VM-blogg: Dei stygge andungane

Brazil vs Italy
Det herskar ein uskriven moralsk og estetisk kodeks som har frårøva Brasil-laget frå 1994 den æra det faktisk fortener.    

Tekst Even Smith Wergeland

«I tre verdensmesterskap har jeg sett Brasil spille «som Brasil». Det har gått til helvete hver gang. Elegant midtbane. Flotte, finurlige angrep. Strålende seire i de første kampene. Og så: En slepphendt keeper mot lurendreieren Paolo Rossi, en Zico som misser avgjørende straffespark mot Frankrike fordi han ikke er blitt varm i trøya, en fomlete backrekke som lar seg lure av Maradonas pasning til Caniggia […] På trynet har det gått med «gla’fotballens» Brasil.»
(Jon Michelet, i Solstad & Michelet, VM i fotball 1994)

Det heng mange portrett av fotballheltar frå 90-talet på guterommet mitt, men berre eitt lagbilete: Brasil sitt VM-vinnande lag frå 1994. Av alle Brasil-årgangar var det denne påstått ikkje-brasilianske versjonen som fekk heidersplassen på veggen. Timinga hadde sjølvsagt sitt å seie. Ein teenage dirtbag frå Jæren hadde vel ikkje den store innsikta og var, som så mange andre, svært viljug til å tru på myten om at det representerer ein slags siger for fotballen om Brasil vinn. På det tidlege 90-talet var Brasil synonymt med gode kvalitetar; ein slags destillasjon av alt som er genuint, vakkert og moralsk riktig med moderne fotball.

At Brasil hadde unngått å vinna VM sidan 1970 gjorde dessutan at dei hadde opparbeidd ein merkeleg form for sympati, forsterka av at dei formidable – men slett ikkje ufeilbarlege – laga dei hadde i 1982 og 1986 ikkje lukkast. Når ikkje ein gong kombinasjonen Zico og Sócrates var tilstrekkeleg, måtte det vere ein slags vond vri på lagnaden som hindra Brasil frå deira rettmessige trofé. Når Brasil heller ikkje fekk det til i Italia-VM i 1990, då ein augneblinks magi frå Diego Maradona senka dei i åttandedelsfinalen, var det som om ei mørk skugge la seg om fotballen.

Det er derfor smått ironisk at det som i mitt hovud fortona seg som ein triumf for den vakre og rettmessige fotballen, har blitt ståande som ei høgst ambivalent hending i fotballhistoria. For då Brasil endeleg vann VM i igjen, i USA ’94, var det mange som meinte at det var ein siger med markant bismak. Dette var ikkje eit gloriøst Brasil som overvann kynismen frå Italia ’90, men eit Brasil som hadde lært å tilpassa seg ein ny fotballrealisme: kompakt, klinisk og effektiv, blotta for sjarm og stil. FourFourTwo-skribent Celso de Campos jr. seier det slik: «The class of ’94 were more likely to induce snoring than superlatives. In fact, for the majority of the press and public, the ’94 team were beyond dull; they played anti-football, turning the beautiful game ugly.» Dei var manifestasjonen av det Jon Michelet håpa på i sitt Brasil-orienterte sinn då han heia dei fram mot VM-finalen: «Jeg vil se et lag av seige, sure, brasilianske, slibrige, slitvarger og søvngjengere som seigt sleper seg til Pasadena og The Rose Bowl. Der skal de ikke underholde noen, men vinne. Punktum. Finale. Verdensmester.»

Ho er ikkje utan presisjon, skildringa til Michelet. Men snarare enn å gjenta den slitne påstanden om at det Brasil utretta i 1994 var ein sjellaus slitesiger, vil eg hevda at magisk realisme er eit langt meir treffande omgrep. Då lagkaptein Dunga løfta VM-pokalen den 17. juli på mektige Rose Bowl, var det på bakgrunn av prestasjonar som både vidareførte typiske «brasilianske» ferdigheiter og som involverte ein del kløktige fotballtaktiske disponeringar. Det var eit pragmatisk motsvar til dei nonsjalante flanørane frå 80-talet, spleisa med magisk briljans av beste varemerke. Kort sagt: Brasil i USA ’94 var framtida; ein prototype for den beste fotballen me ser i dag.

PrintMytteri og misnøye
Me må innom den søramerikanske VM-kvalifiseringa for å forstå kvifor Brasil spelte som dei gjorde i USA ’94. Brasil var i gruppe med Venezuela, Bolivia, Ecuador og Uruguay; normalt grei skuring for Seleção Brasileira. Men problema tårna seg raskt opp for trenar Carlos Alberto Parreira. Laget måtte klara seg utan stjernespissen Romario, som var på toppen av karrieren og herja fritt i Barcelona på denne tida. Romario hadde nemleg blitt benka av Parreira i ein treningskamp i 1992, og reagerte med å boikotta landslaget. Og det gjekk nesten gale. Romario var ikkje tilbake igjen før aller siste kamp i kvalifiseringa, som Brasil måtte vinna for å kvalifisera seg. Dei sto på kanten av avgrunnen, men vann 2-0 heime mot Uruguay. Og kven scora begge måla? Den heimvendte sonen, sjølvsagt.

Den manglande populariteten til Parreira-laget stammar frå første del av kvalifiseringa. Den nokså umeritterte trenaren satsa på ein 4-4-2-formasjon som blei oppfatta som temmeleg bakstreversk. Betre vart det ikkje av at Parreira gav den mislikte Dunga ei sentral rolle på midtbanen, saman med krigshesten Mauro Silva. Desse to var sjølve fundamentet og pulsen i det triumferande laget i USA ’94, men ei kjelde til stor frustrasjon i brasiliansk presse. Då Brasil for første gong i historia tapte i kvalifiseringssamanheng den 25. juli 1993, hagla det med mishagsytringar mot mangelen på midtbanekreativitet. At 0-2-tapet kom borte mot Bolivia i La Paz i 3 500 meters høgd blei ikkje sett på som formildande omstende. Kritikken blei heller ikkje dulma av at Bolivia hadde eit lovande lag som anført av djevelen sjølv, Marco Etcheverry, også kvalifiserte seg til VM. Dette var andre kvalik-kamp på rad utan siger og utan mål. Brasiliansk presse førebudde lynsjing, med Parreira og Dunga først i køen.

Men Parreira fekk bli i jobben og Dunga fekk bli på laget, og saman manøvrerte dei skuta med stadig støare kurs. I fråveret av Romario tok endeleg Bebeto steget frå evig vidunderbarn til fullvaksen målgarantist, og då Zinho og Raí omsider vakna frå dvalen blei det også meir driv i det offensive midtbanespelet. Raí var det kreative alibiet. Mykje håp var knytt til at den yngre broren Sócrates skulle tilføre den sårt tiltrengte elegansen under sjølve VM. Etter mange gode år i Sao Paolo hadde han meldt overgang til PSG då kvalifiseringa tok til. Fleire ekspertar trudde at Raí sto på terskelen til verdsdominans. Det var derfor djupt sjokkerande då han blei droppa frå laget i USA, som eg kjem tilbake til.

Palmeiras-spelaren Zinho er ein usungen helt i landslagssamanheng, trass i at han fekk totalt 57 kampar for Brasil. Han er mysteriet som mange kritikarar aldri heilt fekk has på. Zinho var i utgangspunktet ving, men trekte gjerne innover mot midten for å gje plass til dei offensivt orienterte backane, Jorginho frå Bayern München og Leonardo frå Valencia (i dag sportsdirektør i PSG). Zinho starta i mange tilfelle på høgresida, men kunne smette over på venstresida, slik at Bebeto tok plass på høgrevingen. Det uortodokse og ofte sirkulære løpsmønsteret til Zinho gav han tilnamnet «bonemaskinen». Men det var ikkje slik, som kritikarane ville ha det til, at Zinho berre surra rundt i ring utan plan og framdrift. I den grad han var ein bonemaskin, var det i positiv forstand: han sytte for at andre på laget kunna susa hurtig i angrep, utan friksjon.

Zinho var altså først og fremst viktig på grunn av den overordna dynamiske effekten av spelet hans. Det som i utgangspunktet var ein streit midtbanefirar, kunne like gjerne bli ein 3-1-variant, med Zinho eller Raí i mellomrommet mellom midtbane og spissane. Det var kompakt, men med masse flyt og rørsle, ikkje minst for Jorginho og Leonardo. I midten regjerte Dunga og Mauro Silva, som både kunne sikra når backane fór på løp, vinna ballen i kritiske fasar av spelet og setja i gang hurtige framstøyt. Denne kombinasjonen av ein bastant kjerne med distributørkvalitetar i midten, supplert med hurtig rørsle og posisjonsveksling, kjenner me tydeleg igjen i fotballfilosofien til José Mourinho. På sitt verste kan det framstå som teknokratisk og rigid, men på sitt beste er det bortimot ustoppeleg og svært underhaldande å sjå på.

Då Júlio César møtte Jørn
Eit siste moment som gjorde førebuinga til VM vanskeleg for Parreira var skadar. Det einaste alle var samde om var at Brasil endeleg hadde eit solid forsvar, ja til og med ein dugeleg keeper i Taffarel. Juventus-spelaren Júlio César og PSG-klippen Ricardo Gomes hadde sigla opp som førsteval på midtstopparplass, med Ricardo Rocha frå Santos (tidl. Real Madrid), Carlos Mozer frå Benfica og Bordeaux-spelaren Marcio Santos i bakhand. Uhyre sterkt, men det var berre éin av dei som skulle kome til å spele ei viktig rolle i VM. Júlio César blei kvesta av Jørn Karlsrud då Juventus møtte Kongsvinger i andre runde av UEFA-cupen i 1993, medan Ricardo Gomes fekk ein alvorleg skade like før VM. Ricardo Rocha, mannen med leigemordar-barten, var med inntil det 69. minutt av Brasil sin opningskamp mot Russland, då også han blei skadd. Som om ikkje dette var nok, hadde den allsidige Mozer fått påvist ein hjertekomplikasjon som forhindra han frå å spela. Krisa var tilsynelatande stor, men naudløysinga skulle syna seg å vera eit av dei beste forsvara VM-historia har hatt å by på: Jorginho og Leonardo på kvar sin back, med Roma-legenda Aldair som makker til Marcio Santos. Og dermed kunne VM ta til.

1994 World Cup Final. Pasadena, USA. 17th July, 1994. Brazil 0 v Italy 0. (Brazil won 3-2 on penalties). Brazilian captain Dunga scores the third penalty for Brazil in the shoot-out

Brikkene fell på plass
Summen av det Parreira sette saman i løpet av kvalifiseringa var kan henda baktungt på papiret, men uhyre dynamisk i røynda. Både Leonardo og Jorginho var først og fremst offensive spelarar, så det var i grunnen berre Marcio Santos, Aldair, Dunga og Mauro Silva som var utprega defensive i grunninnstillinga. Dette var eit lag som kunne gå kvikt i angrep, men halda på ballen om naudsynt. Denne framgangsmåten minner ein heil del om det triumferande spanske landslaget frå dei siste åra, som jo har fått litt av den same kritikken retta mot seg; dei kan vera keisame å sjå på. Brasil-laget i USA-VM var ikkje like possession-orientert som Spania under Vicente Del Bosque, men måten dei angreip på var temmeleg lik. Romario og særleg Bebeto hadde ein hang til å trekkja ut på kanten, for så å styrta inn sentralt når høvet baud seg – David Villa og Fernando Torres med fleire har imitert dette angrepsmønsteret med stort hell for Spania.

I tillegg til det ukonvensjonelle rørslemønsteret, spelte Romario og Bebeto som om dei hadde felles nervesystem. Sjeldan har ein sett eit spisspar som rettferdiggjorde bruken av klisjeen «telepatisk forståing» i same grad som Romario og Bebeto. Det synte seg alt i opningskampen mot Russland, som fann stad på Stanford Stadium i San Francisco. I det 26. minutt slo Bebeto corner frå venstre og ballen landa på foten til Romario, som på hyperelegant vis ekspederte ballen over streken heilt inne ved stolperota. Ein skulle nærast trudd at trekket var innøvd – og det var det kanskje óg. Så god var kjemien mellom løpet til Romario inne i feltet og innlegget til Bebeto. Kampen enda med ein komfortabel 2-0-siger til Brasil, etter at Romario blei klipt ned i feltet og Raí scora på det påfølgjande straffesparket.

Neste motstandar for Brasil var Kamerun, som hadde spelt 2-2 mot Sverige i sin opningskamp i Gruppe B. Dette blei overraskande enkelt for Brasil, som krusa inn til 3-0. Romario var nok ein gong på pletten med eit tidleg mål, fabelaktig orkestrert av Bebeto og Dunga. Ei tidleg gjenvinning i beste Dunga-stil blei fylgt opp med ein superb gjennombrotspasning med yttersida av foten – og Dunga som liksom ikkje kunne gjera kreative ting – til Romario på lynfart gjennom sentralt. Bebeto, alltid kvikk i oppfattinga, hadde samtidig lansert eit løp ut mot venstre. Kamerun-forsvaret blei på denne måten omgjort frå festning til open låvedør i løpet av 3-4 sekund. Effektivt, ja visst, men også svært elegant. Etter dette scora Brasil to mål til, ved Marcio Santos og Bebeto (som på listig vis avslutta eit Romario-forarbeid). Kamerun blei redusert til ti mann etter at den 17 år gamle Rigobert Song blei den yngste spelaren som har fått raudt kort i VM-samanheng, då han valsa ned Bebeto i det 63. minutt.

I siste gruppekamp venta Sverige, som hadde imponert i sine to første kampar. Det interessante er at mange har meint at Sverige var meir brasilianske i stilen enn Brasil i denne turneringa. Med ballgeniet Thomas Brolin i sitt livs form og ein ung Henrik Larsson var det lett å la seg sjarmera av svenskane, som også var utstyrt med ein VM-låt av høg klasse («När vi gräver guld i USA»). Men det er ei anna historie. Oppgjeret enda 1-1, etter mål av Romario (så klart) og den rake motsetnaden hans: høge, blonde, slanke Kenneth Andersson, som var fantastisk i USA-VM. Målet hans mot Brasil var eit ekte meisterstykke, godt assistert av Brolin, som la ballen til rette for Andersson, som dempa ballen på brystet og sendte den av garde i ein perfekt dupp over Taffarel. Romario si scoring var eit døme på pur gjennombrotskraft, ikkje ulikt det som skulle bli varemerket til ein yngre spisskollega som sat på Brasil-benken under heile USA-VM: Ronaldo, El Fenómeno. 1-1 var eit rettvist resultat etter ein jamn, intens og underhaldande kamp. Laga var fulle av triks men samstundes godt nøgde med uavgjort, som gjorde at begge avanserte til åttandedelsfinalen. Gruppespelskampen skulle ikkje bli siste møte mellom Brasil og Sverige i USA ’94. Meir om det under.

Virvelvind vinn
Med gruppespelet vel overstått venta vertsnasjon USA i åttandedelsfinalen. Dette var eit lag mange sleit med å ta heilt alvorleg, trass i at dei hadde heimebane og at fotball så smått hadde blitt eit seriøst satsingsområde for idrettsnasjonen USA. Parreira var budd på at det kunne bli ein røff fysisk batalje, og omdisponerte laget ved å erstatta Raí – til mykje hyl og skrik i brasiliansk media – med den langt meir robuste Mazinho, ein ekte «utility player» som kunne kle alle slags roller. I same vending blei kapteinsbindet overført frå Raí til Dunga, ein gest som ikkje akkurat dempa harmen i pressa. Den opplagte fordelen med Mazinho var at han tilførte endå meir mobilitet i den dynamiske strategien til Pareirra. Der Raí var ein klassisk playmaker med høgt hoftefeste og avgrensa arbeidsområde, var Mazinho kvikk som ein virvelvind. Dette kom godt med mot atletiske amerikanarar. Mazinho er for øvrig far til Thiago og Rafa Alcântara, som begge er å finna i rekkjende til Barcelona.

Og då det var slutt på tolmodet til Leonardo like før pause, var det svært hendig at Mazinho hadde fortid som venstreback. Etter å ha blitt dytta rundt ein god del heile omgangen kokte det nemleg over for Leonardo, som gav Tab Ramos eit så kontant kakk med olbogen at fleire amerikanske aviser brukte metaforar frå Teenage Mutant Ninja Turtles for å skildra episoden i etterkant. Men sjølv med 11 mot 10 klarte ikkje USA å temma dei offensive kvalitetane til Brasil. I det 72. minutt dribla Romario seg kjapt gjennom og fann Bebeto, denne gongen posisjonert ute til høgre, med ein flott stikkpasning. Bebeto berre gav ballen eit mildt puff med breisida, slik at den trilla roleg inn bak ein fortumla Toni Meola i USA-målet. Dette målet seier mykje om den variasjonen Brasil var i stand til å angripa med i denne turneringa. Romario har ofte blitt framstilt som ein eindimensjonal måltjuv, ein slags brasiliansk der Bomber, men i USA-VM var det like gjerne han som la til rette for Bebeto som omvendt.

I kvartfinalen venta det som har blitt ståande som den verkelege klassikaren frå USA ’94: Brasil-Nederland 3-2. Det mannskapet som Nederland mønstra denne julidagen i Dallas har til likskap med 94-versjonen av Brasil blitt stempla som ein litt traust gjeng. Kanskje ikkje så rart, all den tid laget var sentrert rundt grinebitarar som Wim Jonk, Aaron Winter og Jan Wouters. På den andre sida hadde dei Dennis Bergkamp i sin ungdoms vår og ein skadefri Marc Overmars. For Brasil var stadig Mazinho inne i varmen på kostnad av Raí, og Branco hadde kome inn som venstreback for den utestengte Leonardo. Branco var førstevalet i Italia ’90, men han hadde tapt plassen til den langt hurtigare Leonardo under Parreira. Det Branco mangla av fart tok han igjen med innsats, posisjoneringsteft og ein torpedo av ein frisparkfot. Det var nettopp denne som avgjorde det heile, då Branco knuste inn eit frispark i det 81. minutt.

Innan den tid hadde begge laga putta to gonger kvar og levert elektrisk angrepsfotball. Det byrja med Romario sitt fjerde mål i turneringa, i det 53. minutt. Ei perfekt kontring initiert av ein strålande langpasning frå Aldair til Bebeto, som på silkemjukt vis serverte Romario, som like silkemjukt tuppa ballen i nota. Drillos i glansdagane kunne ikkje gjort det betre (Dette var jo faktisk glansdagane til Drillos, og dei gjorde det ikkje betre). Dernest utnytta Bebeto eit sovande nederlandsk forsvar, gjorde 2-0 og sprang ut mot sidelinja for å feira sitt nyfødde barn med ein voggegest. Sikkert sjarmerande, men er det éin ting eg held mot 94-versjonen av Brasil, så er det at Bebeto danna skule for alle slags tåpelege feiringar som fotballen framleis slit med.

For ein gongs skuld slo det sprekkar i det elles så formidable Brasil-forsvaret. Dei trudde kanskje at det heile var over då Bebeto hadde scora, men Dennis Bergkamp ville det annleis. Berre minuttet etter Bebeto-målet sneik han seg inn i feltet frå venstre og overlista Taffarel med ei stilrein avslutting i motsett hjørne. Drygt ti minutt seinare var det Aaron Winter sin tur. På corner frå Overmars dukka han umarkert opp midt i 16-meteren og heada inn 2-2. Nederland var back with a vengeance! Men Brasil hadde det ekstra giret som skulle til, og i ei av dei mange angrepsbølgjene som fossa mot den nederlandske forsvarsmuren gjekk Branco inn mot midten, hamna i skvis mellom Winter og Wonk, og fall som eit tre i ein heftig hauststorm. Det påfølgjande frisparket frå snaue 30 meter gjekk som eit toreskrall forbi den nederlandske muren og suste til side for keeper Ed de Goey og inn i nettmaskene.

Det var dermed klart for semifinale og eit nytt møte med Sverige, som hadde nedkjempa Saudi-Arabia (3-1) i åttandedelsfinalen og Romania i kvarten (2-2 e.e.o., 5-4 på straffer). Det var særleg sigeren over det enormt gode Romania-laget, som slo ut Argentina ved hjelp av festfotball i åttandedelsfinalen, som gav Sverige mange lovord. Semifinalen var ikkje ulik oppgjeret i gruppespelet, men Brasil pressa meir på enn dei gjorde i første møte. Det var mykje takka vere keeperfantomet Thomas Ravelli at Sverige ikkje hamna under før i det 80. minutt, då den lågaste mannen på banen dukka opp og heada Brasil til VM-finalen. Sjølv ikkje Ravelli kunna stagga den teknisk perfekte avsluttinga frå Romario, som hadde snike seg utanom den fininnstilte radaren til det svenske forsvaret.

Då Brasil vandra ut på grasmatta på Rose Bowl i Pasadena den 17. juli var det 94 000 forventingsfulle menneske på tribunen. Motstandar var Italia, Noreg sin erkenemesis i VM-samanheng. Italia hadde, som dei fleste veit eller i alle fall burde vite, avansert frå den gruppa der Noreg hamna sist, med minst mogleg margin. Det var lite som tyda på at Italia skulle kome til finalen då dei sleit seg gjennom eit strabasiøst gruppespel. Men då Roberto Baggio kvikna skikkeleg til i åttandedelsfinalen mot Nigeria byrja det å sjå lysare ut, sjølv om den sigeren sat langt inne. Nigeria scora tidleg, og kampen var inne i det 88. minutt då Baggio utlikna. I ekstraomgangane sikra han avansement ved å konvertere eit straffespark. Baggio scora også seint då Italia vann 2-1 over i Spania i kvarten, og begge måla mot Bulgaria i semifinalen. Før finalen var det toppscorarduellen mellom Romario og Baggio alle snakka om.

Dei stoppa begge på fem mål, og den som enda opp som VMs toppscorar var den høgst middelmåtige russiske spissen Oleg Salenko, som scora fem mål i ein og same kamp, Russland sin nyttelause storsiger mot Kamerun i Gruppe B. For finalen enda som kjend utan scoringar, som den første i historia. Dette er ei sterkt medverkande årsak til at Brasil anno 1994 har fått eit litt blanda ettermæle. Sjølv om reglane fortel at det er slik kampar skal avgjerast ved uavgjort, blir ikkje straffespark rekna som heilt gangbart i følgje dei uskrivne reglane. Og fram til dette tidspunktet i VM-historia var det få lag som hadde fått så mykje positiv omtale som Brasil på grunn av uskrivne reglar. Og no «braut» dei magien ved å vinna på nedrig vis. Det var som om synet av den vonbrotne Roberto Baggio, som missa den avgjerande straffa for Italia, gav Brasil ei kraftig ripe i den moralske lakken dei sjølv hadde designa og marknadsført. Det hjelpte lite at dei fleste var samde om at Brasil hadde vore best gjennom heile kampen, at dei hadde spelt med både kløkt og intensitet, og at Italia hadde eit forsvar av ei anna verd: Paolo Maldini, Franco Baresi, Antonio Benarrivo og Roberto Mussi, med Gianluca Pagliuca i mål.

Tilbake til framtida?
«To ascribe moral values to any way of playing is absurd», skreiv Jonathan Wilson i World Soccer no nyleg. Med det treff han nøyaktig den problematikken eg har prøvd å ta opp i denne teksten. Det herskar ein vedteken moralsk og estetisk kodeks som har frårøva Brasil-laget frå 1994 den æra det faktisk fortener. Det vil alltid vera ulike oppfattingar om kva som er «god» fotball, men det er viktig å halda på den fotballfaglege substansen som ligg under. Det var utvilsamt mykje bra, til dels genialt, med Brasil i USA-VM. Parreira demonstrerte kor smart det kan vera å ha to djuptliggjande sentrale midtbanespelarar, som både kan intensivera ballpress, halda på ballen og distribuera hurtig i lengderetning. Den defensivt posisjonerte midtbanespelaren har verkeleg fått ein renessanse i internasjonal fotball dei siste 10-15 åra, og Dunga og Mauro Silva var pionerane.

I tillegg synleggjorde Parreira-laget kor viktig det er med flyt i staden for definerte posisjonar på banen. Dei stadige omrokeringane i angrepet, med spissar som ikkje posisjonerer seg som tradisjonelle spissar, gjorde det svært krevjande å få has på Brasil. Tidleg på 2000-talet spelte til dømes Spania klassisk 4-4-2 med vingar (Vicente og Joaquin/Joseba Etxeberria) og spisspar (Raul/Morientes). Laga dei hadde i VM 2002 og EM 2004 var spekka med kvalitet, men det var først då dei la om til ein skakk formasjon med større grad av posisjonsendring at dei verkeleg tok steget opp i verdseliten.

Det blir derfor heilt feil å seia at 94-årgangen av Brasil gjorde det vakre spelet stygt, slik det ofte blir påstått. Dersom ein absolutt skal ty til omgrep frå estetikken er det meir presist å seia at dei innførte nye former for venleik, slik tilfellet av og til er når dei beste kunstnarane bryt rammene for det som blir rekna som god kunst. Brasil i 1982 var ein Rolls Royce eller eit måleri av Sandro Botticelli; klassiske, vakre uttrykk som dei fleste vil oppfatta som attraktive. Det er vakkert, men samstundes rimeleg fjernt frå verda slik ho er i dag. Brasil i 1994 var ein Porsche Carrerra GT eller ein skyskrapar, full av kraftfull eleganse med stor grad av realitetsorientering.

Alt tyder på at det er slutt på den tida då balltrillande ekstravaganse utan arbeidskraft var tilstrekkeleg til å vinna titlar, i den grad det nokon gong har vore tilstrekkeleg. Det legendariske Brasil-laget som vann VM i 1958 handla slett ikkje berre om sambatakter og feiande flott angrepsfotball. Faktisk var denne Seleção-versjonen vel så innovativ i den defensive fasen av spelet. Trenar Vicente Feola gjorde drastisk om på tilhøvet mellom lagdelane ved å skyve éin mann frå midtbaneleddet ned i forsvaret, og vips: den klassiske forsvarsfiraren var eit faktum. Laget sleppte ikkje inn mål før i semifinalen. Det var ein trygg defensiv plattform med eit fyrverkeri av eit angrep. 94-laget hadde Romario og Bebeto, 58-laget hadde Pelé og Garrincha. I begge tilfelle handla det om balanse mellom det offensive og det defensive, spedd med individuelle ferdigheiter av aller beste merke.

Det er altså på høg tid at vinnarlaget frå USA ’94 blir rehabilitert og anerkjent som det banebrytande mannskapet det faktisk var, utan at ord som «solid» og «effektivt» blir ytra med ein undertone av skam i røysta. I skrivande stund ser ikkje Brasil ut til å ha noko særleg meir artisteri å fara med, eit drygt år før VM på heimebane i 2014. Det vil neppe henda, men det ville sannsynlegvis vore gunstig for brasiliansk fotball å fokusera på det talentet som faktisk finst, i staden for å drøyma seg tilbake til ei tid og ein spelemåte som neppe kjem tilbake heilt på toppnivå. Dei kan håpa på at Ronaldinho og Kaká finn tilbake til gamle taktar og at nye heltar som Neymar og Oscar er modne for oppgåva, men elles er det først og fremst i forsvaret og på djuptliggjande midtbaneplass at Brasil har klassespelarar i dag. Det kan fort bli saknet etter Romario og Bebeto som melder seg dersom Brasil ikkje lukkast i 2014. Ja, kanskje vil ein til og med forstå at det skal godt gjerast å matcha nivået til Dunga og Mauro Silva frå 1994.

Hovudkjelder
Dag Solstad & Jon Michelet, VM i Fotball 1994, Oslo: Oktober, 1994.
Jonathan Wilson, «Tactics: Passing the buck», i World Soccer, February 2013, s. 66-67.
Celso de Campos Jr., «94: Boring, boring… Brazil?!?», 31. Mai 2010, (www.fourfourtwo.com/blogs/worldcupwonderland).

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.