Kuppoppgjer i tyrkisk fotball

Titusenvis av statstilsette har mista jobben eller blitt arrestert etter det mislukka kuppet i Tyrkia. Oppgjeret mot nettverket ein meiner står bak berører òg fotballen.

Tekst Morten Myksvoll

 

Dagane etter kuppforsøket 15. juli var prega av uro og frykt for nye kupp, samanblanda med ein eufori over at kuppet ikkje vart vellukka. Oppgjeret har vore enormt, og inkludert meir enn 100 tilsette i det tyrkiske fotballforbundet. Mange dommarar – fotballdommarar – er blant dei som er skulda for å støtte kuppmakarane.

Gülenrøyrsla, som er skulda for å stå bak, har svært liten støtte i Tyrkia no. Den støtta dei hadde, i regjeringa, forsvann for fleire år sidan. Blant opposisjonen, har frykta for Gülenrøyrsla vore vidspreidd i mange år. Røyrsla er leia av den islamistiske imamen Fethullah Gülen, som har budd i eksil i USA sidan slutten av 90-talet. 

Innad i fotballen har skepsisen til begge vore der, lenge. Det kan best skildrast gjennom Istanbul-storklubbane si deltaking i Gezi Park-demonstrasjonane i 2013. Det som begynte som ein fredeleg demonstrasjon for å bevare parken, utvikla seg til gigantiske anti-myndigheitsdemonstrasjonar, og politiet brukte overdriven makt for å spreie demonstrantane. Kort tid etter at politiet gjekk til åtak, auka omfanget til demonstrasjonane. Kraftig. Dei mest synlege demonstrantane var ultras frå Beşiktaş, Fenerbahçe, og Galatasaray. Blant desse er det vanlegvis eit til dels valdeleg rivaleri, men på Taksim og i Gezi Park stod dei samla. Bodskapen var regimeskifte. 

35 medlemmer av Beşiktaş si ultrasgruppering Çarşı vart anklaga for kuppforsøk grunna deltakinga i demonstrasjonane. Dei risikerte livstid i fengsel, men vart frikjent i desember 2015.

Arena for makt
Fotball har vore blanda inn i politikk lenge, men det har blitt svært intenst dei siste åra, etter Gezi Park, og etter at konflikta med Gülenrøyrsla braut ut. Fotball er svært viktig i dagleglivet for mange tyrkarar, og dei aller fleste har eit forhold til dei tre store Istanbul-klubbane. At fotballen har blitt ein arena for makt er derfor ikkje så merkeleg.

Etter Gezi Park søkte myndigheitene å få betre kontroll over fotballen, spesielt supportermiljøa. Under dekke av å få kontroll over bråk mellom supportergrupperingar, innførte myndigheitene Passolig-systemet. Det er eit elektronisk billettsystem, som registrerer alle kampar ein deltar på, kva klubb ein heiar på, og gjer det lettare å kontrollere tilskodarmengda. Aktif Bank, som kontrollerer Passolig, er eigd av Calık Holding. Mannen som styrer det selskapet, er svigersonen til Erdoğan. Den nære relasjonen til myndigheitene har auka frykta for at data frå billettsystemet vil bli misbrukt av staten, og at det først og fremst er eit overvåkingsverktøy. 

Samtidig har det vore vanskeleg å peike på tilfeller der billettsystemet har forhindra fotballvald, sidan det har vore umogleg for bortesupportarar frå dei store klubbane å reise på kamp. Det forbodet har vore der i nær fem år, og vart nettopp avskaffa. Den største effekten ein kan sjå av Passolig-systemet, var den enorme nedgangen i tilskodartal. Galatasaray opplevde ein nedgang på nær 40 %, til 23 000 tilskodarar i 2014/15, medan Fenerbahçe og Beşiktaş mista omlag annankvar tilskodar frå sesongen før. Tilskodartalet i ligaen som heilskap endte på rundt 8 000. Det er Tippeliga-tal. 

Skuldingane mot Gülenrøyrsla er ikkje berre at dei stod bak militærkuppet, men at nettverket av Gülenlojale har skapt ein parallellstat, med ein alternativ kommandostruktur. At tilsette i påtalemakta, i akademia, at dommarar og politifolk, lærarar og fotballdommarar, pressefolk, forfattarar, etterretningsoffiserar og militære, alle utgjer eit nettverk som arbeider på sida av staten, for eit maktskifte. At det var mange Gülenlojale i høgtståande posisjonar er rimeleg ukontroversielt å hevde. At dei har forma eit nettverk på utsida av statsapparatet var regjeringa blant dei siste til å hevde. Det er knapt nokon som skuldar alle desse – til dømes fotballdommarane – for å vere involvert i sjølve kuppforsøket, men for å vere med i det same nettverket som stod bak.

Målkonge i trøbbel
Den tidlegare målkongen frå Galatasaray, Hakan Şükür, er òg innblanda her. Mannen som scora tidenes raskaste VM-mål då Tyrkia tok bronse i 2002, vert i Galatasaray-kretsar kalla «Kongen». Då han skulle gifte seg for første gong var vigslaren hans ingen andre enn dåverande Istanbul-ordførar, no president, Recep Tayyip Erdoğan. Şükür var ein nasjonalhelt. Fallet vart knallhard. 

Erdoğan sitt AK Parti, har styrt Tyrkia med reint fleirtal sidan 2002. I 2011 vart Şükür valgt inn. Det skulle bli starten på nedturen hans. No kan han ikkje eingong besøke Tyrkia, av frykt for å bli arrestert. 

Sentralt i historia om kuppforsøket – òg Şükür sitt fall – står forholdet mellom AK Parti og Fethullah Gülen. Som eit nystifta parti som plutseleg fekk stor makt, såg AK Parti i hans retning for å finne lojale støttespelarar. Dei deler eit konservativt, religiøst utgangspunkt, men ikkje så mykje meir. Tyrkia har ein lang tradisjon med at regjeringslojale vert tilsett i viktige statlege posisjonar. Ti år seinare begynte det for alvor å skurre mellom Erdoğan og Gülen. Forholdet til Israel, tilnærminga til dei enorme Gezi Park-demonstrasjonane i 2013, og korrupsjonsanklagar var splittande faktorar. 

Under Gezi Park, til dømes, kritiserte Fethullah Gülen myndigheitene for å gå for langt i bruken av vald. Etter kuppforsøket i juli, vart dei ansvarlege for dette, den tidlegare politisjefen og guvernøren, arrestert som Gülenistar. 

Mest av alt handla splittinga om at Erdoğan og AK Parti hadde skapt seg ein eigen maktbase, etter ti år på toppen. Det var ikkje behov for den ufrivillige alliansen med Gülen. Regjeringa frykta ikkje lenger for eit kupp frå den gamle eliten. Dei hadde, med Gülen-lojale si hjelp, blitt kraftig svekka, gjennom store rettsoppgjer, som AK Parti no innrømmer var basert på fabrikasjonar. 

Heilt sidan desember 2013 har regjeringa og Gülen-røyrsla vore i open krig. Fram til kuppet vart tusenvis av tilsette i statsadministrasjonen anten suspendert, omplassert, eller sparka. Det oppgjeret me har sett etter 15. juli er ikkje noko nytt. Det er ein aksellerasjon av noko som har pågått i fleire år. 

Tilbake til Şükür, som trakk seg frå AK Parti i desember 2013. Han var nemlig lojal til Fethullah Gülen, og ikkje til Tayyip Erdoğan. Før gjekk det altså an å vere begge deler, men det tok brått slutt. 

Han ønskja å fortsette som uavhengig parlamentarikar, men det vart umogleg. I februar vart han anklaga for å ha fornærma Erdoğan på Twitter, noko som kan straffast med fleire år i fengsel. Det har alltid vore ulovleg å fornærme presidenten i Tyrkia, men Erdoğan har allereie klart å straffeforfølgje fleire enn Kemal Atatürk gjorde i si tid. Medlemmer av nasjonalforsamlinga har eigentleg immunitet mot slike anklager, men den ville blitt kansellert i Şükür sitt tilfelle. I august kom det definitive nådestøtet for ein eventuell retur for Şükür til Tyrkia, då han vart tiltalt for å vere medlem av ei væpna terrorgruppe.

Parallellstat
Krigen mellom Gülen og AK Parti gjekk altså så langt, allereie før kuppforsøket, at regjeringa plasserer Gülenistane i same kategori som terrorgruppene PKK og IS. 

Ein som meiner han såg alt dette komme, er Fenerbahçe-president Aziz Yıldırım. I 2015 publiserte han ein video der han skulda heile kampfiksingsskandala som råka klubben hans, på Gülen og hans lojalistar. Han åtvara om at det «sivile kuppet» som hadde råka Fenerbahçe berre var starten.  

Det har blitt svært populært å skulde på Gülen for det meste no. Gruveulukka i Soma, der 301 menneske vart drepen i 2014, vert no omtalt som eit Gülen-plott for å svekke regjeringa. Det same vert kampfiksinga Fenerbahçe vart dømt for. Aziz Yıldırım er langt frå den første til å gjere den koplinga. Tre Istanbul-baserte klubbar var involvert, då ein Istanbul Başakşehir-spelar innrømma å ha påverka utfallet av ein ligakamp mot Fenerbahçe og cupfinalen mot Beşiktaş. Både Fenerbahçe og Beşiktaş vart utestengt frå europeiske turneringar. 

Anklagane mot Gülenrøyrsla fekk rask medvind i 2014. Under to månader etter at høgsterett godkjente dommane mot dei involverte, begynte prosessen med å reversere dei. Spesialdomstolane som hadde blitt oppretta vart avskaffa, slik at rettsprosessen kunne foregå i det ordinære rettsvesenet. No var ein nokre månader inn i den opne krigen mellom regjeringa og Gülenistane, og svært mange hadde allereie blitt omplassert eller avsatt. Myndigheitene hadde fått meir kontroll over rettsvesenet, og aktor i den opprinnelege saka, Zekeriya Öz, var no ettersøkt.  

Ikkje overraskande, vart klubbane og dei impliserte personane frikjent i denne nye rettssaken. Ein grunn til at det er blitt så vanleg å skulde på Gülen for alt mogleg som har skjedd dei siste åra, er at mange tyrkarar føler at landet vert angripen på alle frontar. Dei ser det rett og slett som realistisk at ein såkalla parallellstat kan ha orkestrert ei gruveulukke og ein kampfiksingsskandale, saman med mykje anna, for å skape ustabilitet i Tyrkia. 

Og rett skal vere rett: Det er ikkje så reint lite plausibelt.