I fars namn: Historia om Jerome, Kevin-Prince (og ikkje minst George) Boateng.

Tekst Nils Henrik Smith

Året er 1981. Ein ung mann står åleine i regnet, ein stad i Vest-Berlin. Det er ikkje meir enn eit par dagar sidan han kom til den delte byen for første gong, etter ei lang reise frå Sunyani, ein provinshovudstad i det vestlege Ghana, grunnlagt av elefantjegarar hundre år tidlegare, kor foreldra hans er kaffidyrkarar. Enno talar han ikkje eit ord tysk. Han håpar å få seg ei utdanning her, men det håpet skal verte knust. Til gjengjeld skal andre draumar verte oppfylt, draumar han enno ikkje veit noko om, her han står.

For å kunne drive med undersøkende journalistikk trenger vi hjelp fra våre lesere.

Gi 50 NOK: Send sms med kodeord Eder til 2199.
Gi 100 NOK: Send sms med kodeord Junior til 2199.
Gi 200 NOK: Send sms med kodeord Falcao til 2199.
Gi 500 NOK: Send sms med kodeord Socrates til 2199.

Beløpet blir belastet din telefonregning.

 

Prince Boateng er ein målmedviten mann, det er framtak i han. Trass i motgangen han innleiingsvis opplever i sitt nye heimland, let han seg ikkje knekke. Han livnærar seg som kelnar, seinare DJ. Takka vere sin heldige utsjånad, får han oppdrag som modell. Den same heldige utsjånaden gjev seg óg – naturleg nok – utstrekt merksemd frå kvinner. Ein dag treff han Christine, kjeksfabrikkarbeidarske og fotballspelar for eit lokalt andredivisjonslag. Christine har fotball i blodet: onkelen hennar er Helmut Rahn, som scora sigersmålet i finalen mot Ungarn då Vest-Tyskland vann sitt første VM-gull i 1954. Dei slår seg ned i den belasta bydelen Wedding, ein betongjungel tett inntil Muren. I 1983 får dei sitt første barn i lag, ein gut dei kallar George. Fire år seinare kjem Kevin-Prince til verda. Men livet som etablert familiefar vekkjer ei uro i Prince sr., og han forlet Christine til fordel for ei anna kvinne, Martine, flyvertinne for British Airways. Martine vert mor til Jerome, men før guten fyller fem skal den rastlause far hans ha forlate henne óg.

George og Kevin-Prince veks opp i Wedding, Jerome i betydeleg meir velståande Wilmersdorf. Dei utmerkar seg alle i unge år som talentfulle fotballspelarar. I tillegg til grandonkel Helmut, har dei eit førebilete i heimlandet til faren, kor Prince sin yngre bror Robert er stjerne for storlaget Asante Kotoko. I 1997 debuterar han for landslaget og signerer for… Rosenborg. (Han får ti førstelagskampar i løpet av fire sesongar i Trondheim.) Samstundes etablerer brørne seg hjå akademiet til hovudstadens fotballflagskip Hertha. Eldstebror George vert vurdert som det aller største talentet, men utanfor banen er han diverre ikkje noko førebilete. På gata i Wedding er namnet hans kjent og frykta. Ser du George kome din veg, er det tryggjast å stikke. Han hamnar i dårleg selskap, kjem i trøbbel med lova. Medan dei to yngre brørne held fram i Hertha og stadig utviklar seg, må George tilbringe tid i ungdomsfengsel. Faren fortvilar, men kan ingenting gjere.

I 2005 debuterer Kevin-Prince på førstelaget til Hertha. Året etter mottek han Fritz-Walter-medaljen som den mest lovande U19-spelaren i Tyskland, før han signerer for Tottenham og legg av garde på sitt første utanlandseventyr. Jerome etablerar seg på laget i 2007, men etter berre ti førstelagskampar forlet han Olympiastadion til fordel for HSV. Der vert han ryggraden i eit lag som kjempar nær toppen av Bundesligatabellen og når semifinalen i Europaliagen 08/09. Kevin-Prince får det ikkje til på White Hart Lane. Han vert utlånt til Borussia Dortmund, seinare seld til Portsmouth, kor han omsider skal få sitt store gjennombrot. Før den tid vert hans person dog gjenstand for betydeleg kontrovers.

Begge brørne har sidan unge år spelt aldersbestemt landslagsfotball for Tyskland, og begge har imponert. Før U21-EM 2009 oppstår imidlertid ein konflikt mellom den eigenrådige Kevin-Prince og det tyske fotballforbundet. Han vert kalla inn til troppen av trenar Horst Hrubesch – helten frå Vest-Tysklands EM-triumf i 1980 – deretter vraka i siste sekund, offisielt på grunn av skade, uoffisielt fordi han er ei  bråkmakar som nektar å underordne seg systemet. Med Jerome på laget vinn Tyskland turneringa i Sverige. Kevin-Prince er glad på broren sine veigner, men har ikkje tenkt å verken tilgje eller gløyme audmjukinga han sjølv er påført.

Jerome får sin A-landslagsdebut av Joachim Löw i oktober 2009. I desember vert Tyskland trekt i same VM-gruppe som Prince sitt fødeland Ghana. I England fører Kevin-Prince ein livsstil prega av raske bilar, tatoveringar, og mange og lange festar, som hadde han til hensikt å leve opp til alle klisjéar som finst om unge Premier League-stjerner. Han har ikkje hatt kontakt med faren på fleire år, men ved nyårstider tvingar kjærasten han til å ringje heim, og dei vert forsona. I mai les Prince i avisa at Kevin har takka ja til å spele for Ghana. Jerome har hatt nok ein god sesong i HSV, er på veg til hardtsatsande Manchester City, og bankers i den tyske troppen. Faren skjønar at sønene kjem til å møtast i VM, og veit ikkje kva han skal tenkje.

Portsmouth har sensasjonelt spelt seg fram til FA-Cupfinalen. Der møter dei Chelsea, med Tysklands lagkaptein Michael Ballack på laget. I sin siste kamp i England tapar Kevin-Prince og Portsmouth, men i fødelandet er ein meir opptekne av at han skadar Ballack gjennom ei hårreisande takling. Det vert raskt klart at veteranen vil miste VM. (Han spelar aldri for landslaget igjen.) Media og fans er rasande, Tyskland-sjef Löw uttalar seg kritisk om taklinga, og Jerome støttar han. Då dei var barn, var Kevin-Prince det store idolet til Jerome, og han var med på alle viltre sprell storebroren tok initiativ til. No, få veker før VM, er dei ikkje lenger på talefot. George, som har lagt den vanskelege ungdomstida bak seg, gifta seg med ei kurdisk kvinne og vorte far til to barn, freistar å ta på seg rolla som meklingsmann, utan hell.

Talrike brødrepar har deltatt i VM. Fritz og Ottmar Walter. Bobby og Jackie Charlton. Jostein og Tore Andre Flo. Victor og Vyacheslav Chanov – begge målvaktar, begge reservar for Rinat Dasajev i 1982. 23. Juni 2010, framføre nær 90 000 tilskodarar på Soccer City i Johannesburg, skapar Jerome og Kevin-Prince likevel fotballhistorie. Aldri før har to brø spelt mot kvarandre i eit VM-sluttspel. Jerome startar kampen som venstreback, Kevin-Prince spelar sentralt på midtbanen. Erstattaren til Ballack, Sami Khedira, har spelt aldersbestemt fotball i lag med Kevin sidan dei begge var 15, og kjenner han ut og inn. Han nøytraliserer den vordande Milan-spelaren. Tyskland vinn kampen 1-0. Seinare når dei semifinalen etter storsigrar over England og Argentina. Khedira spelar glimrande. Tyske fotballkjennarar byrjar innsjå at Kevin-Prince truleg gjorde laget ein teneste då han skada den aldrande, temposvake Ballack. Kanskje innser Jogi Löw det same, men han vedgår det, naturlegvis, aldri offentleg. Det ghanesiske eventyret tek slutt i kvartfinalen, Luis Suarez handsar på målstreken og Uruguay vinn på straffekonk.

Etter VM legg brørne alle konfliktar bak seg, og tek opp att kontakten. Jerome lukkast ikkje heilt i Premier League, og returnerer til Bundesliga året etter. Der vinn han etter kvart alt som vinnast kan som nøkkelspelar for Bayern München. Kevin-Prince imponerer i Serie A, og vinn ligatittelen på første forsøk. Likevel – han har ikkje mista sitt særmerkte talent for kontrovers. I 2011 trekk han seg frå vidare landslagsspel, til irritasjon for mange i Ghana. Han går glipp av to afrikanske meisterskap, i tillegg til storparten av VM-kvaliken, men returnerer før play-off-kampane mot Egypt. Ghana vinn enkelt 7-3, innbytar Kevin-Prince scorar det siste målet i Kairo.

Dei første kampane i VM i Brasil byr på kontrastar for brørne. Tyskland vinn enkelt 4-0 over Portugal, og høgreback Jerome har full kontroll på ein frustrert Cristiano Ronaldo. Kevin-Prince startar kampen mot USA på benken. Amerikanarene tek leiinga før eit minutt er spelt, men Schalke-strategen må vente ein heil time før han kjem inn. Ghana dominerer, og utliknar, men kort tid før slutt scorar USA sigersmålet etter ein corner. Målscoraren heiter John Brooks. Liksom brørne Boateng er han født og oppvaksen i Berlin og har gått gradane i Hertha. Ghanesarane må riste av seg eit bittert nederlag. Kampen mot Tyskland vert avgjerande. Men Kevin-Prince kan ikkje forvente milde gåver frå veslebror. Før VM i Sør-Afrika spurte Die Zeit Jerome kva han ville gjere viss broren var på veg mot mål og han var den einaste som kunne hindre han i å score: «Eg vil freiste å takle han reint», svarte han, «men om naudvendig, legg eg han i bakken».

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.