Hjem Artikler Skråblikk på Afrikameisterskapet

Skråblikk på Afrikameisterskapet

Av lars

Ei rik historie, fascinerande fotball og eit fornuftig og forståeleg format: Er Afrikameistereskapet den einaste internasjonale turneringa som er verd å følgje med på?

Tekst: Nils Henrik Smith

Landslagsfotball er eit fenomen som høyrer fortida til. Påstanden er ikkje min, men skriv seg frå Arséne Wenger, og som kjent: Arséne knows. Arsenal-sjefen har lenge sett seg lei på at spelarane hans stadig vert skada i knokkelkvalifiseringskampar mot for eksempel Aserbadsjan, eller returnerer til ein ny sesong i Premier League ute av stand til å stå på beina etter ein lang, heit utslitande sommar i for eksempel Qatar. Wenger har innsett det alle burde innsjå, nemleg at dei aller fleste landslagsturneringar i dag djupast sett er meiningslause.

Ein gong i tida var det ikkje slik: Ein gong i tida, for lenge, lenge sidan, var internasjonal turneringsfotball det ypparste fotballverda hadde å by på. Johann Cruyff og Nederland forbløffa verda med sin totalfotball. Diego Maradona slo England og Belgia åleine. Michel Platini og resten av Frankrikes magiske kvartett varta opp med festspel på heimebane. Marco van Basten, vaklande på modelltynne bein, scora på volley frå død vinkel. I dag er alt dette borte, og våre alles kjære internasjonale sluttspel består stort sett av straffekonkurransar. Vi kan diskutere i det vide og breie kva årsaka til forfallet er, men det er unaudvendig, for eg veit svaret: Fifa og dei ulike nasjonale føderasjonane har myrda gåsa som la gullegg. Verdsmeisterskapet vert sjølvsagt fullstendig øydelagt gjennom den vedtekne utvidinga til 48 lag og eit format som praktisk tala oppfordrar til kampfiksing, men sanninga er at turneringa alt er for stor, med for mange svake lag utan andre ambisjonar enn å unngå audmjuking. EM er óg for stort og har dessutan ein latterleg struktur som i fjor sommar gjorde det mogleg for Portugal å verte «meistrar» ved å vinne ein av sju (!) kampar i løpet av ordinær speletid. Copa America er truleg den beste turneringa reint kvalitativt, men øydelegg for seg sjølv gjennom å ha med inviterte lag frå andre føderasjonar og latterlege påfunn som Centenario-turneringa i USA. Australia, som ikkje er eit asiatisk land, er regjerande asiatisk meister. Og ingen kan ta ei turnering som kallar seg «Gold Cup» alvorleg. Den olympiske fotballturneringa har eg ikkje ein gong tenkt å nemne, og Confederations Cup er eit brotsverk mot menneskeslekta. Følgjeleg finst det kun ei internasjonal fotballturnering som er verd å følgje med på, nemleg Afrikameisterskapet, som i denne teksten skal motta velfortent lovsong.

Tessemas kongstanke
Josimars talrike lesarskare er kunnskapsrike kvinner og menn. Likevel er det grunn til å tru at dei færraste kjenner namnet Ydnekatchew Tessema. Dét er i så fall sterkt beklageleg. Eg kan difor opplyse om at Ydnekatchew Tessema var det etiopiske fotballforbundets første generalsekretær, og kanskje den viktigaste einskildpersonen for fotballens utvikling på det afrikanske kontinentet. Då den Afrikanske Fotballføderasjonen (CAF) vart skipa i 1957, valde dei den egyptiske generalen Abdelaziz Salem som sin første president, men Tessema var hjernen bak det meste føderasjonen føretok seg: Han forfatta mellom anna storparten av vedtektene, og føreslo dessutan at CAF burde arrangere ei turnering for afrikanske landslag. Vi har, med andre ord, all grunn til å vere takksame overfor Ydnekatchew Tessema. Ettersom dei fleste av dagens afrikanske statar framleis var europeiske koloniar i 1957, var det kun delegatar frå fire land til stades på den første CAF-kongressen: Egypt, Etiopia, Sudan og Sør-Afrika. Sistnemnte var, som kjent, under apartheid-styre på denne tida, og dei sør-afrikanske delegatane gjorde det difor klart at dei kun ville stille i det første afrikanske meisterskapet anten med eit reint kvitt eller eit reint svart lag. Eit blanda lag var av ideologiske årsaker heilt uaktuelt. Tessema bad dei gå og leike i trafikken. Afrikansk fotball skulle ikkje styrast etter rasistiske prinsipp, det var eit blanda lag eller ingenting. Sør-Afrika nekta å gå med på dette, og vart difor utestengt frå CAF. Tre lag verka kanskje litt lite for ei internasjonal turnering, men Tessema sto på sitt. Det første Afrikameisterskapet fann stad i Sudan. Egypt slo Etiopia i finalen, medan heimelaget fekk æra av å verte det første og einaste laget som både har tatt medalje og endt sist i ei og same kontinentale turnering, som dei til overmål var vertsnasjon for! Den legendariske egyptiske angriparen Mohamed Diab al-Attar – berre kjent som Ad-Diba mellom vener – scora alle fire finalemåla for Egypt og sette dermed ein rekord som framleis står. Ad-Diba vart seinare dommar og dømte mellom anna finalen mellom Zaire og Ghana under Afrikameisterskapet 1968. Han gjekk bort, åttini år gamal, vesle nyårsaftan i fjor. RIP.

To år seinare forsvarte Egypt tittelen på heimebane. Men Egypt var på denne tida ikkje Egypt, men den Sameinte Arabiske Republikken, resultatet av ein bisarr og kortvarig politisk union mellom Egypt og Syria(!) Trass i at samtlege spelarar i den egyptiske troppen var frå Kairo-klubbane Ahly og Zamalek, kan ein difor (kuriøst nok) hevde at ein asiatisk nasjon har vore afrikansk meister i fotball. Viktigare, i eit historisk perspektiv, er nok likevel det faktum at samtlege tre trenarar i turneringa var frå Europa: Tsjekkoslovakane Starosta (Etiopia) og Hada (Sudan), samt ungararen Pál Titkos for den Sameinte Arabiske Republikken. Den kvite heksedoktoren på sidelinja har seinare vorte eit velkjend syn i afrikansk fotball, og altfor ofte har desse eventyrlystne globetrottarane vore tredjerangs trenarkrefter utan evner og visjonar til å utvikle afrikansk fotball, men vertsnasjonens toppscorar Mahmoud el-Gouhari lét iallfall til å ha lært ein heil del av Titkos: I 1998 leia han Egypt til siger i Afrikameisterskapet i Burkina Faso, og vart såleis førstemann til å vinne turneringa både som spelar og trenar.

Kring overgangen til 1960-talet oppnådde stadig fleire afrikanske nasjonar sjølvstende frå sine koloniherrar, og til meisterskapet i Etiopia i 1962 stilte såleis heile fire nasjonar til dyst! Sudan var rett nok, av ukjente årsaker, ikkje med lenger, til gjengjeld var nykomarane Uganda og Tunisia på plass. Begge fekk imidlertid bank i semifinalane, og det var såleis duka for nok eit finaleoppgjer mellom Etiopia og Egypt. Anført av dei geniale Vassallo-brørne Italo og Luciano – født i Eritrea som søner av ein italiensk soldat og ei lokal kvinne under Mussolini sitt mislukka forsøk på å kolonisere landet – var det denne gongen etioparane som triumferte på heimebane, til fryd for sin visjonære landsmann Tessema. Eg har ikkje kunna bringje på det reine om Haile Selassie var til stades under finalen på Haile Selassie-stadion, men ettersom alt i Etiopia høyrte keisaren til, får vi gå ut frå at sigeren uansett vart tileigna han.

Ut med Stanley – inn med Joao
Året etter var det endeleg duka for vest-afrikansk inntogsmarsj i Afrikameisterskapet. Ghana var vertsnasjon, og nabo Nigeria var óg mellom dei seks deltakarnasjonane. Den karismatiske ghanesiske statsleiaren Kwame Nkrumah var óg ein ihuga fotballentusiast – han sørga mellom anna for at staten finansierte superklubben Real Republicans, kor brorparten av spelarane heldt til. Det er vanlegvis slik at vi vert flinke til det vi likar å gjere, og det Kwame likte aller best var å leggje planar. No hadde han planlagt at Ghana – the Black Stars! – skulle vinne Afrikameisterskapet på første forsøk. Som planlagt, så gjort. Ghana vann, og gjentok bedrifta i Tunisia to år seinare. Tyngdepunktet i afrikansk landslagsfotball hadde såleis flytta seg vestover: I 1965 var tre av dei fire beste nasjonane – Ghana, Senegal og Elfenbeinskysten – frå Vest-Afrika. Etiopia sto åleine som representant for turneringas grunnleggjarar, og dei vart banka 4-0 av Tunisia og 5-1 av Senegal. For Tessema må det ha vore fortærande, men den visjonære administratoren hadde mange andre jern i elden: Han hadde fått argumentert for, og fått vedtatt, at CAF skulle boikotte kvalifiseringa til VM i England året etter fordi Fifa nekta kontinentet ein automatisk plass i turneringa. Den autokratiske Fifa-presidenten Stanley Rous hadde dessutan invitert Sør-Afrika inn i organisasjonsvarmen mot afrikansk fotballs kollektive vilje, men på Fifa-kongressen i Tokyo under OL i 1964 lukkast det CAF – på Tessema sitt initiativ – å få apartheid-staten suspendert på nytt, til Rous’ store irritasjon. Då den bartepryda briten i 1973 omsider vart stemt ut som president til fordel for Joao Havelange, var det i stor grad takka vere afrikanske delegatars røyster, og det er all grunn til å tru at dei afrikanske delegatane røysta slik Tessema bad dei om å gjere. Hendinga vert ofte framstilt som sjølve Syndefallet i Fifa-soga, sjølve startskotet for den korrupsjonskulturen som alltid sidan har prega organisasjonen. Men vi gjer klokt i å hugse at Stanley Rous gjennom praksis hadde bevist at han ikkje var nokon ven av verken afrikansk fotball eller demokratiet, og såleis knapt kunne klage over at Tessema & Co. trekte den konklusjonen dei gjorde.

I 1968 arrangerte Tessema sitt kjære Etiopia meisterskapet for andre gong, og talet på deltakarnasjonar var auka til åtte, eit tal som skulle halde seg stabilt fram til 1992. Kwame Nkrumah var diverre avsatt som ghanesisk president etter eit militærkupp, hadde måtta gå i eksil hjå sin like fotballglade ven Sekou Touré i Guinea, og kunne såleis ikkje vere til stades for å støtte sine landsmenn i deira tittelforsvar. Til gjengjeld vart fotballverda introdusert for den mest eksentriske av alle afrikanske statsleiarar: Mine damer og herrar, tillat meg å presentere Mobutu Sese Seku Kuku Ngebendu Wa Za Banga! Eller, for å seie det på norsk: Den Allmektige Krigaren Som Ved Sin Uthaldenheit Og Ubøyelege Sigersvilje Går Frå Erobring Til Erobring Og Etterlet Seg Eit Spor Av Eld! Mobutu styrte Kongo-Kinshasa – seinare Zaïre, i dag den Demokratiske Republikken Kongo – ved hjelp av sin ubøyelege sigersvilje (og bistand frå CIA) i 32 år. Han forbaud «vestleg» klesdrakt, påla samtlege innbyggjarar å ta «autentisk» afrikanske namn, brukte statskassa som sin personlege forbrukskonto og slo verdas mest mineralrike nasjon bankerott. Når han skulle bade, seinka han, talande nok, ikkje lekamen ned i vatn, men i Chanel Egoïste. Mobutu sitt mest kjente idretts-stunt var sjølvsagt The Rumble In The Jungle, tungvekts-tittelkampen mellom Muhammad Ali og George Foreman i Kinshasa i 1974, men han var óg svært oppteken av at Kongo-Kinshasa/Zaïre skulle etterlate seg eit spor av eld på fotballbanen. Han var, trass alt, ein allmektig krigar som gjekk frå erobring til erobring, og no ville han erobre den afrikanske meistertittelen. Dét gjorde Kongo-Kinshasa, etter finalesiger over tittelforsvarar Ghana. Luciano Vassallo heldt framleis koken for vertsnasjonen, men utan bror sin ved sida si kunne han ikkje inspirere laget til same høgder som før. Derimot gjorde ein av Afrikameisterskapets største spelarar til alle tider sin debut i turneringa: Elfenbeinskystens Laurent Pokou vart toppscorar med seks mål. To år seinare, i Sudan, scora han åtte til, og sette dermed ein rekord for scoringar totalt som skulle stå heilt til ein viss Samuel Eto´o slo den trettiåtte år seinare.

Afrikansk fotball var definitivt på frammarsj, både kva gjaldt kvalitet og breidde i toppen. Frå og med 1970 hadde kontinentet omsider fått tildelt ein sikker plass i VM-sluttspelet, noko som anspora til vidare utvikling. Ettersom dei fleste afrikanske land hadde oppnådd sjølvstende i løpet av 1960-talet, var det no naudsynt med eit eige kvalifiserings-spel for turneringa, noko som medførte at fleire lag fekk spele kampar regelmessig og vart kjende med ulike speleforhold og taktiske system. For å illustrere kor kompetitiv afrikansk fotball var på denne tida, kan det nemnast at dei seks meisterskapa frå 1970-80 vart vunne av seks ulike land. Det fanst imidlertid framleis ein fordel som var større enn alle andre fordelar, og den fordelen heitte heimebanefordel. I 1970 vart Sudan det fjerde laget (av seks moglege) som fekk æra av å løfte troféet framføre sine eigne fans. Det var imidlertid ein bittersøt triumf: Både Sudan og Etiopia hadde vore blant afrikansk landslagsfotballs pionerar, sportsleg og administrativt, og sett sitt preg på dei fleste utgåvene av meisterskapet fram til 1970. Sidan har inkje lag frå Aust-Afrika vunne tittelen, og etiopiske og sudanesiske fans måtte tóle tiårlange fråver frå turneringa dei var med på å skape, før begge nasjonar (sistnemnte no delt) gjorde comeback i nyare tid.

La Perle Noir
1970-turneringa var for øvrig óg den første som vart overført via fjernsyn: Sjølv om dei fleste fans framleis måtte følgje sitt lags framgongar via radio, var dette teknologiske gjennombrotet viktig både for meisterskapets profil og afrikansk fotballs sjølvrespekt. Kamerun, kanskje den nasjonen som framfor nokon annan skulle kome til å dominere afrikansk fotball dei neste tre tiåra, hadde meisterskapsdebutert i Sudan og var vertsnasjon to år seinare. Forventningane var enorme, men Kamerun måtte nøye seg med tredjeplass – delvis, hevda lagets tyske trenar Peter Schnittger, fordi sportsministeren og andre statlege apparatsjikar hadde blanda seg i laguttaket, med til dels svært sterke synspunkt på kva etniske grupperingar som burde vere representert (eit klagemål som med tida skulle verte svært vanleg frå europeiske trenarar på oppdrag i Afrika). Zaïre hadde, sjølvsagt, ordre frå Mobutu om å vinne turneringa, men tapte ein høgdramatisk semifinale mot Mali, som stilte med den truleg største attraksjonen i turneringa: Salif Keita, la Perle Noir, den første som vart kåra til Årets Afrikanske Spelar (av France Footbâll i 1970). Keita hadde flykta frå heimlandet for å verte proff i St. Etienne, og hadde difor lenge vore ute av landslaget. No var han tilbake og briljerte med sin teknikk og fantasi, medan namnebror Fantamady scora måla. (Keita er for øvrig onkel til heile to spanske ligameistrar, Seydou Keita (med Barcelona tre sesongar på rad frå 2009) og Mohamed Sissoko (med Valencia i 03/04). Seydou er óg første og einaste maliske spelar som har vunne Champions League.) Den allmektige krigaren Mobutu sin frustrasjon over nederlaget vart neppe mindre av at nabo Kongo-Brazzaville kom til finalen, og faktisk vann etter briljant innsats frå meisterskapets beste spelar, ein mann som bar det magnifike namnet Francois M’Pelé, og som hadde vore ein nøkkelspelar då Ajaccio, som første korsikanske lag, etablerte seg i Ligue 1.

Mobutu skulle dog få sin revansj to år seinare, då Afrikameisterskapet returnerte til Egypt for første gong sidan den Sameinte Arabiske Republikkens glansdagar. Turneringsdebutantane Zambia overraska alle ved å nå finalen, etter mellom anna å ha slått ut regjerande meister Kongo-Brazzaville, og gav leopardane frå Zaïre durabeleg kamp om tittelen. For første gong i historia endte finalen uavgjort etter ekstraomgangar, og ettersom CAF enno ikkje hadde godkjent straffekonkurranse som tie-breaker ved uavgjorte resultat, måtte det spelast omkamp. Zaïre var, som første lag frå Afrika sør for Sahara, klare for den følgjande sommarens VM-sluttspel i Vest-Tyskland, og undervurderte kanskje sine uerfarne motstandarar. Særleg frustrerande var det nok for angriparen Ndaye Mulamba, som scora to mål i finalen, berre for å oppleve at Zambia utlikna i andre ekstraomgangs aller siste speleminutt. Vel, i omkampen scora han to mål til, og vart toppscorar i turneringa med ni totalt. Ingen har scora fleire i eitt og same Afrikameisterskap. Zaïre kunne reise til Vest-Tyskland som regjerande afrikanske meistrar, heime i Kinshasa var stemninga på kokepunktet, for Mobutu hadde sjølvsagt fortalt folket at det beste laget i Afrika óg var eit av dei beste i verda, og kunne kjempe om tittelen. Imidlertid tapte dei 2-0 for Skottland, 9-0(!) for Jugoslavia – ein kamp kor stakkars Kazadi Muamba vart den første og einaste målvakten som har vorte byta ut før pause i ein VM-kamp av andre årsaker enn skade – og 3-0 for Brasil. Då dei kom heim, vart dei innkalt til presidentpalasset for å «forklare seg» for den Allmektige Krigaren, noko fleire av spelarane, forståeleg nok, seinare har fortalt at var ei særs ubehageleg oppleving. Nokre månader seinare, på 20. mai-stadion i Kinshasa, tok Muhammad Ali tilbake tittelen som verdas ubestridte tungvektsmeister, men Zaïres gullalder som idrettsnasjon var forbi. Og Ndaye Mulamba? Han skal de få høyre meir om. Men framleis er dét mange år til.

Nomaden Otto
I 1976 var Etiopia vertskap for tredje gong, til glede for (og kanskje takka vere) Ydnekatchew Tessema, som no var president i CAF og sto på høgda av si makt i afrikansk fotball. Det etiopiske laget var dog ein skugge av dei store årgangane frå fordums tid, og gjekk ikkje vidare til finalerunden. Dette året var turneringa, for første og einaste gong, arrangert med to påfølgjande gruppespel, og Guinea skapte historie ved å verte det første laget som gjekk ubesigra gjennom eit meisterskap utan å vinne tittelen! Hafia FC frå Conakry var på denne tida eit av kontinentets beste klubblag – dei vann mellom anna tre afrikanske serievinnarcupar i løpet av 1970-talet – og bidrog med brorparten av dei sentrale spelarane på landslaget, men det var likevel ikkje nok. I den siste, avgjerande kampen møtte Syli National meisterskapsdebutant Marokko, og måtte vinne, medan Atlasløvene ville greie seg med uavgjort. Stjernespelar Chérif Souleymane – som hadde starta karriera si i aust-tysk(!) fotball, kor han spelte for andredivisjonsklubben Post Neubrandenburg samstundes som han studerte arkitektur – gav Guinea ei tidleg leiing, men Marokko utlikna fem minutt før slutt og sikra Maghreb sin første kontinentale tittel. Guinea har vore i fire kvartfinalar sidan tusenårsskiftet, men har aldri vore i nærleiken av å gjenta nesten-triumfen frå 1976. Dei kan dog håpe på betre lukke i 2023, når dei stiller som vertsnasjon.


Meisterskapet i 1978 kunne by på eit unikt kuriosum alt før det tok til: Aldri før eller sidan har det hendt at to motstandarar i kvalifiseringsspelet begge vart diskvalifisert på grunn av regelbrot under innbyrdes oppgjer. Mali vart utestengt fordi sikkerheitsstyrkane på stadion i Bamako gjekk til åtak på dommaren(!) Elfenbeinskysten vart nekta deltaking av den langt meir prosaiske grunn at dei hadde brukt ein ikkje-speleberettiga spelar i returkampen. Dermed kunne Øvre Volta (i dag Burkina Faso), som hadde tapt for dei ivorianske elefantane i første kvalik-runde, gjere seg klare til debutant-dyst. Dei tapte alle sine tre kampar, men introduserte til gjengjeld fotballverda for den fremste av alle trenarnomadar: Hissigproppen Otto Pfister har trent elleve ulike landslag på tre kontinent, og er kanskje mest kjent for å ha leia Togo under VM-sluttspelet i sitt heimlege Tyskland i 2006 – ein jobb han for øvrig fekk etter at Stephen Keshi, som på sensasjonelt vis hadde leia laget til sluttspelet etter kvalifiseringstriumf over førre VMs kvartfinalist Senegal, fekk avskjed i unåde på grunn av ein konflikt med lagets store stjerne, den alltid blide og omgjengelege Emmanuel Adebayor. Vertsnasjonen Ghana vann turneringa for tredje gong, etter finalesiger over sensasjonslaget Uganda. Tranene frå Viktoriasjøen mangla ikkje erfaring – dei deltok i sitt tredje Afrikameisterskap på rad (og femte totalt) – men deira hittil «beste» prestasjon var fjerde- og sisteplassen i Etiopia i 1962. Heller ikkje var det grunn til å tru at ein nasjon under Idi Amins despotiske styre skulle ha særskilt gode føresetnader for å utvikle eit slagkraftig landslag – og diktatorens føretrekte idrett var uansett boksing, kor han hadde vore ugandisk meister i lett tungvekt som ung. Men Uganda vann gruppa si etter sigrar over Kongo-Brazzaville og den særs skuffande tittelforsvararen Marokko, før dei slo gigantiske Nigeria i semifinalen. Mot heimelaget i finalen var dei sjanselause, men vegen dit hadde i det minste vore minneverdig. Og ugandiske fotballfans har måtta leve på det minnet lenge, for Tranene kvalifiserte seg ikkje for noko nytt meisterskap før i år!

Giganten Ghana
I 1980 var det omsider tid for Nigeria. Kontinentets folkerikaste nasjon hadde lenge hatt fortvilande tungt for å setje sitt preg på Afrikameisterskapet, men med opptil 80 000 tilskodarar i ryggen under kampane på Surulere stadion i Lagos var dei ikkje til å stoppe. Angriparen Segun Odegbami, som scora to mål i finalen mot Algerie, beviste for øvrig seinare at han er ein vinnar på alle livets område ved å triumfere i nigeriansk Vil Du Bli Millionær, for deretter å donere alle pengane til veldedigheit. Algerie kom for øvrig til finalen etter siger over erkerival Egypt i tidenes første (men på ingen måte siste) straffekonkurranse i eit Afrikameisterskap. Det fjerde semifinalelaget var Marokko: Den nord-afrikanske dominansen bak vertsnasjonen var dermed total. Vi kan elles merke oss at 1980 var tredje gongen på rad at tittelforsvararen mislukkast i å ta seg vidare frå gruppespelet, og det same skulle sanneleg gjenta seg to år seinare, då Nigeria tapte to av sine tre kampar i den i dag så berykta libyske by Benghazi, og måtte reise heim i skam. Vertsnasjonen, derimot, kom heilt til finalen, utan tvil «oppmuntra» av Oberst Ghadaffi og hans lovnader om kva lagnaden hadde i vente for spelarane om dei mislukkast. Libya klarte uavgjort mot Ghana i gruppespelet, og det same vart  resultatet i finalen, som følgjeleg vart avgjort på straffespark. Der bukka heimelaget under for nervepresset, og Ghana hadde dermed vunne sin fjerde kontinentale tittel, dobbelt så mange som noko anna afrikansk lag. Viss du hadde fortalt ghanesiske fans anno 1982 at dei, trettifem år seinare, framleis skule vente på tittel nummer fem, ville dei truleg ledd hånleg, men slik er livet. Turneringa i Libya er elles minneverdig fordi to av dei største afrikanske spelarane gjennom alle tider gjorde sin debut i meisterskapssamanheng. Den eine var sytten år gamle Abedi Pélé, eit gutebarn som briljerte i kamp med vaksne menn, ein yngling med uskuldsreint andlet og ei strålande framtid. Den andre var, tru det eller ei, den kamerunske veteranen Roger Milla. Han hadde i årevis vore Kameruns store stjerne, Årets Spelar i Afrika i 1976 og seinare ein framgongsrik proff i Frankrike, kor han i påfølgjande sesongar vann cuptitlar med Monaco og Bastia. Når han ikkje fekk spele noko Afrikameisterskap før i 1982, var det altså ikkje fordi det kamerunske fotballforbundet ikkje syntest han var noko tess, men fordi Kamerun ikkje hadde lukkast i å kvalifisere seg for noko sluttspel sidan debuten som vertsnasjon ti år tidlegare. Dette høyrer til mellom afrikansk fotballs store mysterium, for Kamerun hadde lenge dominert klubbfotballen på kontinentet: Union Douala og Yaoundé-klubbane Canon og Tonnerre vann til saman seks kontinentale titlar i løpet av like mange år. Uansett: Debuten vart ingen suksess: Milla mislukkast i å teikne seg på scoringslista, og Kamerun rauk ut etter tre uavgjorte kampar. Den same soga gjentok seg under VM i Spania same sommar, kor Kamerun óg debuterte (dei har kun gått glipp av to VM-sluttspel sidan). Men Dei utemmelege løvene skulle kome sterkare attende.

Milla time
Turneringa i 1984 fann stad i Elfenbeinskysten, og favorittane heitte Algerie: Ørkenrevane hadde imponert under VM i Spania – kor dei sensasjonelt hadde slått Vest-Tyskland og kun gjekk glipp av ein plass i andre runde på grunn av den skandaløse kampen mellom vest-tyskarane og Austerrike i Gijon (sjå Josimars EM-bibel 2016 for detaljar) – og hadde stjernespelarar som den geniale Lakhdar Belloumi og den minst like geniale Rabah Madjer på laget. Kamerun hadde dog den genialaste spelaren av alle – «Doktor» Théophile Abega, playmaker extraordinaire i sitt livs form. Når dei i tillegg kunne skilte med meisterskapets beste keeper, Joseph-Antoine Bell mellom stengene (samt den nest-beste, Tomas N’Kono – barndomsidolet til Gigi Buffon, som oppkalla sonen sin etter han – på benken), den stilfulle liberoen Emmanuel Kunde og ikkje minst Milla på topp, var Kamerun ikkje til å stoppe. Rett nok måtte dei ha straffespark for å slå Algerie i semifinalen, men i finalen mot nabo Nigeria gjorde dei som dei ville, og Abega scora eit av meisterskapshistorias mest minneverdige mål. Milla overtok stafettpinnen som turneringas beste spelar etter Abega i 1986, men tittelforsvararane tapte finalen på straffespark mot Egypt, som dermed kunne juble for sin tredje triumf på heimebane. Vi kan elles merke oss at Hossam Hassan debuterte i denne turneringa: Han spelte for Egypt i tjue år, vann tre Afrikameisterskap (det siste som førtiåring) og står med 178 landskampar, nest-flest i verda bak landsmannen Ahmed Hassan (184), som óg vann tre Afrikameisterskap (tvillingbror til Hossam, Ibrahim, fekk 131 landskampar som høgre back, men vann ingen Afrikameisterskap, stakkars.)

Kamerun vann tilbake den tapte tittelen i 1988, då Marokko stilte som arrangør i staden for den eigentlege arrangøren Zambia, som måtte trekkje seg frå oppgåva på grunn av dårleg økonomi. Dét var synd, for anført av den store Kalusha Bwalya hadde Zambia eit framifrå lag på denne tida: Under OL same sommar kom dei til kvartfinalen etter å mellom anna ha slått Italia 4-0: Kalusha, som vart kåra til Årets Spelar i Afrika dette året, scora hat-trick. Kven veit kva han og venene hans kunne fått til på heimebane? Meisterskapet i Marokko var prega av defensivt spel, og i den jamne Gruppe A måtte Algerie og Elfenbeinskysten skiljast ved hjelp av myntkast. Dei kamerunske meistrane, som igjen slo erkefiendane Nigeria i finalen, scora fire mål på fire kampar. Den no 36 år gamle Roger Milla sto for halvparten av dei kamerunske måla. Alt i alt måtte meisterskapet seiast å ha vore ein nedtur. Bekymring for at turneringa hadde stagnert tok til å breie seg i CAF-korridorane, og ettersom Ydnekatchew Tessema var gått bort året før, kunne ein ikkje vende seg til den visjonære etiopiske pioneren for råd.

«Yeboahs vitner»
Etter meir enn tre tiår med Afrikameisterskap hadde to markante særdrag gjort seg gjeldande: Det eine var at å forsvare tittelen var uhyre vanskeleg – ingen hadde gjort det sidan Ghana i 1965. Det andre var, besynderleg nok, at nasjonar som skulle til VM sjeldan gjorde det særleg skarpt i VM-år. Ein skulle tru at dei laga som hadde kvalifisert seg til å representere Afrika i VM var dei beste i Afrika, men ingen VM-klar nasjon hadde nådd finalen sidan Zaïre i 1974. I Algerie i 1990 vart Kamerun offer for begge desse syndroma. Tittelforsvararane, som forberedte seg til Italia 90 under sin nye, sovjetiske trenar Valerij Nepomaniatsji, mislukkast i å score både mot Zambia og Senegal og rauk ut i gruppespelet. Det kamerunske forbundet vurderte, sjølvsagt, å sparke Nepomaniatsji, men landets president Paul Biya hadde ein betre idé: Han overtalte den sovjetiske sfinxen til å hente superveteranen Milla inn i troppen. Milla, som på denne tida spelte amatørfotball i St. Pierroise på øya Reunion i det Indiske Hav, var utrent og overvektig, medspelarane var openlyst skeptiske, ja fiendtleg innstilte til denne avdanka gamlingen, men det skulle syne seg at presidenten hadde rett: Kamerun slo regjerande meister Argentina i opningskampen, innbytar Milla scora to både mot Romania i gruppespelet og mot Colombia i åttedelsfinalen, og berre flaks og Gary Linekers undervurderte skodespelartalent sikra England sigeren i kvartfinalen i Napoli. Claude le Roy, som trente Kamerun til tittelen i 1988, hevda ein gong at Milla kun kunne samanliknast med Pélé når det gjaldt naturtalent. No hadde han bevist sitt format, og vart kåra til Årets Spelar i Afrika for andre gong, fjorten år etter den første. Og Afrikameisterskapet? Vertsnasjonen Algerie, som hadde mislukkast i å nå sitt tredje VM på rad etter eit skandaløst nederlag i siste kvalifiseringsrunde mot Egypt, slo Nigeria – som framleis ikkje hadde kvalifisert seg til noko VM-sluttspel – i finalen og tok sin første tittel.

Senegal hadde to fjerdeplassar frå tidlegare Afrikameisterskap, men hadde aldri eigentleg makta å setje sitt preg på turneringa. I 1992 fekk dei imidlertid prøve seg som arrangør for eit sluttspel som no var utvida til tolv deltakarland. Diverre valde CAF å satse på det same idiotiske turneringsformatet som Fifa no føreslår for VM: Grupper á tre lag kor dei to beste gjekk vidare til neste runde. Dette oppmuntra sjølvsagt både til defensiv fotball og det vi for å vere høflege kan kalle resultatsamarbeid. Senegal og Zaïre spelte for eksempel 1-1 i siste gruppespelkamp, vel vitande om at dette resultatet ville sende begge lag vidare på Marokko si bekostning. Begge måla kom tidleg i kampen. Treng eg seie meir. Gruppe B baud kun på tre scoringar. Dei vart til gjengjeld scora av tre av afrikansk fotballs aller største: Kalusha Bwalya, Abedi Pélé og sjølvaste Anthony Yeboah, som hadde signert for Eintracht Frankfurt etter at klubben selde Bundesligaens toppscorar Jørn Andersen, og vart så populær på Waldstadion at mange Eintracht-fans til denne dag gladeleg kallar seg «Yeboahs Vitner». Ghana og Zambia sigla såleis opp som favorittar – særleg etter at tittelforsvarar Algerie rauk ut i grupespelet – men begge vart, overraskande nok, slått av Elfenbeinskysten. Elefantane vart det første laget i turneringshistoria som gjekk gjennom sluttspelet utan å sleppe inn mål, men måtte ha straffekonkurranse for å triumfere både i semifinalen og finalen. Sistnemnte besto av heile tjuefire straffespark og var den hittil lengste i ei internasjonal turnering. Elfenbeinskysten kunne juble, men i CAF-korridorane var ein neppe særskilt nøgde med eit meisterlag som scora null mål i løpet av utslagsrundane.

Tidenes lag
Før turneringa i Tunisia i 1994 vart Zambia råka av ein av dei største tragediane i fotballhistoria. Undervegs til ein kvalifiseringkamp i Senegal styrta det utrangerte militærflyet dei hadde lånt frå det zambiske flyvåpenet utanfor kysten av Gabon. Det var ingen overlevande. Zambisk fotballs gylne generasjon var tilinkjegjort. Men Zambia bygde opp eit nytt lag på rekordtid, og med Kalusha – som, sjølvsagt, ikkje hadde vore om bord i ulukkesflyet – som leiestjerne kom dei, utruleg nok, heilt til finalen. Der venta imidlertid det beste laget afrikansk fotball hadde sett. Med Stephen Keshi som kaptein og forsvarsbauta, ballmagikaren Jay-Jay Okocha og langskyttarfantomet Sunday Oliseh på midtbanen, overlydsflya Emanuel Amunike og Finidi George på flankane og den forbløffande målmaskinen Rashidi Yekini på topp, hadde Nigeria omsider kvalifisert seg for eit VM-sluttspel, og var no fast bestemte på å bryte den forbanninga som kvilte over VM-klare lag i Afrikameisterskap. Og dét gjorde dei. Kaptein Keshi måtte stå over finalen og Zambia tok ei tidleg leiing, men to mål av Amunike gjorde at dei nigerianske superørnene kunne reise til USA som afrikanske meistrar, dei første som deltok i VM på 20 år. I tillegg til å vere briljant, var laget ungt – kun Keshi og Yekini var over tretti, Oliseh og Okocha kun tjue – og burde såleis dominert turneringa i åra som skulle kome. Ansvaret for at dei ikkje gjorde det, ligg hjå landets dåverande diktator Sani Abacha: I 1995 henretta Abacha-regimet den opposisjonelle forfattaren Ken Saro-Wiwa, som hadde protestert mot oljeutvinning på landområda til Ogon-folket i det sør-austlege Nigeria. Nelson Mandela sa at dét skulle dei ikkje gjort. Abacha vart fornærma og nekta landslaget å forsvare tittelen under neste meisterskap i Mandela sitt heimlege Sør-Afrika, korpå CAF utestengte dei frå den påfølgjande turneringa i Burkina Faso på grunn av statleg innblanding i fotballens interne affærar. Nigeria kom til åttedelsfinalen i VM både i 1994 og 98, og vann OL-gull i Atlanta i 1996 med stort sett det same laget, men vart forhindra i å delta i to Afrikameisterskap dei truleg ville vunne på grunn av ein generals arroganse.

Sluttspelet i 1996 handla i stor grad om å feire den nye, frie, sør-afrikanske regnbogenasjonen. Vertsnasjonen deltok for første gong – og laget besto av både kvite og farga spelarar, nett slik Ydnekatchew Tessema & Co. hadde kravd fire tiår tidlegare. President, nobelprisvinnar og sekulær helgen Nelson Mandela stilte på tribunen i fargesprakande landslagsdrakt, eit lukksalig folk dansa og song og Bafana Bafana gjekk frå siger til siger. Igjen var turneringa utvida, denne gong til 16 lag, noko som medførte at ein kunne gjeninnføre eit logisk turneringsformat, med grupper á fire lag kor dei to beste gjekk vidare til kvartfinalane. Imidlertid trekte Nigeria seg, og då Guinea, som var det beste kvalifiserte laget, takka nei til å erstatte dei, vart gruppe C beståande av kun tre lag. Eit av desse laga var imidlertid Liberia, heimlandet til superspissen George Weah, den første (og hittil einaste) afrikanaren som er kåra til årets spelar i Europa. Liberia var på denne tida herja av årelang borgarkrig, og fotballforbundet i landet var bankerott. Weah var dermed ikkje berre lagets kaptein og store stjerne, men óg dets sponsor, og brukte pengane han tente i Milan til å betale for lagkameratane sine flyreiser, treningsleirar for laget og så vidare. Liberia vann sin første meisterskapskamp mot Gabon, og gjekk kun glipp av avansement frå gruppa på grunn av svakare målforskjell enn Zaïre.

Eit minutts tystnad
I det heile var det eit påfallande utviklingstrekk ved afrikansk fotball på 90-talet at dei beste spelarane var i større klubbar og ligaer enn tidlegare: Weah og Abedi Pélé (Torino) var begge i Serie A. Yeboah og vertsnasjonens Lucas Radebe og Phil Masinga spilte for Leeds United. (Som eit artig kuriosum kan det óg nemnast at Zaïre-forsvarar Michael Dinzey, som seinare vart henta på lån til Vålerengens Idrettsforening av Kjetil Rekdal, var i St. Pauli på denne tida. Allsidige Dinzey stilte så seint som i 2011 som placekicker for det amerikanske football-laget St. Pauli Buccaneers.) Likevel var det ein veteran som no hadde fare til Mexico, men som hadde mange store år i belgisk og nederlandsk fotball bak seg, som vart meisterskapets toppscorar og beste spelar: Kalusha Bwalya. Vertsnasjonen vann tittelen i første forsøk, og då dei óg kvalifiserte seg til sitt første VM to år seinare, var det mange som hadde forventningar om at Sør-Afrika skulle etablere seg som ei fotballstormakt på kontinentet. Slik har det diverre ikkje gått: Bafana Bafana vart i 2010 den første vertsnasjonen som rauk ut av eit VM i gruppespelet, og har mislukkast i å kvalifisere seg til tre av dei fem siste Afrikameisterskapa. Dét er ynkverdig innsats frå kontinentets ressurs-sterkaste nasjon.

I 1998, under Afrikameisterskapet i Burkina Faso, vart det halde eit minutts tystnad til minne om Ndaye Mulamba, toppscoraren frå 1972, som hadde mista livet i ei gruveulukke i Angola. Dette overraska Ndaye Mulamba, som las om sin eigen død i ei sportsavis i Johannesburg, kor han – einsam og fattig, men i levande live – jobba som vakt på ein parkeringsplass. Ndaye hadde flykta fŕå Zaïre etter at son hans vart drepen i borgarkrigen som herja landet på denne tida – men verken han eller nokon andre kunne forklare kor det falske ryktet om angolsk gruvedød skreiv seg frå. Uansett førte den bisarre episoden til fornya interesse for ein gløymt helt, og det vart mellom anna laga ein TV-dokumentar om han. På banen imponerte vertsnasjonen ved å nå sin første semifinale, men ingen kunne stoppe dei egyptiske Faraoane, som slo tittelforsvarar Sør-Afrika i finalen. Egypt tangerte dermed Ghana sine fire titlar, medan Mahmoud el-Gohary vart den første som har vunne turneringa både som spelar og trenar. Veteranen Hossam Hassan vart toppscorar med sju mål.

Som vi hugsar, måtte Zambia trekke seg som vertskap av økonomiske grunnar i 1988, og den same sørgjelege soga gjentok seg i det første meisterskapet i det nye milleniet, då nabolandet Zimbabwe var oppført som arrangør. Nigeria og Ghana overtok på kort varsel. Ein ung Real Madrid-reserve ved namn Samuel Eto’o debuterte i turneringa, i livsfarleg angrepspartnerskap med tanksenteren Patrick Mboma. Dei to scora begge fire mål, inkludert kvart sitt i finalen mot Nigeria. Sani Abacha var død, og Superørnene var tilbake i det gode selskap etter fire års ufriviljug fråver, framles med klassespelarar som Okocha, Oliseh, Nwankwo Kanu og den seinare kyrkjelydsleiaren Taribo West på laget. Finalen fann stad i Lagos, og heimefansen venta siger. Men Kamerun hadde lenge hatt eit besynderleg psykisk overtak på sitt langt større og mektigare naboland. Dei tok leiinga 2-0 i første omgang, og trass i at det lukkast Nigeria å utlikne etter pause, var det dei utemmelege løvene som triumferte i straffekonkurransen. Sør-Afrika vann bronsefinalen mot Tunisia, og hadde dermed tatt medalje i alle tre valørar i løpet av sine tre første Afrikameisterskap!

Svart magi
I 1978 vart Mali utestengt frå Afrikameisterskapet fordi sikkerheitsstyrkane på stadion i Bamako gjekk til åtak på dommaren. 24 år seinare var Mali vertskap for turneringa, og landets fremste menn med skjold og batong skulle kome i fokus igjen. Mali hadde eit talentfullt lag, med blant andre den framtidige Barcelona-spelaren Seydou Keita og den framtidige Real Madrid-spelaren Mahamadou Diarra på midtbanen, og den framtidige Sevilla-spelaren Freddy Kanouté på topp, og anført av denne La Liga-trioen in spe kom dei heilt til semifinalen. Før kampen sto Kameruns assistent-trenar Tomas N’Kono på indre bane og passa sine egne saker, då væpna vakter brått kasta seg over han, trekte ned buksene hans(!) og la han i bakken. Ifølgje Kamerun-sjef Winfried Schäfer fann dette uhøyrte åtaket stad fordi vaktene feilaktig trudde at det gamle keeperfantomet var i ferd med å kaste ein såkalla «juju» – ein gjenstand som bér i seg svart magi – ut på banen. Andre spekulerte i at overgrepet var eit skitent triks for å psyke ut tittelforsvararane. Viss dét var tilfellet, funka det dårleg, for Kamerun vann 3-0, og skulle møte Senegal i finalen. Alle vi som følgte med på det legendariske Eurosport-programmet «Eurogoals» på denne tida visste jo at El-Hadji Diouf var ein livsfarleg spelar, og i og med at han hadde lagkameratar som Khalilou Fadiga, Salif Diao og ikkje minst Omar Daf, var det ikkje til å undre seg over at laget til kult-trenar Bruno Metsu kom langt. Etter å ha vore vitne til lagets innsats i Afrikameisterskapet, kunne denne skribenten såleis trygt vedde på at Senegal ville slå Frankrike i opningskampen i VM same sommar, og vann faktisk inkje mindre enn ein øl frå ein kamerat! I finalen triumferte dog Kamerun (igjen etter straffekonkurranse) og forsvarte tittelen som første lag på nær førti år. Veteranen George Weah spelte sitt siste Afrikameisterskap og scora sitt første turneringsmål for Liberia, før han la opp for å vie seg til ei politisk karriere i heimlandet, kor han i dag er senator.

I 2004 var Tunisia vertskap, og var viljuge til å gjere kva som helst for å sikre seg sin første tittel. Dei hadde mellom anna «signert» eit par brasilianarar med klubbfortid i landet – ein av dei, spissen Francileudo Santos, trudde visstnok han var komen til Tyrkia då han skreiv under for Etoile Sahel. Eit fryktinngytande heimepublikum og aktiv utpsyking av dommarar og motspelarar gjorde Tunisia til ein frykta og særs upoulær motstandar. Den alltid rolege og avbalanserte El-Hadji Diouf klikka for eksempel i vinkel og vart utvist i kvartfinalen. Usportsleg åtferd bør imidlertid ikkje skugge for det faktum at Tunisia var eit godt lag: Santos scora fire mål, medan den atletiske høgrebacken Hatem Trabelsi og playmaker Selim Benachour óg imponerte. Meisterskapets soleklare høgdepunkt var likevel den uhyre dramatiske kvartfinalen mellom Maghreb-rivalane Algerie og Marokko: Algirarar i hopetal strøyma over grensa og skapte den mest intense stadionatmosfæren eg kan hugse å ha vore vitne til gjennom eit fjernsynsapparat, ørkenrevane dominerte og tok leiinga fem minutt før slutt, men Marokko heldt sitt kollektive hovud kaldt, den seinare Arsenal-suksessen Marouane Chamakh utlikna på overtid av overtida, før Atlasløvene gjorde kort prosess med demoraliserte motstandarar i ekstraomgangane. I finalen var diverre den elles solide målvakten Khalid Fouhami så uheldig å gjere to gyselege tabbar, og Tunisia vann det troféet dei higa etter over alt anna: Trenar Roger Lemerre vart samstundes den første som har vore kontinental meister i både Afrika og Europa (med Frankrike i 2000). Som eit talande eksempel på fotballens globalisering kan vi for øvrig merke oss at turneringa i Tunisia kunne by på fleire spelarar med fortid, notid eller framtid i Noreg enn nokon gong tidlegare: Olivier Karekezi (Ham/Kam/Rwanda), Robert Mambo Mumba (Viking/Kenya), Gustave Bahoken (Aalesund/Kamerun), Seyi Olofinjana (Brann/Nigeria) og den sør-afrikanske trioen Emile Baron (LSK), Nkosinathi Nkhleko (Viking/Brann) og McBeth Sibaya (Rosenborg) var alle på plass. Det same var den kenyanske superveteranen Mike Origi, far til Liverpools belgiar Divock Origi og onkel til LSK-målvakt Arnold Origi. Dette til orientering.

Tre av tre
Perioden 2006-10 kan oppsummerast enkelt: Egypt, Egypt, Egypt! Laget til den gamle storspelaren Hassan Shehata dominerte turneringa som ingen lag hadde gjort før dei, og tok tre strake titlar. I det første sluttspelet hadde dei rett nok fordel av heimebane, og finalen mot Elfenbeinskysten gjekk til straffekonkurranse. Ivorianarane hadde vunne ein maraton-straffekonk i kvartfinalen mot Kamerun, for kven Samuel Eto’o vart den første til å både score og misse i ein og same straffekonk i ei internasjonal turnering: Barca-målmaskinens miss var den einaste av 24 moglege. Elfenbeinskysten hadde óg slått ut Egypt (og Kamerun) i kvalifiseringa til VM-sluttspelet same sommar, og hadde store forventningar til sin gylne generasjon, men i finalen svikta nervene deira: Til og med Didier Drogba himself missa frå ellevemetersmerket. Slik byrja eit tiår med fortærande frustrasjon for Elefantane generelt, og deira kaptein og store stjerne spesielt. Egypt kom til finalen etter ein høgdramatisk semifinale mot Senegal, kor særleg den temperamentsfulle Tottenham-spissen Mido gjorde seg bemerka. Mido var Egypts internasjonalt mest kjente spelar, men underpresterte under trykket frå 75 000 forventningsfulle tilskodarar i Kairo, og trenar Shehata bestemte seg for å byte han ut. Då tilta det for Mido, som forsøkte å gå til fysisk åtak på den bartepryda landslagssjefen! Superveteranen Hossam Hassan, 40, som deltok i sitt sjuande Afrikameisterskap og var i oppvarming på indre bane, måtte kome til unnsetjing: Synet av den vesle Hassan som heldt den store Mido i eit jerngrep, er eit syn ingen av oss som var vitne til det kjem til å gløyme. Og Shehata? Han hadde grunn til å vere nøgd med seg sjølv, for innbytar Amr Zaki heada inn vinnarmålet med si første ballberøring.

Heimebanefordel eller ikkje, det var ingen tvil om at Egypt var det beste laget i 2006, og dei var endå betre to år seinare, då dei forsvarte tittelen i Ghana. Med meisterkeeperen Essam el-Hadary (som framleis held koken på landslaget i ein alder av 44), forsvarsbautaen Wael Gomaa, den magnifike midtbaneduoen Abd Hosny og kaptein Ahmed Hassan og monsterspissen Amr Zaki var Egypt ganske enkelt ustoppelege: Dei scora fire mot både Kamerun og Elfenbeinskysten, og Zaki sin maktdemonstrasjon mot Kolo Touré i semifinalen er den mest brutale framferda eg har sett frå ein spiss mot ein midtstoggar nokon sinne (stakkars storebror Touré var svimmel i årevis etterpå). Størst av alle var Momo Aboutrika, playmaker, dødballspesialist og truleg den fremste afrikanske spelaren som aldri har spelt i Europa. Viss nokon spelar nokon gong har vore sitt lags sjel, var det Aboutrika, som brukte posisjonen sin i fotball og samfunnsliv til å kjempe mot fattigdom og til å tale det paletinske folkets sak. Han representerer dessutan ein påfallande tendens i det triple egyptiske meisterlaget: Medan dei fleste afrikanske spelarar i årevis hadde søkt nordover i jakt på pengar og anerkjenning, heldt Momo og dei andre egyptarane seg helst heime, og når dei prøvde seg utanlands, var det med varierande hell. Zaki, for eksempel, scora ti Premier League-mål hausten 2008, og var ei kort tid den heitaste spissen i England, men Steve Bruce byrjar framleis å kaldsveitte og riv seg i håret berre han høyrer namnet Zaki, minna som han vert om egyptarens tendens til aldri å returnere til avtalt tid etter oppdrag for landslaget. Ahmed Hassan hadde suksess i tyrkisk og belgisk fotball, og den talentfulle, men ujamne angriparen Mohamed Zidan vandra kvilelaust frå klubb til klubb i Tyskland – og var, faktisk, ei kort stund ein kjempehit i Mainz under ein viss Jürgen Klopp – men  generelt treivst egyptarane best i Egypt, noko som truleg var ein fordel for Shehata, som hadde meir stabil tilgang til sine beste menn enn kontinentets øvrige landslagssjefar. Samuel Eto’o vart toppscorar for andre turnering på rad, og med seksten mål totalt gjekk han forbi Laurent Pokou som Afrikameisterskapets mestscorande spelar til alle tider, men i finalen vart han nøytralisert av den mektige flintskallen Gomaa, og Aboutrika sikra Egypt sigeren etter ein karakteristisk kjempebrølar av Kamerun-kaptein Rigobert Song.

Turneringa i Angola 2010 byrja med tragedie. Vertskapet hadde kontroversielt bestemt at det skulle haldast kampar i den oljerike eksklaven Kabinda, kor opprørarar lenge hadde kjempa mot styresmaktene. Då den togolesiske troppen var på veg over grensa frå Republikken Kongo, kor dei hadde halde treningsleir i forkant av meisterskapet, vart bussen deira utsett for eit bakhaldsangrep. Tre personar mista livet – inkludert assistenttrenar Amelété Abalo, som utanda i armane til lagkaptein Emmanuel Adebayor – og ni vart såra. Togo trekte seg, sjølvsagt, frå turneringa i kjølvatnet av tragedien, noko CAF utruleg nok reagerte på med raseri, og utestengte landet frå dei neste to Afrikameisterskapa. På banen var Elfenbeinskysten favorittar: Egypt hadde mislukkast i å kvalifisere seg til VM i Sør-Afrika etter ein skandaløs trippel-play-off mot arvefiende Algerie, og mange meinte laget var på hell. Særleg! Ironisk nok skulle Faraoane få hjelp frå Algerie, som overraskande slo ut Didier Drogba & Co. i kvartfinalen. Elefantane tok leiinga to gonger, den siste eit minutt før slutt, men Algerie utlikna på overtid og scora vinnarmålet straks ekstraomgangane tok til. Den bosniske demontrenaren Vahid Halilhodzic fekk sparken, og Sven-Göran Erikson overtok ansvaret for laget i VM, med den caps-kledte Viking-kjenningen Benny Lennartson som assistent. Halilhodzic, for sin del, vart seinare sjef for Algerie, og leia dei til åttedelsfinalen i Brasil 2014, kor dei var direkte uheldige som tapte for den komande verdsmeister Tyskland. Egypt tok hemn for VM-nederlaget ved å knuse Algerie 4-0 i semifinalen, og sikra seg deretter sin tredje strake tittel med finalesiger over Ghana.

Gledestårer for Zambias
Internasjonal fotball har alltid handla om makt og prestisje. Difor var dei to demokratisk utfordra oljenasjonane Ekvatorial-Guinea og Gabon vertskap for Afrikameisterskapet 2012. Alt før turneringa tok til, var ho prega av kjempenes fall: Heile fem tidlegare vinnarar – Algerie, Kamerun, Nigeria, Sør-Afrika og dei regjerande triple meistrane frå Egypt – hadde mislukkast i å kvalifisere seg. For sistnemnte sin del var fiaskoen direkte knytt til den politiske uroa i landet, som óg hadde påverka fotballen: Fans frå begge dei tradisjonelle Kairo-rivalane, Ahly og Zamalek, var involvert i protestane som førte til president Hosny Mubaraks avgang, landslagssjef og Mubarak-tilhengjar Hassan Shehata vart tvingja til å trekkje seg etter regimeskiftet, medan Momo Aboutrika var ein open støttespelar for demonstrantane. Uansett, Egypt var ute, og meisterskapet var difor opnare enn nokon gong. Fremst i feltet stilte, som vanleg, Elfenbeinskysten, som burde ha særs gode sjansar til å sikre seg ein lenge etterlengta tittel i dei andre gigantane sitt fråver. Men Elefantane hadde i årevis vore sine eigne verste fiendar. Denne gongen stilte dei med ein ultradefensiv spelestil, og gjekk, som i jubelåret 1992, gjennom sluttspelet utan baklengsmål. Det var ikkje nok. For det var eit lag i turneringa som hadde større ambisjonar enn berre å vinne troféet. Zambia hadde, som vi hugsar, mista sitt beste landslag nokon sinne i ei flyulukke utanfor kysten av Gabon. No skulle finalen spelast i Libreville, kor ulukkesflyet i 1993 hadde tatt av frå etter mellomlanding. No skulle Chipolopolo omsider reise det perfekte minnesmerket. Dagen før finalen la dei ned blomar i havet nær staden der tragedien inntrefte, medan dei song ein stille song til ære for sine falne forgjengarar. Dei song framleis då dei samla seg i midtsirkelen på Stade d’Angondjé før den avgjerande straffekonkurransen. Begge lag scora på sine seks første straffar, men etter at Kolo Touré og Gervinho hadde missa for Elfenbeinskysten, kunne stoggargiganten Stophira Sunzu avgjere for Zambia. Sunzu sette straffesparket i mål bak Boubacar Barry. På sidelinja gret Kalusha Bwalya – no president i det zambiske fotballforbundet – salte, reinsande gledestårer. Den kanskje mest rørande av alle fotballforteljingar hadde fått sin perfekte ende.

For å redusere belastninga for VM-klare nasjonar, hadde ein lenge diskutert å flytte turneringa til oddetalsår. Dette vart ein realitet frå og med 2013, og vi fekk difor Afrikameisterskap to år på rad. Libya var i utgongspunktet vald som vertskap, men sidan landet var herja av borgarkrig var dét sjølvsagt uaktuelt. Sør-Afrika, som jo hadde ei mengd store stadia ståande uvirksame etter VM, overtok. Zambia – utan suksesstrenar Hervé Renard, som hadde forlate landet for i staden å rykke ned frå Ligue 1 med Sochaux – skuffa i sitt tittelforsvar: Dei tapte ingen kampar, men vann heller ingen, og rauk ut i gruppespelet. Til gjengjeld fekk vi gleda av å stifte bekjentskap med den syngjande flygeleiaren Lucio Antunes, som styrte Kapp Verde til kvartfinalen i den vesle øynasjonens første opptreden i turneringa. Førehandsfavorittane var, naturlegvis, Elfenbeinskysten, men… you know the drill: Dei tapte mot Nigeria i kvartfinalen etter at undervurderte Jon Obi Mikel hadde utøvd total dominans over sin meir vidgjetne midtbanemotstandar Yaya Touré. Superørnene hadde starta forsiktig, med uavgjorte kampar mot Burkina Faso og Zambia i gruppespelet, men ulikt tidlegare år hadde dei denne gongen ein mann med ein plan på benken: Stephen Keshi, kapteinen frå meisterlaget anno 1994, hadde endeleg fått jobben som landslagssjef etter tallause forbigåingar, og overraska både med laguttak og taktiske disposisjonar. Mange var skeptiske til bruken av Nigeria-baserte spelarar som Sunday Mba og Godfrey Oboabona, men Keshi visste kva han gjorde. Nigeria utklassa både Elfenbeinskysten og Mali på veg mot finalen mot sensasjonslaget Burkina Faso. Laget til den tidlegare kampfiksings-dømte belgiske trenaren med det usannsynlege namnet Paul Put hadde imponert alle, men i finalen hadde dei lite å stille opp med, og matchvinnar Mba vart den første nigerianske målscoraren frå heimleg liga i eit Afrikameisterskap sidan 1990. Dagen etter triumfen sa Keshi opp, lei som han var av utidig innblanding i sine affærar frå apparasjikane i det notorisk inkompetente nigerianske fotballforbundet, men etter at dei hadde falle på kne og trygla han om å ombestemme seg, gjorde han dét. Same haust leia han laget gjennom ei suksessrik VM-kvalifisering, og vart dermed den første afrikanske trenaren som har kvalifisert seg for Verdsmeisterskapet med to ulike land (det første var, viss lesaren mot all tenkjeleg formodning skulle ha gløymt det, Togo i 2006). Diverre døydde Stephen Keshi brått og uventa av eit hjarteinfarkt i fjor juni, noko som tragisk nok tyder at både kapteinen og toppscoraren – Rashidi Yekini, som gjekk bort under gåtefulle omstende i 2012 – frå det klassiske nigerianske 94-laget er borte.

Mammas godgutt
I 2015 vart Afrikameisterskapet flytta på kort varsel for andre år på rad: Marokko trekte seg frå rolla som vert av frykt for ebola – ei forståeleg, men likevel diskutabel avgjerd, særleg ettersom Guinea, det einaste ebola-råka landet som kvalifiserte seg for sluttspelet, faktisk hadde spelt fleire av kvalifiserings-kampane sine i Marokko(!) Ekvatorial-Guinea tok over, noko dei kanskje angra på etter semifinaletapet mot Ghana, kor frustrerte heimefans gjekk amok, president Obiang sine sikkerheitsstyrkar måtte trå til, og heile verda kunne sjå at landet ikkje er det fredens og velstandens glansbilete presidenten gjerne vil gje inntrykk av. Dei ghanesiske spelarane tok, imponerande nok, situasjonen med stoisk ro, og gjorde kort prosess med eit psykisk nedbrote heimelag. Alle som likar ein veltrent torso kunne glede seg over at Hervé Renard var tilbake i meisterskapet, denne gong som trenar for Elfenbeinskysten. Didier Drogba og fleire av dei andre stjernene frå den mykje omtalte gylne generasjonen hadde lagt opp, og forventningane til laget var såleis for ein gongs skuld moderate. Men, som kjent, det er når ein minst ventar det noko skjer, og det som skjer er gjerne det du ventar minst. Boubacar Barry hadde i årevis vore Elfenbeinskystens svakaste ledd, men Elfenbeinskysten kunne ikkje seie adjø til Barry, for den brutale sanninga var at dei ikkje hadde nokon betre målvakt! Men i 2015 hadde dei omsider fått fram den kompetente Sylvain Gbohouo, og Barry kunne til heile nasjonens store lettelse ta plass på benken. Gladguten Mido hevda ein gong at Barry vann tre Afrikameisterskap – for Egypt! No skulle han ikkje kunne øydeleggje for Elfenbeinskysten lenger. Men i semifinalen mot Den Demokratiske (ja, særleg) Republikken Kongo pådrog Gbohouo seg diverre ein lei strekkskade, og sjølv om ivorianarane håpa i det lengste at han skulle verte speleklar, hadde Renard til sist ikkje anna val enn å bruke Barry i finalen. Som alle finalar Elfenbeinskysten har spelt, endte óg denne 0-0 og gjekk til straffekonkurranse, og etter at samtlege tjue utespelarar hadde vore i aksjon frå ellevemeteren, var det tid for dei to målvaktane. Alle som såg på, skjøna brått kva som skulle skje: Barry ville redde straffesparket frå Brimah Razak, deretter ville han score sjølv og derigjennom få den perfekte revansj for eit tiår med latterleggjering. Og dét gjorde Barry, og sikra seg såleis evig legendestatus som den mest usannsynlege av alle Afrikameisterskapets heltar. Elfenbeinskysten hadde, omsider, vunne det forjetta troféet, og Renard kunne kle av seg den kvite lukkeskjorta si og flekse musklar på indre bane: Han er den første trenaren som har vunne troféet med to ulike land, og all ære til han for dét. Og Boubacar Barry? Kva sa han, då journalistane spurte han etter kampen om kva han tenkte i det han på skjelvande føter gjekk fram for å ta det avgjerande straffesparket? «Eg veit at eg ikkje er nokon stor spelar», sa Barry, «men eg hugsa at mor mi er glad i meg».

Og med dét er denne kortfatta gjennomgangen av Afrikameisterskapets historie over. Eg håpar det har lukkast meg å overbevise lesaren om min opphavlege påstand, nemleg at dette er den einaste internasjonale turneringa som er verd å følgje med på. Ei rik historie, fascinerande fotball og eit fornuftig, forståeleg format. Slik alle meisterskap burde vere.

 

0 Kommenter
0

Relaterte artikler