På sporet av det tapte talent

Adu

Han skulle verte den amerikanske Pelé. Fotballens Michael Jordan. I staden vart han ein einsam ulv, på evig jakt etter ei framtid han aldri vil få. Her er historia om Freddy Adu.

Tekst Nils Henrik Smith

August 2003: Eit fly går inn for landing på Helsinki-Vantaa Internasjonale Lufthamn i – ja, du gjettar rett – Helsinki. Ut av flyet stig ei gruppe atletiske unge menn med ynglingeaktige andlet. Dei har reist ein lang veg frå vest for å delta i ei fotballturnering, som stolte representantar for den stoltaste av alle nasjonar. Dei ser på kvarandre. Innbitte, alvorsfylte. Dei høyrer på ingen måte til favorittane i meisterskapet, men bér likefullt på ein inderleg draum om å hevde seg i kamp med breiale brasilianar og sjølvsikre spanjolar. Tidene skifter, det er ei tid for alt, og no er det på høg til å vise verda at ein har lært seg å spele med rund ball óg nord for Rio Grande. Det amerikanske U17-landslaget har sett sine føter på finsk jord. Dei er klare for VM.

Ein spelar skiljar seg ut frå gruppa: Han er opplagt yngre enn dei andre, og uvanleg liten og spinkel til amerikansk idrettsungdom å vere. Det opne, tillitsfulle andletet hans er andletet til eit barn. Og det er eit barn han er. Han har nett fylt fjorten år, og er på fjorten dagar nær to år yngre enn nest-yngstemann på laget. Men om dei andre ser ned på han reint fysisk, ser dei opp til han i fotballmessig forstand. For han er Den Utvalde, det er noko alle veit. Vidunderbarnet. Verdsstjerna in spe. Frelsaren Freddy Adu, han som i kraft av sine rike nådegåver skal gjere The US of A til ei fotballsupermakt.

Magikaren frå Maryland
Når sjellause menneske utan fantasi vil hylle ein stor spelar, seier dei alltid at han kan gjere alt med ballen, bortsett frå å få den til å snakke. Freddy kan ikkje berre få ballen til å snakke, han kan få den til å syngje The Star Sprangled Banner medan den dansar av fryd. Dét er iallfall gjengs oppfatning i det amerikanske soccer-establishment. I fleire år har det gått gjetord om denne magikaren frå Maryland. Han er eit fenomen av den typen hans landsmenn elskar å elske, ei kroppsleggjering av den amerikanske draumen, førestellinga om at alle menneske i verda helst vil vere amerikanarar viss dei berre får lov. For Freddy vart født i Tema, Ghana og levde dei første åra av livet sitt der, inntil mor hans brått ein dag trakk vinnarloddet i Green Card-lotteriet som gjev opphaldsløyve i USA. Prompte pakka mor Adu seg og sine om bord i eit Atlanterhavskryssande fly, og slo seg ned i traktene mellom Baltimore og Washington D.C.. USA har altså, bokstaveleg tala, vunne eit lotteri dei sjølv arrangerer. Det ville vere grunnleggjande uamerikansk å tru at noko slikt er tilfeldig. Fotballens gud har sendt Freddy for å oppfylle sin heilage vilje – at verdas mektigaste nasjon omsider skal nå toppen i verdas største idrett. Når amerikanarane slår på stortromma, slår dei gjerne hardt, og held seg ikkje for gode til å hevde at unge Adu er det største fotballtalentet gjennom alle tider. Forventningane er, kort fortalt, så store som forventningar kan vere.

Og Freddy innfrir. I første kamp mot Sør-Korea er han banens bestemann og noterer seg for eit hat-trick. I kamp nummer to, mot Sierra Leone, scorar han vinnarmålet i nest-siste speleminutt. Med seks poeng av seks moglege er USA klare for kvartfinalen alt før gruppespelets siste kamp mot dei før nemnte sjølvsikre spanjolane. Som, syner det seg, har grunn til å vere sjølvsikre. Mot eit veldrilla mannskap anført av David Silva og Cesc Fàbregas, vert Freddy og frendane hans eit par hakk for små, og den same historia gjentek seg mot den komande meister Brasil i kvartfinalen. Så var dei altså ikkje klare for å ete kirsebær med dei store likevel. Ikkje enno. Det amerikanske laget reiser heim skuffa, men fylt av framtidsvon. Den vesle stjerna deira har spelt godt, til dels glimrande, mot eldre, større og sterkare motstand. U17-VM i Finland er berre første kapittel i det alle kjenner seg sikre på at vil verte ei fantastisk forteljing.

Skog og vatn
Nesten tolv år seinare står Josimars audmjuke skribent på perrong nr. 6 ved den praktfulle Huvudjärnvägsgården i Helsinki og ventar på morgonens første nordgåande regiontog. Det er sommar. Det er kaldt. Det regnar. Eg er på veg til Kuopio, den for nordmenn kjente og kjære vintersportsstaden, kor Freddy Adu for tida spelar for det lokale Veikkausliiga-laget KuPS. Eller, spelar og spelar, fru Blom. Sanninga er at sidan april, då han returnerte til landet kor han først presenterte seg for fotballverda, har amerikansk fotballs forhenverande redningsmann stort sett slite benken. Overgangen var kontroversiell, beordra og betalt av klubbens eksentriske eigar, som syner liten interesse for å forklare kvifor det var så viktig for han å få fallerte Freddy til Kuopio. Kvifor Freddy valde å reise dit, er heller ikkje lett å seie: Eg har vore i kontakt med klubbens pressetalsmann, som er høfleg og grei, men som ikkje desto mindre informerer meg om at Mr. Adu diverre ikkje ynskjar å late seg intervjue av det internasjonalt anerkjende fotballmagasinet Josimar på det noverande tidspunkt. Og dét skjønar eg godt. Var eg i hans sko, var det siste eg ville i verda å prate med journalistar. Han veit jo kva eg og alle som meg kjem til å spørje om: Kva i all verda gjer du her, Freddy? Kvifor er du ikkje ute og briljerer på San Siro, på Old Trafford, på Santiago Bernabéu, slik vi vart fortalt at du skulle? Korleis kan det ha seg at du, i ein alder av 26, når du skulle stå på høgda av di makt, ikkje er god nok for eit middelmåtig finsk klubblag? Kva gjekk gale, Freddy? Kva gjekk gale, kva gjekk gale, kva gjekk gale?

Togreisa frå Helsinki til Kuopio tek vel fem timar, og framstår meir enn noko anna som ein parodi på alt som er finsk. Skog, vatn, skog, vatn, skog, skog, skog, skog, skog, skog, skog, skog, skog, vatn. I motsetning til i Noreg er finske tog imidlertid utstyrt med Internett som faktisk fungerer, og såleis kan eg lese på Twitter at Freddy Adu dagen i førevegen har scora sitt første mål for KuPS. Eller, det vil seie, han har scora sitt første mål for klubbens rekruttlag, som bér det litt latterlege namnet KuFu-98 og spelar i Kolmonen, altså fjerdedivisjon. Målet skal visstnok vere hans første i ein obligatorisk kamp på 1010 dagar. 1010 dagar! Det er absurd. I tillegg tyder det faktum at han spelte nitti minutt for rekruttlaget i går, at det er svært lite sannsynleg at han vil få speletid for KuPS’ førstelag mot FC Lahti i morgon. Eg er altså på veg til Kuopio for å skrive ei sak om ein fotballspelar som ikkje vil tale med meg og som ikkje får spele førstelagsfotball. Dette må vere det mest bisarre oppdraget eg nokon gong har teke på meg. Det var til og med min eigen idé! Kva no? Til dette spørsmålet har eg ikkje noko svar, og eg vert sitjande rådvill og stire ut av vindauget: Skog, skog, skog, skog, skog, skog, skog, skog, vatn.

Det er om lag femti meter frå jernbanestasjonen til hotellet. I løpet av den korte spaserturen vert eg våt frå ytst til inst. Kvinna i resepsjonen ler openlyst når ho ser meg. Eg presenterer meg og seier, som sant er, at eg har reservert rom for tre netter frå og med førstkomande natt. Ho gjev meg nøkkelen og framseier den vanlege informasjonen om hotellets trenings-senter, sauna (sjølvsagt) og restaurant. Kvinner som talar engelsk med finsk aksent er eit fenomen eg stillar meg udelt positiv til. Eg kunne tenkt meg å verte betre kjent med henne, men har diverre ikkje tid. I heisen tenkjer eg på Freddy, og håpar at han har betre lukke i kjærleiken enn i fotballspelet. Viss han kunne finne seg ei fyrrig, finsk femme fatale, ville kanskje dette besynderlege opphaldet i djupet av dei djupaste av alle skogar ha noko for seg, trass alt?

Fotballens Jordan
Eg har dusja og skifta klede, og sit ved skrivebordet. Eg går gjennom mine notat. Dei tek meg attende til november 2003, då Freddy Adu signerer for DC United via ein hestehandel altfor komplisert å forstå for ein ikkje-amerikanar. Om lag samstundes vert han tildelt ein milliondollar-kontrakt med Nike. Det sistnemnte er ei særs symboltung hending, fordi det knytar direkte an til førestellinga om Freddy som fotballens Michael Jordan, ei superstjerne med transcendental appell langt utover sin eigen idretts kjernepublikum. Freddy skal ikkje berre verte stor sjølv. Han skal óg gjere fotballen stor i USA. At det kan vere uansvarleg å leggje ei slik bør på akslene til ein fjortenåring, lét ikkje til å vere ei problemstilling dei som har ansvaret for gutens ve og vel på denne tida, reflekterer noko særleg over. Freddy sjølv verkar jo ubekymra. Han vil berre spele ball. Og dét får han. I løpet av det neste halve året vert han både den yngste profesjonelle idrettsutøvaren i amerikansk historie, og den yngste målscoraren i Major League Soccer nokon gong. Han er ikkje fast på laget, men er likevel på banen i samtlege 30 kampar i debutsesongen, og kronar året 2004 med siger i MLS Cup. Rett nok finst det kritiske røyster som hevdar at han er for ung til å spele profesjonell fotball og at han heller burde utvikle seg mentalt og fysisk i samspel med jamnaldringar, men dommedagsprofetar finst det overalt og alle stader, tenker amerikanarane, slike skal ein ikkje lytte til. Sanninga er jo at Freddy er god nok til å spele ei rolle for det beste klubblaget i landet! Vidunderbarnet er endå ikkje vaksen, men framtida synest framleis ljos.

I løpet av dei neste to sesongane etablerer Freddy Adu seg som førsteval i laget til DC-sjef Piotr Nowak. I januar 2006 får han sin A-landslagsdebut, i venskapskamp mot Canada. Det er truleg unaudvendig å seie at han óg er den yngste som nokon gong har vorte denne æra til del? Trenar Bruce Arena vél imidlertid meir rutinerte krefter i troppen til sommarens store fotball-happening i Tyskland, og den amerikanske Pelé går såleis glipp av sjansen til å kopiere den verkelege Pelé ved å delta i sitt første VM som syttenåring. Likevel: 2006-sesongen er hans beste til no, og i november får han løn for strevet i form av eit tilbod om prøvespel hjå sjølvaste Manchester United. Prøvespelet resulterer ikkje i kontrakt – dels fordi Freddy ikkje har dei naudsynte kvalifikasjonar til å få innvilga arbeidsløyve i Storbritannia – men han uttalar likevel at opphaldet i Manchester har styrkt han i trua på at han har det som skal til for å lukkast på det høgaste nivået, ei noko kryptisk utsegn som gjev næring til spekulasjonar om at ein overgang til europeisk fotball kan vere nært føreståande.

På veg mot noko stort
Desember 2006: Rydd forsidene, folkens! Freddy Adu melder overgang til Real… Salt Lake. Hæ? Dette kan umogleg stå i manus? Real Salt Lake? Overgangen overraskar dei fleste, kanskje óg Freddy sjølv? Iallfall vert han ikkje verande lenge i mormonarhovudstaden. Sommaren 2007 er han kaptein for U20-landslaget under VM i Canada: Laget når kvartfinalen, og Freddy imponerer med målteft (hat-trick mot Polen), tempo, teknikk og fantasi. I eit styrerom i Lisboa sit ein bande handlekåte portugisarar og synst dei har sett nok: Benfica kjøper Freddy for to millionar dollar.

Overgangen verkar perfekt. Primeira Liga er kanskje ikkje den rikaste eller mest prestisjefylte ligaen i Europa, til gjengjeld er han kjent både som ein utmerkt utviklingsarena og som eit unikt utstillingsvindauge. Talrike som sandkorna på havbotnen er dei spelarane som har nytta portugisisk fotball som eit springbrett på veg mot storslagne karrierar i Spania, Italia eller England. Og Benfica er ein stor klubb, to gonger vinnar av Serievinnarcupen og med legendar som Eusébio og Coluna i sitt æresgalleri. Kort sagt, ein klubb kor det passar seg for supertalentet Freddy Adu å vere, iallfall ei viss tid. Det er vanskeleg å finne nokon som meiner noko anna enn at dette er eit stort steg på rett veg.

Men akk! Det er ikkje dét. I staden for å stige opp mot stjernehimmelen, synk Freddy ned i gløymsla. Det lukkast han aldri å etablere seg på Estádio da Luz, og sidan 2008 har han spelt for AS Monaco (lån), Belenenses (lån), Aris Saloniki (lån), Caykur Rizespor (lån), Philadelphia Union, Bahia og Jagodina før han kom til KuPS. Ni klubbar. Tre kontinent. Eg håpar han er glad i å reise!

Det er vanskeleg å vite om eg skal synast synd på Freddy Adu. Han er ikkje fattig, sjuk eller i fengsel. Han lever (trass alt) av å spele fotball. Samstundes er det jo ingen tvil om at ein eller annan stad på vegen har eit eller anna gått heilt forferdeleg gale. Men kva? Det finst alle moglege slags grunnar til at eit fotballtalent ikkje maktar å leve opp til potensialet sitt: Skadar, dårlege rådgjevarar – ei gruppe Dante for øvrig plasserer i Helvetets åttande krins, lenger ned enn snuskarar, hyklarar og tjuvar – grådige agentar, inkompetente trenarar, utanomsportslege distraksjonar etc etc etc. Men har eg dekning for å seie at Freddy har vore særskilt hardt råka av noko av dette? Tja. Det er ingen tvil om at han har vore utsett for uvanleg stor mediemerksemd frå uvanleg ung alder, og det ville utillateleg naivt å tru anna enn at dette har påverka han. Samstundes er dette noko som vert mange vidunderbarn til del, og dei mislukkast ikkje alle i vaksenverda kun av den grunn. Eg fornærmar vel ingen viss eg hevdar at det finst nasjonar i verda som har betre strukturar og høgare kompetanse enn USA når det gjeld talentutvikling, og det kan godt tenkjast at Freddy ville hatt godt av å tilbringje viktige læreår i ein annan fotballkultur. Men igjen: Er det forklaring god nok på kvifor han har feila? Viss Freddy Adu, liksom Lionel Messi, hadde reist til Barcelona som trettenåring, ville han då vore ei superstjerne i dag? Eg tillét meg å tvile.

I sama båt som Sani Emanuel
Ei meir sannsynleg forklaring, mistenkjer eg, er at han aldri var eit så stort talent som alle meinte han var. Fotballhistoria er full av vidunderbarn som slokna, og i mange av tilfella skuldast dette heilt enkelt at dei som svært unge låg langt foran den normale læringskurva, og difor vart overvurdert. Case in point: I det U17-VM Freddy deltok i då han første gong vitja Finland, vart Cesc Fàbregas tildelt Gullballen som turneringa sin fremste spelar. Fabregas har vunne Premier League og La Liga, har 97 A-landskampar for Spania og EM- og VM-gull. Han er ubestrideleg ein av dei fremste spelarane i sin generasjon. Men lista over tidlegare Gullball-vinnarar inneheld óg James Will, Mohamed Kathiri og Sani Emanuel, for å nemne tre ikkje heilt tilfeldige namn. Samstundes kan det vere på sin plass å påpeike at spelarane i den brasilianske vinnartroppen frå Finland 2003 per dags dato står med totalt fem A-landskampar. Til saman. Fem! Dei var verdas beste lag i sin årsklasse, men har ikkje lukkast i å frambringje ein einaste stabil landslagsspelar på seniornivå. Poenget med denne anekdotiske bevisførselen er ikkje å gjere narr av unge menn som ein gong håpa på ei stor framtid dei aldri fekk, men å påpeike kor vanskeleg det er å vurdere det reelle potensialet hjå spelarar i denne aldersgruppa. Don’t believe the hype, for å seie det med Public Enemy. «Eitt veit eg, og det er at eg ingenting veit», for å seie det med Sokrates.

Det har slutta å regne. Eg går ut. Driv kvilelaust gjennom Kuopios gater. Ein gong kan nok dette ha vore ein vakker by, noko det prangande rådhuset (som verkar altfor stort for byen) vitnar om, men ein eller annan gong på 1970-talet må Kuopio kommunestyre ha fatta eit vedtak om å gjere han heslegast mogleg snøggast råd, og i tråd med dette hyra fagfolk med spesialkompetanse innan arkitektonisk sjelløyse. Hotellet eg bur på, er komfortabelt og moderne innvendig, men det beste som kan seiast om sjølve bygninga, er at ein ikkje kan sjå henne når ein er inne i henne. Lenge, lenge vandrar eg gjennom denne underlege byen, dels på måfå, dels driven av den absurde idéen om at eg kan kome til å møte Freddy himself på gata. Kva ville eg i så fall sagt? «Hello. I’m from Norway. I’ve followed you all the way here because I want to make money by writing an article about you and your miserable career.» Kva slags menneske er eg eigentleg? Eit vesentleg spørsmål eg diverre kjenner meg ute av stand til å svare på. Mot kvelden tek det til å regne igjen, og lik Ernest Hemingway i A Farewell To Arms går eg attende til hotellet i regnet.

Merk deg namnet Urho Nissilä
Dagen etter er det kamp. KuPS mot FC Lahti. To lag midt på Veikkausliiga-tabellen. Som alltid når eg skal på kamp, er eg ute i svært god tid. Sidan eg ikkje kan finsk, har eg visse problem med å finne presseinngangen – dette skal det dog syne seg at eg ville hatt sjølv om eg kunne finsk, sidan presseinngangen ikkje finst! Når eg henvender meg i billettluka for den ordinære publik, veivar dei meg berre gjennom, men når eg spør kor det er meininga at pressa skal sitje, granskar dei meg uforståande. «Are you that Norwegian guy?», spør ei jente. «Just sit anywhere.»

Halvvegs i skjul bak ei søyle bevitnar eg denne kampen, som finn stad på det mest utriveleg utsjåande kunstgraset eg kan hugse å ha sett. Eg gler meg over gjensynet med den gamle Tippeliga-kjenningen Ebrima Sohna, som er ein av støttespelarane hjå KuPS, og ergrar meg som god nordmann over at Joakim Osvold, son av Argentina-dødaren Ketil, må ta til takke med ein plass på benken. Freddy er, naturlegvis, ingen stader å sjå. Kampens dominerande spelar er heimelagets høgrekant Urho Nissilä, ein elegant, blond høgrekant med tempo, teknikk og ein dødballfot som strengt tatt høyrer heime på større arenaer enn Savon Sanomat Areena (som utmerkar seg ved å vere bemerkelsesverdig forfallen til å vere bygd så seint som i 2005). Igjen og igjen stormar Nissilä framover langs krittlinja, og serverer innlegg som lagkameratane ikkje maktar å omsetje i teljande resultat. Han slår corneren som kanadiske Charlie «Old» Trafford stangar i nettet til kampens einaste godkjende scoring, og set ein annan corner rett i mål (målet vert, av for meg uforståelege årsaker, annullert). Nissilä er nitten, og har framtida foran seg. Då den amerikanske Pelé var på same alder, hadde nedturen alt tatt til. Eg sit her, på denne forfalne finske tribunen, og synst alt er så underleg. Eg skjønar mindre no enn då eg kom.

Kornete youtube-bileter
Om resten av opphaldet mitt i Kuopio, er ingenting å fortelje. (Nei, det vert ingen fleire detaljar om om den blonde hotellresepsjonistinna, eg beklagar på det sterkaste.) På toget attende til Helsinki går eg til restaurantvogna for å få meg litt styrkedrikk, og kjem i prat med ein kar i femtiårsalderen som er uvanleg ekstrovert til finne å vere. Min nye ven ler når eg fortel at eg har vore i Kuopio for å skrive om fotball. Veit ikkje eg, som er nordmann, at Finland er ein vinteridrettsnasjon? Han fortel deretter at han kjenner Mika Kojonkoski frå oppveksten. Seier du det? seier eg.

Seinare sit eg åleine. Kornete youtube-bilete flimrar framføre mi indre netthinne. Kornete youtube-bilete av fjorten år gamle Freddy som briljerer på finske banar i 2003. Den gongen var han håpet. Ljoset i mørkret. Han skulle verte stor. Størst av alle. Ei superstjerne for det nye tusenåret. Det finst ingen tvil, sa alle. Det finst ingen tvil om at alle tok feil. Freddy er i dag 26 år og ikkje god nok for eit middels lag i ein under middels europeisk liga. Han er eit mysterium, ei gåte eg ikkje maktar å løyse. Men først og fremst er han ei åtvaring til alle unge håpefulle, til foreldre og trenarar og presse og fans og alle andre som kan tenkjast å late seg forføre av draumen om Det Unike Talentet: Alt er ikkje alltid slik det ser ut til å vere, og å oppnå for mykje i for ung alder kan vere ei forbanning i forkledning.

*
Etterskrift: To veker etter Josimars dystre odyssé til Kuopio benyttar Freddy Adu seg av ein klausul i kontrakten med KuPS og avsluttar sitt opphald i Finland. Han vert ståande med fem kampar i Veiikausliga og tre kampar (to scoringar) for rekruttlaget KuFu-98. 14. juli annonserer Tampa Bay Rowdies at Adu har signert for klubben. Det neste året skal fotballens Michael Jordan spele i North American Soccer League, nivå to i det amerikanske ligasystemet.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.