter straffemålet. Det kom eit plaster på såret i form av 2-1-redusering ved brasilianaren Deyverson kort tid etter det igjen, men etter pausa klarte aldri heimelaget å etablere eit skikkeleg press på bortelaget. I staden tok Madrid meir og meir over, og det var fullt fortent då innbytar Isco auka til 3-1 på overtid.
For oss nordmenn på tribunen låg det ei viss spenning knytt til Madrid-benken. Der sat nemleg eit visst norsk stortalent. Men Martin Ødegaard måtte nøye seg med lett jogg på sidelinja, mens Zinedine Zidane introduserte Isco, Jesé og Mateo Kovačić utover i 2. omgang. Særleg sistnemnde er eit godt bilete på kor langt det er inn på førstelaget i Real Madrid. Kovačić er berre 21 år, men har to sesongar bak seg som fast på laget i Inter Milan. Han var verkeleg på hogget då han kom inn. Hurtig i steget, perfekte pasningar, energisk i duellane. Der ligg lista, og det spørs om ikkje unge Ødegaard har eit lite stykke igjen.
Kampens store spelar var for øvrig Toni Kroos, som dominerte midtbanen fullstendig. Han prikka inn den eine perfekte pasningen etter den andre, utan at Levante-spelarane makta å demme opp. Sett under eitt var kampen eit tydeleg bilete på at kollektiv innsats ikkje er nok, viss ikkje kvaliteten på individa i kollektivet er høg nok. Eit ikkje heilt ukjend problem i norsk fotball, får vi vel seie.

Den minst populære mannen i Valencia
I ein annan del av byen ligg Mestalla, den mektige heimearenaen til Valencia. Dette stadionet skulle eigentleg vore utradert no, men sidan Nuevo Mestalla stadig berre er halvvegs ferdig – og ingen ting tydar på at byggearbeidet startar opp igjen med det første – fekk vi gleda av oss å hyggje oss på eit av dei mest tradisjonsrike anlegga i europeisk fotball. Det er på ein måte synd at Mestalla ein dag skal rivast for å gjere plass til bustader. Den stupbratte tribunen gir ein heilt spesiell affære – skikkeleg trykkokar.
Dette fekk vi til fulle erfare i det 28. minutt av kampen, då heimelaget endeleg klarte å utrette noko offensivt. Atlético hadde raskt fått kampen inn i sitt spor og enkelt teke leiinga ved Antoine Griezman, som det var ein fryd å sjå i levande live. Dødeleg effektivitet, store doser fotballsmartness  og lettbeint eleganse i éin og same mann. Det stakkars Valencia-forsvaret klarte aldri å få has på dei smarte bevegelsane hans. Men i det 28. minutt kom det altså eit forløysande mål, ved den russiske venstrevingen Denis Tsjerysjev, som er på lån frå Real Madrid ut sesongen. I eit lite glimt såg vi kva som bur i laget: Tre kjappe trekk, ein frekk flikk frå Paco Alcácer, og ei bombe av eit skot frå Tsjerysjev. Publikum gjekk i taket, og alle venta på eit stormløp frå heimelaget.
Men Atlético har Diego Simeone, ein mann som ser ut til å kunne lese ein kvar kamprytme som ein jazztrommis leser ein standardlåt. Atlético stengde av kvart minste tilløp til initiativ frå heimelaget si side. Det var særleg imponerande med tanke på det svært unge midtstopparparet. Uruguayanske José Giménez (21 år) og franske Lucas Hernández (20) hadde stålkontroll. Den rake kontrasten til den stakkars Aderlan Santos hos Valencia. Den brasilianske stopparen lagde først sjølvmål og vart dernest utvist. Vi har sjeldan vore vitne til fleire feilpasningar av éin og same mann i éin og same kamp på dette nivået.
Kampen var ei einaste lang eksponering av kvalitetsforskjell på trenarsida. Den taktiske tryggheita til Simeone avslørte den taktiske famlinga til Neville gong etter gong. Simeone vann kampen på lure omrokkeringar. Både Fernando Torres og Yannick Ferreira-Carrasco scora etter at dei kom innpå. Neville, derimot, måtte ha hjelp frå publikum, som ropte desperat etter Álvaro Negredo i store delar av andre omgang. Då han endeleg kom inn, i det 84. minutt, vart det klappa ironisk rundt oss. Publikum på Mestalla har mykje til felles med publikum på Brann stadion. Enorme kjensler er i sving, i medgang så vel som motgang. Nøling på trenarbenken vert ikkje sett på med nåde i blikket.
Til slutt gjekk det som det måtte gå med Neville, trass i den nære koplinga til Peter Lim. 3 sigrar på 16 kampar i La Liga var ikkje nok, og i slutten av mars fekk han sparken etter fem månader i sjefsstolen.

Duracellmannen frå Atlético
«Organize, always organize. That’s the Atlético way» (Óscar Fernández, U18-trenar i Atlético Madrid)
Simeone sin masterclass på Mestalla må absolutt sjåast i lys av den heilskaplege drifta av Atlético Madrid, frå akademi til A-lag. Det var derfor ekstra interessant å høyre foredraget til U18-trenar Óscar Fernández – ein mann viss energiske oppførsel gjer det fullt legitimt å bruke den gamle klisjeen «duracellkanin». Fernández har ein fyldig trenar-CV, først og fremst som hovudtrenar for mindre klubbar i Valencia-regionen: Burjassot, Gandía og Huracán Valencia. Dei tyngste verva har han frå CF Valencia, der han mellom anna var trenar for Valencia B i perioden 2007-2010. I desse åra tok stortalent som Jordi Alba, Isco og Paco Alcácer sine første steg mot toppen. I ein kort periode i 2007 var Fernández også hovudtrenar, etter at klubben sparka Quique Flores, som i dag er Watford-manager. Fotballens vegar er lunefulle.
Men no er altså Fernández i Atlético Madrid. Det første han gjorde under foredraget, var å be publikum ramse opp dei første orda vi tenkte på når han sa namnet «Cholo Simeone». Performance – energy – quality, kom det raskt opp på tavla. Det tok heller ikkje lang tid før den første Simeone-anekdoten kom. Fernández hadde anbefalt Simeone ein spelar frå akademiet, men etter éi trening ringte ein skuffa hovudtrenar: «Kva er gale med han nye du sendte meg? Han er jo glad på trening!» Underforstått: Atlético er ingen koseklubb. Her er det berre hardt arbeid og hard mentalitet som fører fram.
Fernández snakka mykje om korleis det mentale smittar over i klubben sin spelestil. «Play forward, run forward. That is the Atlético way. First pass, always play forward. Always. In Barcelona, they love another football.» Den direkte, kontringsorienterte Simeone-fotballen lever eit aktivt liv på U18-nivå. Fernández viste fleire videoar av oppgjer mellom U18-laga til Atlético og Real Madrid, der førstnemnde var uhyre raskt ute til å utnytte rom bak backane til sistnemnde. Som A-laget speler nemleg akademilaga til Real Madrid med offensive sidebackar, og det må takast på alvor. Det er ein styrke for Real Madrid – «they have some of the best fullbacks in the world» – men også eit svakt punkt. I kampvideoane kunne vi sjå korleis det systematisk vart slått langt opp mot vingane til Atlético, som ved fleire høve scora eller fekk slått vakkert inn til ein spiss på diagonalløp. Enkelt, men også ein subtil forklaringsmodell på kvifor A-laget til Atlético har hatt såpass stor suksess i Madrid-derby under Simeone.
Men alt med måte. A-laget til Atlético følgjer ikkje dette systemet heilt slavisk, uansett kamputvikling. Det såg vi på Mestalla, då Atlético gjerne heldt ballen roleg i midtbane- og forsvarsleddet i periodar då Valencia jaga. Grunnprinsippet er heilt klart direkte fotball, kombinert med visse element av variasjon. Spelartypane er med på å definere spelestilen. Atlético har jo skifta spissar relativt hyppig dei siste åra, og dermed lagt om tilnærminga. I dag har dei ingen Diego Costa som kan nedkjempe motstandaren fysisk, men lettbeinte, mobile angriparar av typen Griezmann. Å studere Atlético Madrid er som å lære om evolusjonsteori, berre i ein fotballkontekst. Eller kanskje endå betre forklart, å sjå Atlético Madrid er å forstå at fotball er eit situasjonsspel, der det laget, basert på dei spelarane som best evner å utnytte egne styrker og motstandarane sine svakheter, til sjuande og sist er det laget som vinn kampen.

Norske verdiar
Medan spansk fotball stadig ser ut til å vere i evolusjonsmodus, må vi kanskje erkjenne at stillstand stadig er eit meir dekkande omgrep for norsk fotballkultur. Peter Drucker, avdød professor i samfunnsvitskap og administrasjon ved Universitetet i New York, sin tese om at «Culture eats strategy for breakfast» har ein tendens til å verte aktualisert i slike komparative samanhengar, mellom ein kultur som har det og ein kultur som ikkje heilt er der endå, og som konstruerer strategiar an mas for å nærme seg det dei andre har. Det er i alle fall lett å verte stum av beundring i møte med den spanske fotballkulturen, i alt sitt mangfald. Når sant skal seiast, herskar det lita tvil om at det dei driv på med i Spania osar av profesjonalitet, klasse og infrastruktur av ein kvalitet som ligg langt bortanfor det vi finn i norsk fotball. Dei sterke klubbkulturane står også i kontrast til den konsensuskulturen som stadig rår i norsk fotball. Ja, det er ein viss variasjon frå ODD til Viking, men spekteret er ikkje på langt nær like vidt som i Spania, der dei har akseptert at god fotball kan spelast på fleire måtar. Er det likevel noko ved norsk fotball som spansk fotball kan ta lærdom av?
Ja, meiner Antonio Ordinas, ein av foredragshaldarane på konferansen. Han er opphavleg frå Mallorca, men er til dagleg å finne i Bærum, Noreg, som utviklingsleder i Stabæk, hovudtrenar for klubbens U19-lag og lærar ved Norges Toppidrettsgymnas. Innlegget hans stadfesta for så vidt det vi allereie hadde observert: spansk fotball er milevis føre Noreg på mange område. Men ting har skjedd. Ordinas brukte norsk imponert til spansk fotball som illustrasjon. Vi leverer ikkje muskeltypar som Dan Eggen (Celta Vigo og Alavés) og John Carew (Valencia) lenger, men tekniske spelarar som Martin Ødegaard.
På nokre område er det faktisk Spania som heng etter Noreg, meinte Ordinas. Han nemnde kosthald som eit openbert døme. Medan spanske ungar kan fint lite om matlaging, bidrar skulefag som heimkunnskap til at norske ungar tidleg lærar kva som er sunt, og korleis å lage det. Ordinas rosa i tillegg samhaldet i norsk fotball, og i det norske samfunnet generelt. Folk tek vare på kvarandre. Det er jo ein fin ting.
Men er rike demokratiske tradisjonar eigentleg så viktig for å avle fram framtidige toppspelarar? Har vi meir enn sunne verdiar? Det er nok uansett kvaliteten på treningsfeltet – og i kampsamanheng – som gjeld. Det var derfor gledeleg å sjå at det skjer interessante ting også på den fronten. Presentasjonen av Toppidrettsgymnaset i Telemark, ved sportssjef Knut Helge Hagen, viste at det gror fram fine rammeverk rundt unge norske fotballspelarar. Det er ikkje utan grunn at Odd og Telemark stadig kan hente opp nye kandidatar til A-stallen frå Skien og det regionale omlandet. Hagen understreka at opplegget ikkje er avgrensa til det fotballfaglege – dei er verkeleg opptekne av å forstå dei unge spelarane som kjem inn til skulen og klubben. Å følgje opp det menneskelege er kanskje vel så viktig som å følgje opp fotballutviklinga i enkelte periodar. Det høyres kanskje klisjeaktig ut, men når målet er å skape ein «kompetetiv» prestasjonskultur finn disse unge spelarane seg i ein situasjon som er potensielt sårbar for det einskilde individet. Dermed blir det også ein heilt nødvendig del av utviklingsarbeidet til norske fotballklubbar og toppidrettsgymnas å vere tett på disse utøvarane. Og alle som har ein viss kjennskap til norsk fotball veit at det er mange store talent som dabbar av på grunn av forhold som ligg utanfor fotball, og som dermed kunne vore unngått viss ein tok høgde for eit meir heilskapleg utviklingsperspektiv.
Liknande perspektiv vart lufta av Viggo Strømme, som til dagleg er ansvarleg for fotballdelen ved Norges Toppidrettsgymnas i Bærum. Han snakka om korleis NTG kombinerer fotball med allmenn utdanning. Strømme har sjølv fag som sosiologi, psykologi og pedagogikk i utdanninga si. Igjen: personen er like sentral som spelaren. Samstundes er NTG tydelege på at dei er til for å produsere profesjonelle fotballspelarar. Så langt har dei 61 Tippeligaspelarar og 31(+) spelarar i Obos-ligaen å vise til. Det er fine tal, men Strømme var klar på at dei har ein veg å gå før dei når La Liga eller Serie A-nivå. Han viste bl.a. grafiske framstillingar av sprintkvalitetar hos spelarar i Tippeligaen versus spelarar på høgt internasjonalt nivå – det var ikkje eit spesielt oppløftande syn sett med norske fotballbriller. Norsk fotballspelarar er både treigare og har urovekkande låg sprintfrekvens pr. kamp.
Sannsynligvis heng det siste punktet saman med at ein ikkje er god nok på å lese spelsituasjonar og dermed ikkje er tett nok på situasjonane, slik at færre spelarar er i posisjonar der raske akselrasjonar vert relevante. Det krev i større grad ei betre taktisk, relasjonell og kollektiv omstillingsevne blant norske fotballspelarar. Dette er Drillo-fotball, tenkjer du kanskje. Ja, det var ein del av spelet som det norske landslagsunderet på 90-tallet kanskje var best i verda på. Prinsippa for det er på mange måtar like i dag, men det kan ikkje utførast på lik måte, det må sjølvsagt tilpassast til dagens mykje hurtigare tempo og dermed også mykje meir knappheit i tid- og romforhold enn spelet på 90-tallet. Derfor må vi lære barn og unge så tidleg som muleg det «endelege spelet». Blant anna kan det være naturleg å revidere spelformene i barnefotballen og innføre offside mykje tidligare, som ein naturleg del av kampane for barn.
Den tidligare Rosenborg-nestoren Bjørn Hansen har i mange, mange år peika på at norske spelarar er for dårlege på det han kallar det individuelt taktiske val. Vi er einige med han i det og tenkjer at vi kan kalle dette for at norske spelarar manglar speleforståing. Ei betre forståing for spelet medfører fleire val i ein gitt situasjon og dermed større moglegheit for å velje den mest hensiktsmessige løysninga og den mest hensiktsmessige måten å utføre den på. For å lære dette må vi lære norske spelarar å spele på fot, vi må lære dei å omstille seg sporenstreks både frå angrep til forsvar og vice versa og vi må lære barna våre å «krevje ball». Vi har aldri sett så få ballar på eit treningsfelt som på akademitreningar i Spania, det gjelder også for dei yngste. Det er ikkje ein ball til kvar spelar der, så skal du ha ballen, må du krevje den. Det irriterande er at dei ikkje mistar den heller. Og éin ting til å lære for norske fotballklubbar, det er nett og vegger som omkransar alle baner. Du brukar ikkje tid på å hente ball når du er på akademitrening i Valencia.
Men no finst det altså folk der ute som veit dette, som er på saka. Den norske fotballrevolusjonen kjem neppe med det første. Det er stadig mykje retningslaus retorikk og store elefantar i trapperommet hos NFF og andre som rår grunnen i norsk fotball.
Men samtidig er det viktig å ikkje la seg stresse. Det tok langt større fotballnasjonar som Tyskland og Belgia lang tid å redde seg ut av miserable fasar, og Spania lukkast heller ikkje før så seint som 2008. Det er dermed freistande å setje punktum med ord til José Vicente Portolés (omsett til norsk): «Med korrekt arbeid over tid, vil talenta kome», eller sagt på ein annan måte som er viktigare for oss som har dårleg tid: Det viktigaste er å trene på dei riktige tinga.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.